BESTA
torsdag, januar 22, 2026
Dagbok 2026: 22.januar
onsdag, januar 21, 2026
Dagbok ;21.januar 2026
I dag har det vore ein dag litt ut om det vanlege for meg, det har til dømes vore sol ei lang stund, men då var eg ikkje her heile tida. Det første eg gjorde etter at eg var ferdig med "morgonstellet" var at eg køyrde bort i Furene og henta pakken frå Rasmus. Den var litt større og tyngre enn eg hadde forventa, men eg greidde fint å bere den ut i bilen sjølv. Det var berre det at eg syntest at ein ung, sterk mann som ekspederte meg kunne tenkt seg å bere ut pakken for meg. Hadde han vore utlending hadde han gjort det. Eg køyrde beine vegen heim, for eg hadde tekt meg på "Allsong for eldre" på Bakk-Ola. Dei har endeleg kome i gang litt på "eldresenteret" etter at det har vore stengt minst 1år.
Det var Janne som skulle vere forsangar og lede møtet, og Marit skulle vere med.Eg kunne ha sete på med dei, men eg valde å køyre sjølv i tilfelle eg fann ut at det var noko meir eg skulle gjere.
På Bakkola vart eg sittande i lag med Brita og Marit, vi tre var i lag på treninga også. Brita er frå Olden og Marit har kjent henne lenge. Eg lurte på om Marit greidde å vere der så lenge og det gjorde ho. Janne var veldig flink, ho song og spelte sjølv og til allsongen, det varte ca 2 timar eller meir. Der var mykje gammalt folk og mange kjende eg no, men eg kjende vel ikkje att så mange.
Der var ope i kafeen så vi fekk kjøpt oss mat og kaffi. Eg har liksom kome utanfor alt og alle sidan eg ikkje går så ofte på pensjonistmøte lenger. Eg synest ikkje det er kjekt å fare på Rjåneset på møte. No synest eg at eg er altfor lite i lag med folk, eg har no treninga, men der er vi ikkje så mange.
Etter at eg kom heim att laga eg meg litt mat før eg sette meg inn til TV-en. Der var TRUMP sjølvsagt, og med mange "gode" planar for alle land, han skal fikse det meste og mykje har han alt gjort. FOR ein type, men no er eg ikkje så redd han lenger.
No har eg sett på ein klesvask, men her er rotete og her trengst både vask og støvsuging, eg får sjå kva eg får til i morgon og fredag, i dag har eg sett på ein klesvask. Det er litt husarbeid som må til sjølv om eg bur åleine. Det er den vonde armen som gjer at eg ikkje har halde så god orden, og armen blir visst ikkje så mykje betre etter kvart-ja, kven veit.
Eg har ikkje pakka ut printeren, tenkte å få med meg Helge eller Erlend eller begge to, så eg ikkje gjer noko gale.
tirsdag, januar 20, 2026
Dagbok 2026: 20.januar
Jula er ikkje heilt slutt her i huset
Klokka er no 16.30, Temperaturen ute er +2 grader og det regnar litt. Heilt greit så lenge det ikkje kjem snø.. Sist natt sov eg veldig dårleg , trur eg var vaken kvar time heile natta. Eg hadde sete og sett på TV og høyrt på planane til TRUMP, så eg var redd, redd for at det skulle bli krig snart.
Det er visst andre også som har blitt skremde for i dag driv dei og "trøstar" oss på TV, og seier at TRIUMP ikkje kjem til å gå til krig på Grønland t.d. Så no er eg litt mindre redd. Eg hugsar mamma då ho var gammal og hadde fått seg TV. Ho såg aldri "Kveldsnytt" når ho var åleine og ikkje hadde nokon å snakke med om det som hende. Trur eg må slutte å sjå eg også, for eg er no ikkje heilt på topp etter slike netter. Eg var i alle fall veldig trøtt på treninga i dag.
