lørdag, januar 02, 2010

Vintervegen heim.



Å reise i så vakkert vinterver  som i dag er ei oppleving i seg sjølv.Og når ein kan køyre rett om bord i ferja både på Fodnes, Anda og Folkestad, kan det ikkje bli betre.Då vi reiste nedover fraus vindusspylarvæska, men no hadde vi fylt på ei som tolte kulden betre.
Og kaldt har det vore i dag,derfor vart alle bilde tekne frå bilsetet og framover.Frontruta var ikkje heilt rein, så kvaliteten vart deretter.
Her er litt om temperaturane vi opplevde -vi var ikkje ute andre stader enn på Gol altså.Mosjonerte litt innandørs på kjøpesenteret.
Kongsberg hadde minus 12 grader, då vi reiste derifrå klokka 10.30. På Gol var det minus 21 grader klokka 13.30.
Då vi nærma oss Hemsedal var temperaturen nede i minus 28 grader, på fjellet varierte det frå minus 22-26 grader. I Lærdal var det frå 21 grader og nedover. Her i Starevegen var det minus 10 ute då vi kom heim.Inne var det pluss 13 i stova der vi hadde varmepumpa på. Ikkje direkte varmt, men blomstrane hadde i alle fall overlevd.
Vi har hatt ein fin tur på alle måtar, til tross for at eg har problem med å sitte så lenge i bilen. Den prisen betaler eg gjerne.
Det ER langt å køyre på ein dag, men når ikkje sjåføren klagar,så skal ikkje eg gjere det.
Dessutan har vi gjort det så mange gonger at det har blitt rutine. Det er eit styr å legge seg inn på hotell for å dele opp turen også.
Takk for koselige dagar til familien i Kongsberg.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Håper de har fått fyr i omnen... Velkomne heim!

Besta sa...

Faren din hadde lagt i omnen før vi for, så det var berre å sette fyrstikka borti.Men det tek si tid før det blir VARMT

Hildegard sa...

Godt å lese at det gjekk fint på turen. Fint at det har vore stabilt fint ver.

Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag

 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. kvit jul er det i alle fall...