Klokka er no 22.15,temperaturen er +16 grader C og det har slutta å regne.
Det meste av dagen har det bøtta ned, så eg håper at himmelen har tømt seg. Vi har for det meste vore inne, med avbrot av eit par turar på butikkar. Nils og eg var innom Storsenteret på sein ettermiddag, men kjøpelysta var ikkje på topp. Såg ikkje noko somfrista meir enn vanlig.
Elles har vi hatt pasta carbonara til middag. I dag var det Rasmus som var kokk. Eg har meldt meg frivillig til å steike kveite på søndag. I morgon er det planen at vi skal grille, så sant det ikkje regnar. Vi var med å lage til uteplassen for mange år sidan, men vi har aldri vore her i grillver.
Rosene stod så fine i går då vi kom, i dag såg dei litt halvdrukna ut.
Elles kosar vi oss veldig med dei tre kjekke gutane- og foreldra.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024:12.mai
Klokka er no 18.45, temperaturen ute er ca 20 grader C, det er delvis skya og sol. Eg trudde det var heller kjølig på føremiddagen då eg to...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
2 kommentarer:
Det viktigaste er no å vere i lag, men eg hade unnt dykk finever. Her har det høljregna i kveld. Elles hadde vi fint reisever med ca 16 grader og for det meste opphald.
I dag har vi hatt det så varmt at eg har vore glad for skyene. Pappa og Rasmus jobbar med ei fururot som dei vil ha opp.Har mine tvil. Seinare skal vi grille......
Legg inn en kommentar