Men eg hadde fått melding om at printeren som Rasmus hadde kjøpt til meg skulle kome til EL-butikken i Furene i dag, så eg for rett bort dit sjølv om eg tenkte at det kanskje var litt tidleg. Det var det no, men bilen som hadde med printeren var komen, det var berre det at dei ikkje hadde tatt ut varene, så eg måtte kome att seinare. Han som eg snakka med skreiv ned telefonnummeret mitt og skulle ringe. Men eg fekk inga melding frå han, eller kanskje eg ikkje har høyrt telefonen, så eg var ikkje bort igjen i dag. Får sjå i morgon. Pakken min er der, for det har eg papir på.
Eg handla ikkje i dag, men eg fekk endeleg bestilt meg frisør. Eg skulle no klippe meg før jul. men då var der ikkje ein ledig time.NO skal eg klippast 2,februar.
Eg var som sagt veldig trøtt i dag, så eg har ikkje gjort så mykje til nytte, og i morgon skal eg kanskje vere med Marit på Bakk-Ola, Dei har begynt med kafe der igjen og vi håper det skal bli ein treffstad for oss eldre, slik det var, meir og mindre, før. I morgon er det allsong med Janne. Eg får sjå kva det blir til, men eg må i alle fall hente printeren først
mandag, januar 19, 2026
Dagbok 2026:19.januar
Klokka er no17.07, temperaturen ute er +4 graderC , det er overskya og regnar litt-kanskje , det er framleis is og snø på tunet så eg brukar helst piggsko når eg går ut, men eg strør litt småstein etc. innimellom .
I dag før middag kom eg meg endelig på butikken og fekk kjøpt litt matvarer etc. Eg er framleis låk i handa så det er ikkje så mykje eg får gjort eigentleg, men no er eg så å seie ferdig meg å ta bort julepynten, men plutseleg kan eg få auge på ei attegløyme i form av stearin etc.
Eg får ikkje gjort alt eg vil, på grunn av handa, men i morgon skal eg på trening og etterpå skal eg i Furene og hente pakken med den nye printeren. Eg er litt irritert over at det ikkje kan vere fleire butikkar her i sentrum, men kanskje det kjem seg når dei no byggjer ut på ALTI?
Marit er komen heim att frå sjukehuset, og i dag var eg oppe hos henne ei stund så vi fekk prate litt om diverse, slik vi plar.
Då eg kom heim att sette eg på TV-en for første gong i dag. Eg vegrar meg for å høyre nyheitene, men eg må no det. Skal seie dei får prøve seg no alle som styrer landa og rika. TRUMP er no eit stort problem for nesten alle. Endå han har fått fredspris ! Eg har ei løysing på problema, men den er dessverre ikkje lovleg.)
Eg skulle gjerne hatt nokre fineversdagar no, for då hadde vi fått sett sola.
Bilda tek eg frå trappa, så eg slepp å gå ut.
søndag, januar 18, 2026
Dagbok 2026: 18.januar
Klokka er no 17.44, temperaturen ute er +3graderC , det er overskya , og kanskje regnar det litt.
Eg sov godt sist natt når eg endeleg sovna, eg søv så mykje betre no når eg ligg på datarommet, for her får eg vere heilt åleine. Eg sat ei stund og såg TV på føremiddagen , før eg tok på meg piggsko og gjekk ut ein tur. Det er kanskje litt tungt å gå med piggane ute, men ein gå så mykje tryggare. Eg gjekk opp Storebakken, som vanle, men då eg skulle gå ned Fonnavegen såg eg noko som eg ikkje såg sist eg gjekk der.
Nemleg at all skog mellom Fonnavegen og Mosmarka var borte så no vart der ei anna utsikt. Nils og eg snakka ofte om at skogen langs vegen der skulle vore fjerna meir og mindre, men no hadde dei fjerna nesten alt. Det eg lurer på no er om dei legg ut tomter til hus e.l. Men eg meiner der er fonnfare?
Då eg kom heim laga eg meg litt mat før eg sette på TV. Eg likar ikkje å sjå nyheiter etc, for eg blir så sint og lei av TRUMP.
