Skjærsminen blomstrar no
Klokka er no 18.22, temperaturen ute er +24 grader, det har vore sol og varmt i heile dag. Eg var oppe før klokka var 7 , og då får eg sol på kjøkkenet og på tunet. Marit køyrde til treninga i dag, og etter treninga var vi ein tur på ALTI før vi handla på Spar.
Eg hadde så smått tenkt meg ein tur på plantasjen i dag, men fann ut at eg kunne ta det litt med ro, så kanskje blei eg litt betre i foten.
Eg sat ei stund på benken oppe hos Marit. Ho passa hunden (Janne er på Island).
Eg åt eit par brødskiver til lunsj -og syntest at eg måtte gjere noko nyttig. Så eg gjekk ut og spyla bilen min og fekk bort måse-skiten. Og så vatna eg heile hagen med slangen. Det er ikkje så travelt, for eg sit på ein stol og held i slangen. Så gjekk eg inn og sat ei stund med lydbok, før eg såg TV. I går kveld var TV-en heilt tullete, så i dag tok eg ut kontakta ei stund, og då eg sette den inn igjen, var alt i orden.
Måtte ha meg ein tur ut og sjå på hagen, kva som blomstra etc. Eg fann litt arbeid også, så det vart no litt gjort i dag også. Eg kan ikkje forstå st det er fredag i morgon, for det har no nettopp vore helg. Og tenk at vi har lagt heile juni månad bak oss, Denne sommarstida går så altfor fort.
Med dei andre rosene er det både og, nokre kjem fint att-andre er eg meir skeptisk til, den første New Dawn-rosa er komen, og det litt spesielle rosetreet eg kjøpte i fjor ser fint ut. Jordbæråkeren ser ikkje ut i det heile tatt, men eg trur der blir mykje bær. No skal eg snart lage med eitkvart som liknar på middag, får sjå kva eg finn.
Det er framleis nydeleg ver ute, men det skal visst komme regn.