Mange kjenner boka Saras nøkkel. Eg las den utan særlig entusiasme. Her er ei ny bok av samme forfattaren, men den er heilt annleis. Saras nøkkel hadde i alle fall ei litt spennande historie, det har ikkje denne.
Boka var lett å lese, men det er vanskelig å skrive om den. Kort sagt handlar boka om ein parisisk overklassefamilie og det som skjer der.Eg siterer frå omslaget: "Bumerang er en gripende roman om hvordan taushet og fortielser kan holde en hel familie i en skrustikke, men mest av alt er det en historie om kjærlighet og tilgivelse-og mot til å konfrontere sannheten".
Eg får bruke yndlingsuttrykket mitt: "Boka handlar,som alle bøker, om livet og døden, kjærleiken og havet." Beklager, men særlig gripande var det ikkje etter mitt syn, heller eit langdrygt ordgyteri.Har ikkje googla boka, men det kan de gjere om de vil vite meir.
2 kommentarer:
Eg held på med CD 3, og så langt er den ein opptur frå førre bok.
Boka er ikkje direkte DÅRLIG, berre nokså uinteressant.
Legg inn en kommentar