I dag kom eg til å tenkje på eit dikt om Napoleon, som også ville herske over alle andre. Bjørnson sit dikt slutta slik: "Med seier frå Moskva til Cartagena, han dør dog ensom på St.Helena " (Då var han berre 52år gammal). Trump er no snart 80, så han skulle ha fått betre vit. Han uttalte no sjølv at Biden var for gammal til å vere president då han var 80. Eg skulle ikkje gå å tenkje så mykje på Trump og Co, men så snart eg set på TV så er dei der. Og eg synest det er berre krig og elende over heile verda.
I dag fyller Håkon 32 år, trur eg det var. Eg hugsar så godt då han blei fødd, for då hadde eg skule i idrettslaget sitt hus, fordi der var vass-skade på Velle skule. Så eg fekk vite onm fødselen i telefonen på kontoret på idrettshuset. Slike bagatellar kan ein hugse i årevis. Men det var veldig vinter det året med mykje snø og is. Det har vi ikkje hatt i år-ikkje enno i alle fall.
Frå Fonnavegen til Mosmarkalørdag, januar 17, 2026
Dagbok 2026: 17.januar
No er klokka 17.52, temperaturen ute er så vidt under 0, det har vore fint og klårt ver i dag, og eg fekk sjå sola inn på stova ei lita stund, så no er det håp om ein ny vår.
Eg har vore åleine heime i heile dag, eg hadde tenkt meg på butikken, men slo det frpå meg, eg tenkte på å gå ein tur, men det vart ikkje noko av. Eg var i grunnen så trøtt av ein eller annan grunn. Men eg laga meg middag og åt, Etterpå vart eg enda trøttare så eg la meg på dagsenga og sovna.
Ei lita stund etter at eg hadde stått opp igjen ringde telefonen, og det var Bodil som kunne fortelje at systra hennar stod utanfor døra mi og ville inn. Det var veldig kjekt å få besøk, men ho skulle eigentleg til ei venninne i Olavsgata ei stund etterpå. Men det var no kjekt å treffe henne, ho var her i fjor også, då gjekk vi tur på Fonnvernet i lag..
Den vesle middagsblunden gjorde godt for no er eg ikkje trøtt lenger, eg kunne ha gått tur no, men det er ikkje så kjekt når det er mørkt. Her er lite gatelys øvst på Vallabøen. Men eg kan sette på TV-en for den har ikkje vore på i dag.
I dag før middag i 20 tida fekk eg sola inn på stova, eg plar seie at sola kjem på fødselsdagen til Håkon,men han fyller ikkje år før i morgon. NO skulle eg vere såpass vaken at eg held kvelden ut. Eg har ikkje hatt på TV-en i heile dag, så mykje kan ha hendt utan at eg veit det.
fredag, januar 16, 2026
Dagbok 2026: 16.januar
Klokka er no18.53, temperaturen ute er +1 grad, det er overskya og litt regn innimellom. Eg stod ikkje opp så veldig tidleg i dag , men eg visste at Margrete skulle komme på besøk. Då ho kom vart det kaffi og rester av julekaker. Erlend kom innom også, men han måtte fare etter ei stund, for han skulle på spelejobb.
Margrete og eg tok ein tur på ALTI, var innom butikkar og Margrete fann noko ho skulle ha. Eg skulle ikkje ha noko, så eg var berre med. Vi hadde også avtalt at vi skulle ete middag på kafe . Så i dag vart det middag på ALTI, det var ein bra porsjon, men vi klarte å ete opp maten vår i dag også.
Det er kjekt for meg å komme ut blant folk for eg går no mykje her åleine, men eg likar det også. Men no skal dei visst blåse liv i "Bakk-Ola" -det kan igjen bli møteplass for eldre, det har vi sakna ei tid.
Marit har vore på sjukehuset nokre dagar, men no er ho heim igjen. Eg går enno med handledsbandasje eller kva eg skal kalle det, eg er altså ikkje bra i handleddet enno, er ikkje heilt bra i armen heller, så eg får ikkje strikke. Fredagsvasken tok eg tilegare i veka, så den slapp eg i dag-
Eg vil ønske alle ei fin helg, og er er spent på om det blir opplett på søndag for då kan vi få sjå att sola.
Dagbok 2026: 22.januar
Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...








