lørdag, september 03, 2011

Vermelding 3.september -2011.

Klokka er blitt snart halv to utan at det har hendt så mykje. Ute er det overskya, litt regn og + 15 grader C.
Vi var ein tur nedover, for eg måtte ha ei reservebok til helga. Fann ei heilt ny bok av Arnaldur Indridason som heiter Anger. Den Jan Mehlum -boka eg held på med, er lettlesen og går fort unna; fekk lese mykje i går under fotballkampen. No tenkte eg å rippe boka mens Nils var ute for å fikse noko på båten, men så får eg ikkje i gang maskina. Må som regel slå den av og på ørten gonger før den virkar. Somme tider virkar den med ein gong. Trudde den var i orden etter at den blei blåst rein for støv, men nei!
Skulle lage Taco til middag, tenkte eg, og tok fram den ferdigkrydra tacodeigen som eg kjøpte på tilbod. Så viser det seg at det er svin! Eg plar bruke karbonade e.l. til taco, så dette lovar ikkje bra. Kjøttbollane som eg kjøpte på tilbod var heller ikkje noko å skryte av. Heretter skal eg ikkje vere så snar å bite på tilboda. Det er i alle fall lurt å sjekke litt meir nøye  kva som er i pakkane. Hallo! Vi er to menneske her i huset, og vi har råd til å kjøpe noko vi likar. Dessutan et vi "gratis" fisk ca 5 dagar i veka.
Har ingen særskilde planar for helga, men mandag startar arbeidsåret opp att, med styremøte i pensjonistlaget.
I dag kan vi gratulere Kristine på Eid med 11-årsdagen!

5 kommentarer:

solveig sa...

Eg kjøper ikkje coop kjøtkaker, karbonadar eller kjøtbollar. Kjøtkakene greidde eg rett og slett ikkje å svelgje, og eg et det meste.

Besta sa...

Det var omtrent slik med meg og kjøttbollane, men så hadde vi veldig god saus...

solveig sa...

Eg kjøpte nokre av dei andre tilboda. Men tacokjøtdeig hadde dei ikkje, var den grei?

Besta sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Besta sa...

Måtte slette kommentaren p.g.av for mange skrivefeil. Nei,tacodeigen var ikkje mykje å skryte av. Eg kjøper helst karbonadedeig når den er på tilbod.Denne måtte eg krydre i tillegg etc.

Dagbok :Julaftan 2024

                                         Kvit jul i vinduskarmen Julaftan kl 22.54. Eg kom nettopp heim frå Hareid, der eg har vore i kveld....