fredag, februar 28, 2025

Dagbok 28.februar 2025

Klokka er no 18,41,temperaturen ute er +6grader og det regnar aldri så lite.
Eg kom nettopp heim att frå ein liten tur på Vernet. Eg vil ikkje seie at det regna , men heil tørt var det ikkje. Eg likar å gå tur så pass sein, men då møter eg ikkje så mange.Men der var nokre få i kveld også.
Denne dagen har vore litt sløv. Eg tok fredagsvasken , og sette på klesvask, men elles har eg kava litt med ein sudoku, sett litt TVetc. Det som ergrar meg litt er at er ikkje får til sudokuen. Men eg kjem vel til å prøve meir. Litt seinare skal eg opp til Marit og sjå TV.Eg hugsar nesten aldri kva programmet heiter-The Voice?
Vi synest det er kjekkare å sjå i lag enn kvar for seg.
I morgon ventar eg Solveig på besøk og det ser eg fram til. Eg må vel på butikken å handle litt til helga også. Vekene går så fort , og i morgon blir de nytt bilde på kalenderen og så er det akkurat ein månad igjen til min fødselsdag.Men det er mange som har bursdag før meg. Mange i mars.
Ønsker alle som er inn på bloggen ei god helg-









.

torsdag, februar 27, 2025

Dagbok 2925: 27.februar





Dette var ikkje noko godt bilde, men eg sat der eg sat, utan å reise meg opp, så då vart det berre slik

Klokka er no 18.52 temperaturen ute er + 3 grader og det regnar. Og så er det mørkt ute, mørkare enn eg likte då eg køyrde heim frå pensjonistmøtet, men passasjer. Dei gongane før når eg  har køyrt i mørkret har det vore snø, så då var det heilt greit. Men det gikk greitt i dag også.

På føremiddagen i dag var vi på trening, Marit og eg, men i dag handla vi ikkje.

Møtet begynte klokka 16, så eg hadde ei god stund heime, der eg åt litt og strikka litt etc.

Det var årsmøte i pensjonistlaget, så det var valt nytt styre. Eli slutta som leiar no etter mange år, trur ho begynte året etter meg, og Toril Langlo tok over. Henne kjenner eg godt og ho bur oppe i Storebakken, så er der fleire i styret og alle går på "spansken".trur eg.

I dag fekk vi karbonadar til mat og kaffi. Der var to eldre menn som song og spela mykje og dei var flinke. 

Der var ganske mykje folk og mange eg ikkje kjenner, men eg sat i lag med Malfrid som eg kjenner godt, ho sat på med meg heim. Marit vart ikkje med i dag, men ho var med på treninga. Eg kan ikkje skrive så mykje om dette møtet, det kjem kanskje litt i avisa?

Det er kjekt å komme ut blant folk og det syntest dei andre ved bordet også, så no har eg blitt kjend med fleire. Alle var samde om at vi kjende for lite folk no.

Då eg skulle gå ut kom der ei og stoppa meg og sa meg på namn, det var så lenge sidan ho hadde sett meg, sa ho. Eg aner ikkje kven det var-

I morgon  er det fredag og då har eg ikkje andre plikter enn det er bestemmer sjølv- så då blir det vel litt vasking.


onsdag, februar 26, 2025

Dagbok 2025: 26.februar


 Klokka er no 18.20, temperaturen ute er + 6 grader. det er litt regn, men ikkje så mykje at eg merka det no når eg var ute og gjekk. Det vart litt seint før eg kom meg av garde i dag, bala med å få fyr i omnen. Men no brenn det.

I dag var det spansk igjen, eg synest det går treigt med å lære, og lurte på om eg skulle slutte, men etter at eg oppdaga at dei fleste andre ikkje var så mykje flinkare enn eg, bestemte eg meg for å halde fram. Vi hadde ikkje spansk sist haust, så det var lenge sidan sist vi hadde lært noko særleg. Eg vil oppmode alle som vil lære seg spansk, å begynne før dei er i pensjonistalderen.

Etter skuletimen var eg nedom ALTI for å kjøpe  kalktablettar, eg tek no 2 for dag, og det er legen min som har sagt at eg skal gjere det;100 tablettar kostar no ca 250kroner. Det er ingen ting som er billeg lenger.

Då eg var heime laga eg meg god middag, med pølser, poteter og grønsaker. Det er ikkje kvar dag eg et middag, men eg hadde spekesild i går, og då vart der poteter til overs. 

