Klokka er 15.00. Temperaturen er + 8 grader C, og det er litt vind innimellom. Det vore litt sol før i dag, men det skyar meir og meir til. Det viktigaste for oss er no at snøen tinar.
Vi var ein tur nedover på Amfi og handla før middag. Der trefte eg to tidlegare kollegaer som eg prata med.Det var lenge sidan eg hadde sett dei. Kjekt.
Då vi kom heim steikte vi sei og, eg laga yndlingsretten vår, som vi kallar "søndagssei". Feilen er at vi et oss overmette! Seien er berre så god før han har vore i frysaren ! Skal lage litt fiskekaker også, men det blir ikkje i dag. No skal eg legge meg ned på dagsenga mi og "lese".
Det som skjer i Japan, er berre så tragisk at eg maktar knapt å tenkje på det. Og dei veit kva stråling er!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
1 kommentar:
Ein burde puuse støv av gamle buttons! Eg hadde "Nei til atomvåpen" på sekken min i mange år. Øystein hadde "Nei til atomkraft" også. T-skjorta med "Nei til atomvåpen" har eg pussa sølv med ...
Legg inn en kommentar