Klokka er 19.10, og ikkje veit eg kvar dagen har blitt av -eller kanskje eg gjer det?
Temperaturen er + 9 grader C, det er grått,vått og surt. Vi fyrer i omnen og held ut i håpet om at veret skal betre seg.
Sov godt og lenge i dag tidlig. Og etter litt småryddin etc. i heimen, var vi på ein liten tur. Først bort i Rystefeltet og leita opp huset der Hassan bur. Han skulle ha eit par "røde" dvs. uer.
Etterpå var vi ut på Rjåneset for å sjå etter båten, og sjekke om båtplassen vår er klar til bruk.
Mens Nils styrte med det, gikk eg ein rask tur ut-og inn "handikappstigen". Der møtte eg ein mann som dreiv og fiska frå land, og spurde om han fiska makrell. Det viste seg at han var hollender og snakka engelsk. Det blei ei litt underlig samtale i og med at vokabularet mitt når det gjeld fiskeri er relativt begrensa. Det var rett før eg sa at mannen min var" in the heaven" når eg meinte hamna, heldigvis stoppa eg i tide. På returen kom han og viste meg ein lyr på storleik med ei sild og spurde kva fisken heitte. Eg innbiller meg at eg fekk lært han eitt og anna om fiskeri, vindretningar, flo og fjære osb.Teoretisk sett veit eg ein del om slikt-men det engelske vokabularet mitt var noko mangelfullt når det gjeld emnet.
Vi kom heim til ferdig middag, dvs. restar frå fredag, så det vart til og med dessert. Etterpå somna eg på sofaen med lydbok, sov i det uendelige. Kva anna kan ein gjere i slikt ver? Vi er spente på korleis det blir tysdag og onsdag når vi skal på pensjonisttur til Smøla. Då bør det helst vere litt betre enn dette.PS: Ser at fleire bloggar har forsvunne frå lista mi, utan at eg har sletta dei.Det er så mykje rart som skjer her på laptoppen.Viss du ikkje finn att bloggen din på lista, kan du gjerne sende bloggadressa di.
2 kommentarer:
Det er meldt fint ut i veka. Olaug kjem att frå Lillehammer i kveld. Håper dei har hatt betre ver!
Finevêret kjem forhåpentlegvis til ferien!
Legg inn en kommentar