Elles har eg ikkje gjort nokon ting i dag, og i morgon blir eg vekke det meste av dagen ; først på trening 10-11, og så er det møte i pensjonistlaget frå klokka 16. Eg har ikkje vore på møta siste halvåret eller meir, det er fordi dei måtte ha møta på Rjåneset, men i morgon skal i vere på Kulturhuset her i Vik. Eg veit kven som er den nye leiaren og eg kjenner vel dei fleste i styret.

Det har vore litt rolegare i verda nokre dagar, synest TRUMP har spakna litt-men ein veit aldri...... 

Februar er snart slutt og då begynner vi på vårmånaden MARS, då er det fleire i storfamilien vår som har fødselsdag. Eg for eksempel skal fylle 85 år, men eg kjenner mange som er eldre og "still going strong". Eg kjem ikkje til å feire så mykje. Vi plar stille klokka om  til sommartid -den nærmaste helga etter bursdagen min..Så vi går mot lysare tider .

Enno ein gong fekk eg vetren å sjå for våren å røma!

tirsdag, februar 25, 2025

Dagbok 2025: 25.februar


                        Utsikt mot vest   - 25.februar 2025 kl.17.45

Klokka er no 17.46, temperaturen ute er + 8 grader C, det er overskya men opplett. Det er vel slik det har vore det meste av dagen, opplett men ikkje sol.

I dag var vi på trening, Marit og eg, og handla på heimvegen, som vanleg.

Eg laga meg skikkeleg middag i dag, spekesild med kålstuing, poteter etc.

Eg vaska opp litt og rydda etterpå, sette meg inn for å sjå nyheiter, men sovna visst ei lita stund. Men først hadde eg kveikt litt i omnen. Det skal ikkje så mykje til attåt varmepumpa.

No har eg gått og grunda i fleire dagar  på om eg skal slutte på spansken. Der er komne mange nye som kan meir enn eg, så eg føler meg litt i bakleksa og har ikkje lyst til å jobbe allverda med spansk som eg ikkje har bruk for. Eg får høyre litt med Eli. Det er spansk i morgon; og torsdag er det møte i pensjonistlaget. Eg veit kven som er den nye leiaren og eg kjenner henne godt.

I dag har eg ikkje gått på Vernet,  kneet er bra, men eg treng ikkje å overbelaste det. Eg har no vore på trening ein times tid.

Eg får øve litt meir på spansken og så blir det TV og spøt.

. Dette er feil bilde, det er ei som eg har brukt før, men no får eg ikkje til å fjerne det.


Dagbok 2025: 24.februar


 Klokka er no1820, temperaturen ute ewr +10 grade, det overskya ,men opplett. Eg har nettopp vore ein tur på Vernet. Eg har stort sette sete i ro i heile dag, så eg meiner at kneet mitt toler såpass.

Eg balar med spansken , og har i grunnen lyst å slutte, men så er det litt kjekt også å kome i lag med mange slags folk som eg ikkje har kjent før.Eg har ikkje bestemt meg enno. I dag gjekk heile føremiddagen med  til å få gjort leksa.

Det store funnet i dag var at eg fann att rotskrellaren min som eg leita etter før jul. Den låg i ei skuffe på kjøkkenet , men ikkje den rette skuffa.

Eg sette på ein klesvask og før eg gjekk ut hadde eg kleda i tørketrommelen. Eg har ikkje sett TV i dag og ikkje strikka,men det skal det bli ei råd med. Eg skulle ønske at verda roa seg ned litt og prøver å finne andre løysingar enn krig.

I morgon er det trening, så då må eg relativt tidleg opp. I dag sov eg lenge på morgonen-det brukar eg aldri å gjere.

No skal eg slappe av og ta meg ein kaffikopp -og så blir det nyheiter.


Dette bildet skulle ha vore først, for det er her eg startar turen, går opp den relativt bratte bakken.Her er himmelen i vest  så fin.

søndag, februar 23, 2025

Dagbok 2025: 23.februar

 


Her har eg "arbeidsplassen" min-strikking og spansk i dag

Klokka er no ca 18.00, temperaturen på trappa er ca +10 grader. Eg kom nettopp heim frå eoin tur på Vernet, eg tok sjansen for å sjå om kneet mitt tolte det. Eg kjenner ikkje noko no, så kanskje det gjekk bra.

