Heilt sidan tidleg i vår har eg vore på jakt etter sommar-gardiner til stova,utan å finne noko som fall i smak. Sidan eg må ha seks lange lengder, må ein liksom tenkje seg litt om også.No er sommaren på hell, og eg fann ut at det var på tide å legge tanken om nye gardiner på hylla. Så vart det til at eg vaska dei 8 år gamle tjukke offwhite - gardinene enno ein gong, strauk dei og hengde dei opp. Mykje arbeid, men eg var vel fornøgd då det var gjort! Gardinene er av god kvalitet og held minst ein vinter til. No har eg begynt å lure på om eg ville ha nye, berre for å sleppe å vaske( og stryke) dei gamle?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 14.mai
Desse tulipanane har eg planta sjøl og dei har stått i beddet ved garasjen i mange år. Dei har ein nydeleg raud farge, ikkje knallraude som ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
6 kommentarer:
Det er no fint med kvite gardiner då! Og reine!
Ikkje at dei var direkte skitne, men dei vart finare etter vask.
Alltid kjekt å få gjort noko som viser igjen. Du har alltid vore ei dyktig husmor. Som du veit er ikkje eg så flink med slike ting, men i vår måtte eg berre ta stova i og med at vi skulle ha konf. Ø. S.I. måla taket i begge avd., det hadde gulna mykje. Sommargardiner har eg aldri hatt - trur eg. Vaska "tyllgardinene", dei held ei stund til. Dei andre lufter og rister eg ein gong i året, tør ikkje vaske dei så ofte for då taper dei farge.
Eidabesta
Eg synest faktisk at gardinene våre har blitt finare etter kvar vask fordi dei blir kvitare,dei var nærmast ecru-farga til å begynne med. Men eg har lyst på noko lyst og lett til sommargardiner, det blir mykje TØY med så mange lengder.Kjekt å få gjort NOKO når ein greier så lite.
No fekk eg ei påminning om at blondegardinene på kjøkkenet vårt treng ein vask. Bianca likar å legge seg under dei og "leike brud", så dei held ikkje seg så lenge.
Gratulerer med litt av ein jobb unnagjort. Å vaske og stryke gardiner er ikkje akkurat det kjekkaste eg veit. Gardinene dine ser fine ut dei. Det er ingen vits i å kjøpe nye når ein ikkje finn noko ein er heilt nøgd med, og særleg når ein skal ha så mange meter med stoff. Det er jo litt av ei investering!
Legg inn en kommentar