Vi fekk mykje lekse på spansken sist, så eg beguynte så vidt i går. Men då eg skulle gå vidare i dag, virka ikkje datamaskina. Eg trudde først det var musa, men det var verre enn det, det var full stopp, og då eg sette på TV-en var det gale der også. NMen der kom det opp meldingar om at eg skulle skjekke noko(hugsar ikkje kva det heiter,) men det går på både data og TV. Eg tok ut ledningar og styrte på utan at eg fekk orden på det. Eg sende melding til Erlend, men han var ikkje heime.Til slutt beit eg i det sure eplet og sende bod på HELGE. Det varte ikkje mange minutt så kom bilen på tunet.

Det var ikkje så enkelt å finne ut kva som var feil, han måtte sjekke både her og der,men til slutt fann han feilen, eg hadde aldri kome på det, men vi har ein komponent som ligg bort under bordet ved sofaen, det er ein liten "stasjon" som heng i hop med alle dei andre. Han bala ei stund før han fann ut av det, så det er ikkje rart at eg feila. Der kom veiledningar på Tv heile tid, men når han fann feilen så vart alt i orden på TV-en også.

Å vere ein heil dag utan TV og data, det hadde vore  katastrofe. Eg er avhengigav datamaskin når eg skal gjere lekser.

Men den leksa som vi skal ha, er altfor stor og vanskeleg. Det kjem vel av at vi har fått mange nye på kurset Men eg veit ikkje om eg blir med så mykje lenger.

Eg har vore litt forsiktig med kneet mitt i det siste, har ikkje gått på Vernet, men i dag tok eg sjansen, og eg trur det gjekk bra. Komande veke er det trening tysdag og torsdag; onsdag er det spansk og møte i pensjonistlaget. Så no er det slutt på ferien.

Eg får sjå fram til neste helg for då vil Solveig kome på besøk. 


lørdag, februar 22, 2025

Dagbok 2025: 22.februar


 Klokka er no22.10, og eg var nettopp ut på trappa og sjekka temperaturen. Den var som ei sommarnatt + 10 grader Det har vore ein nydeleg februar i år, i alle fall for oss som ikkje likar kulde.

I dag hadde eg tenkt at Marit og eg skulle på butikken i lag, mehn så vart det til at ho skulle vere med familien sin til Vik. Så eg sette meg til å jobbe med spanskleksa. Eg tenkjer heile tida på at eg skal slutt på spansk-kurset, men eg har på ein måte lyst til å vere med vidare.

Eg skulle atså handle inn litt mat til helga, men der var så mange bilar på KIWI at eg køyrde ned i Vik og handla på SPAR.Det varte ikkje så lenge før eg fekk telefon frå Margrete; ho og Ingeborg ville komme på besøk til meg, og det var no veldig kjekt. Dei kom, og vi drakk kaffi og åt kaker. Ingeborg skal reise tilbake til Oslo i morgon. 

Audun bur også i Oslo, han har fødselsdag i dag. Han vart fødd i OL_året så han vart 35 år i dag. Einar eg også i Oslo og har vore og jobba i NRK ei stund. Men han kjem vel heim att. Eg har ikkje sett han på skjermen , men eg høyrer av og til at han snakkar.

Eg har ikkje gått på Vernet i dag, for eg har eit kne som ikkje er heilt godt. Det er om å gjere at det ikkje blir verre.

Kva eg skal gjere i morgon veit eg ikkje, det kjem litt an på veret. Men blir det regn kan eg gjere spankleksa mi  inne.

                                              Slik er gata vår i kveld

fredag, februar 21, 2025

Dagbok 2025: 21.februar


                                                  Vinterhagen

Klokka er no22.25, temperaturen ute er eventyrlege +11 grader C og det er opplett. Eg har vore oppe hos Marit og sett TV i lag med henne, det har blitt ein vane.

Det har ikkje hendt mykje i dag, og det kan no vere like godt. Eg har vore her åleine og tatt fredagsvask etc. Elles har eg løyst sudokuen i Møre-Nytt  og strikka etc. Eg har ikkje gått tur i dag, for eg må passe på kneet mitt,eg vil helst sleppe slike kneproblem som eg hadde i fleire år- frå og med 2018.

Så blir det at eg sit og ser nyheiter og det er ikkje særleg oppløftande for tida. Eg forstår ikkje at vaksne folk  kan drive med krig, ein må no klare å løyse konflikter på andre måtar !. 

I morgon må eg handle inn litt mat t.d. Kanskje det blir ein tur til Vik. Marit skulle eigentleg vere med, men så skal ho vere med Janne. Eg tek kanskje ein tur bort i Furene viss eg har lyst i morgon.

Det er nesten slik at eg får lyst å jobbe i hagen, I går prøvde eg å rake vekk singel frå plenen oppe ved postkassane, men eg fann ikkje rette riva. 

Komande veke vert det både trening, spansk og Pensjonistmøte, så då blir det nok.

Ønsker alle ei god helg.

Dette er eldste plommetreet mitt og det er slett ikkje så fint å sjå på. Det skulle ha vore klipt av fagfolk, ikkje berre no, men heile tida. Eg klipper det ikkje skikkeleg sjølv for eg er ikkje så flink å klatre i tre.

torsdag, februar 20, 2025

Dagbok 2025: 20.februar

 

Klokka er no 17.37, temperaturen ute er + 10 grader C og det skal komme regn, eg kjende eit par dropar då eg var ute. Og dette skal liksom vere vinter?

I dag hadde eg fridag, for vi skulle ikkje på trening. Eg hadde store planar om kva eg kunne gjere heime, men det vart ikkje så mykje gjort. Eg rydda og tørka støv , strauk litt etc. Og så måtte eg ta ein luftetur før eg  gjekk opp til Marit . Eg såg no litt TV og strikka litt men no er det så vidt eg torer å sjå nyheiter, ein kan bli skremt av mindre.
På Vernet var det ikkje så mykje folk i dag, men der var no  nokre i dag også, men ingen egk jende
Eg var oppe hos Marit ei god stund, og vi har alltid noko å prate om. Og om vi blir tomme, kan vi begynne opp att på begynnelsen.
No har eg laga meg middag og ete, I dag vart det egg og bacon. Det går an det også.





onsdag, februar 19, 2025

Dagbok 2025: 19.februar


 Klokka er no 17-00 og eg har nettopp vore ein tur på Vernet. På bildet ser det om som om her er litt mørkt. Det er her ikkje, men det er vel ikkje så lenge til sola går med i vest. Det er fint ute og temperaturen er litt over 0 grader. FOR ein februar vi har hatt i år!

Eg hadde trudd vi skulle ha fri frå spanskkurset også denne veka, men fekk vite i går ettermiddag at det vart kurs i dag. Og då var det litt av kvart å gjere, eg begynte på "leksa" i går og heldt fram i dag tidleg. Eg skreiv på datamaskina og sette arka inn i ein perm, så det skulle sjå fint og skikkeleg ut. Men då eg kom ned på "skulen" merka eg fort at permen låg att heime. Så eg vart litt hemma  når vi vart "høyrde i leksa". Men vi skal jobbe med noko av det samme komande veke. Eg er ikkje så nøye på om eg lærer så mykje, men eg synest det er kjekt å komme i lag med folk som eg ikkje er  lag med andre stader.

Då vi var ferdige, tok eg ein tur innom Europris og kjøpte grønsåpe. Eg må prøve å få vaska mest muleg inne før det blir hagearbeid ute.

Etter at eg hadde ete noko som skulle vere middag, og sjekka litt på spansken, tok eg turen på Vernet i dag også; på heimvegen gjekk eg i lag med Solveig nabo, som også hadde gått ein runde (eller meir?)

I morgon er det fridag, dvs. eg skal ikkje på trening-for der er det vinterferie. No blir det vel å ta fram strikketøy og sette på TV-en. Eg gruar eigentleg litt for det, det er stort sett krig og ulykker.

Bildet er sette inn her er litt for mørkt, eg veit ikkje kva som gjorde at det vart slik.

tirsdag, februar 18, 2025

Dagbok 2025: 18. februar


Klokka er no16.48,temperaturen  ute er+ 2 grader C, og det har vore strålande sol nesten heile dagen. Det kan ikkje bli finare. Men det var litt kaldt i dagmorgon, så eg fyrte litt i omnen. 

Marit ville komme ned ein tur i dag, for i dag har vi vinterferie dvs. at vi ikkje skulle på trening.Vi har fri på torsdag også. Eg lurte på om det var ferie på spansk-kurset også, men så møtte eg Terje  og spurde han , og han sa at det vart spansk i morgon, så då får eg litt å jobbe med utover kvelden.

Marit og eg drakk kaffi og åt litt kake til, etterpå var det vising av bilde frå dåpen i Bergen. Olaug og Thomas sin vesle gut vart døypt sist laurdag i Bergen og eg har fått mange fine bilde frå seremonien.

Etterpå ville Marit gå ein liten tur ut gata, eg gjekk i lag med henne, men etterpå gjekk eg åleine ein runde på Vernet. Eg møtte ei eg ofte ser der oppe, ein tidlegare kollega, og vi prata ei stund. Vi sa kva vi meiner om TRUMP mellom anna. Ho har ei dotter som bur i NewYork.

Elles har eg vaska og tromla ein klesvask med sengetøy etc. Det er ikkje så godt å få tørka store ting på eit stativ, slik eg gjer med "småvasken".

 No har eg tatt meg litt mat, eg har litt meir husarbeid som eg må få unna, før eg set meg til å snakkar spansk. Eg styrer no litt med språket kvar dag på "Reels and short videos." Det som er litt dumt er at dei der har spansk-engelsk, og ikkje spansk-norsk. Men det er ikkje noko stort problem.

Eg trudde det var slutt på fineveret då det skya over og snødde litt- men så kom sola igjen
FOR ein vinter vi har hatt-til no. Måtte det berre vare.


mandag, februar 17, 2025

Dagbok 2025: 17.februar

 

Klokka er no 16.31,temperaturen er ca. minus 1,Det har vore overskya og litt regn eller snø, men no ser det ut som det blir klår himmel igjen..Eg har ikkje vore lenger enn til garasjen så langt i dag, men eg lurer på å ta ein tur på Vernet, sjølv om eg er frostig.

Sidan eg har ferie denne veka(trur eg) tenkte eg at eg kunne gjere noko nyttig her heime, så eg bestemte meg for å vaske NED på badet, men så var eg lens for grønnsåpe. Eg prøvde med bilvask og det gjekk no bra, men å vaske eit slikt lite rom med så mykje i, det er ikkje enkelt. Eg fekk ikkje gjort det skikkeleg, men fekk i alle fall skifta gardina.

Så laga eg meg middag , samme rett som i går. Pølser og potetstappe i dag også. Eg bryr meg ikkje så mykje om kva eg et, berre det er mat, og eg blir mett. Etterpå har eg strikka og sett TV,

Rasmus har lært meg korleis eg skal få teksta norske program på norsk -og det har funka fint; etter kvart kom det tekst på alle program utan at eg måtte  gjere noko. Men ikkje i dag. I dag var ikkje nyheitene teksta, no på ettermiddagen, og eg får ikkje til å sette på tekst. Kanskje kjem det tekst seinare, men der brukar å vere tekst alltid.

Det er ikkje så kjekt å høyre nyheiter for tida, men ein må no få det med seg. I morgon må eg komme meg til Vik og kjøpe vaskemidlar om ikkje anna, så kan det no hende eg får gjort litt i huset.

Eg tenkte eg skulle gå ein tur i dag, sjølv om eg ikkje likar veret, Det har kome litt nysnø så det er ikkje så fint som det var. 

Eg skriv kanskje litt meir seinare.

søndag, februar 16, 2025

Dagbok 2025: 16.februar


 Klokka er no 18,07, temperaturen ute er +1 grad . Eg har nettopp vore ute og gått ein liten tur på vernet, Eg har vore litt sløv i dag og slappa mykje av, Det er vel fordi eg har fått vinterferie.

I går var det dåp på Trollhaugen i Bergen. Då fekk guten til Olaug og Thomas namnet Tobias.Solveig, Øystein, Einar og Audun var der. Guten er over 3 månader no. Eg har fått mange bilde frå seremonien og ein liten videosnutt også.

Eg har vore heime åleine i heile dag, men det er mi eiga skuld. Eg har ikkje gjort noko særleg vetigt i heile dag. Såg gudstenesta på TV-en, men då sovna eg. Elles har eg sete mykje med datamaskina som vanleg. Og så laga eg middag i dag, det skjer ikkje så ofte, men i dag vart det pølser og potetstappe.Og det blir det i morgon også. Eg synest det er lurt å lage stappe av potetene for då blir dei som regel oppetne.Og det går godt and å varme opp att stappe.

Det var allereie begynt å bli mørkt då eg endeleg kom meg ut på tur. Det vart tur på Vernet i dag også, men berre ein halv runde, for det var alt begynt å bli mørkt, og då skjer det fort.Eg møtte ei som eg har jobba i lag med på Vernet, eg kjende henne att, men hugsar ikkje kva ho heiter. Eg får ete opp dei tablettane eg fekk-utan at eg trur at eg har bestilt dei, så hugsar eg kanskje litt meir. Eg prøde nokre liknande tablettar ein gong før-og dei hjelpte ikkje det slag.No skal eg inn i stova og varme meg, eg fyrer med god ved attåt varmen frå Varmepumpa.





lørdag, februar 15, 2025

Dagbok 2025: 15.februar


 Klokka er no22.13, temperaturen ute er minus 8 grader, men eg syntest ikkje det var så kaldt då eg var ute på trappa..

Dette har vore ein innhaldsrik dag, og no har eg sett MGP , men eg forstår at eg er gammaldags når det gjeld musikk etc.  Eg likte i grunnen best "Boddy socks".

Etter frokost etc. i dag køyrde eg ein tur på butikken og handla inn det er trur eg har bruk for. Då eg kom heim var der melding frå Margrete om eg ville vere med dei på restaurant i dag, og det ville eg sjølvsagt. Avtalen var at ho skulle hente meg her kl.15.

Eg fekk tid til å gå tur på Vernet før den tid, og så gjorde eg nesten ferdig sudokuen i Møre-Nytt før eg oppdaga at der var ein feil.Eg har ikkje greidd å fullføre enno, men eg har ein dag til før løysinga kjem i avisa.

Margrete og Amanda  kom med bil og skulle hente Erlend og meg, men så var kjæresten til Amanda på veg hit i sin bil, så vi venta til alle var med. 

Vi reiste til Volda og fekk nydeleg Kina-mat i eit nytt bygg der der er både restaurant, butikkar og hyblar eller leigeheiter. Det ligg på oppsida av vegen som går til tunnelen viss eg ikkje tek feil, Det var  ein annan butikk der før, men der er ikkje noko no. Vi fekk veldig god mat, eg er no glad i KIna-mat uansett. Det einaste var at der var kaldt inne sidan det var kaldt ute og døra gjekk opp og igjen. Så køyrde vi hit og drakk kaffi etterpå.



Eg vart litt overraska då eg fekk bilde frå barnedåpen i Bergen, for eg trudde den skulle vere i morgon.  Olaug ber guten på bildet og onklane Einar og Audun står til hørgre. Faren til barnet står bak Olaug. Dei andre kan eg ikkje gjere greie for.

Guten av fått namnet Tobias. Det er eit bibelsk namn, men eg veit ikkje kven Tobias i Bibelen var. Det har eg tenkt å finne ut av. Det blir kanskje ei stund til vi får sjå guten her,men Solveig og Øystein var no også til stades i dåpen.





fredag, februar 14, 2025

Dagbok 2025: 14.februar

                                    Snøklokker på plenen, fleire slike.


Klokka er no 16.08 , temperaturen ute er +1grad. Veret er nydeleg, sol frå blå himmel heile dagen, og ikkje altfor kaldt.

For å begynne på dagen kan eg også i dag klage på at eg vaknar så tidleg, prøver å legge meg igjen, men så er det opp igjen, heilt til eg synest det går and å stå opp.Slik var det i dag også, men når klokka har bikka 7, går det and å stå opp sjølv om ein er pensjonist.

I dag er det fredag og vaskedag, eg hadde støvsuga i går og tatt oska ut or omnen, så det var ikkje så mykje å gjere i dag, men så gjorde eg det litt grundig.Eg har trua på å vaske dusjkabinettet med bilsjampo, så det gjer eg.

 
Då eg var ferdig å vaske tok eg ein tur på Vernet, eg var litt låk høgre kneet så eg måtte vere litt forsiktig, men et gjekk runden min og sat på nesten alle benkane, men eg trefte ikkje så mange eg kjenner i dag.

Eg gjekk i postkassa for å hente avisa,og der var det ein pakke til meg. Det var ein porsjon med tablettar men eg kunne ikkje hugse at eg hadde bestilt noko som helst, men det var altså tablettar for å hugse betre. Eg måtte berre ta imot og betale.

Eg har jobba litt med sudokuen i dag, men det ser ikkje ut til at eg kjem i mål; førre helg prøvde eg ikkje ein gong. Men den som kjem i tysdagsavisa løyser eg lett.


Det er så mange som snakkar om fine fjell her og der, og eg har ikkje heilt forstått  det at fjella skal vere så fine. Eg trur det kjem av at fjella på Eid ikkje var så fine, dei kom så altfor nær. No i år har eg endeleg fått augene opp for vakre fjell. Når eg går på Fonnvernet ser eg alltid på fjella, særleg om vinteren. Dette bildet tok eg i dag av fjella i Dalsfjorden, dei er langt borte, men kvite og fine.


Når ein snur seg mot aust ser ein fjella i dalen der, Eg hugsar ikkje no kva fjella heiter. Eg synest vi er heldige som har eit slikt vakkert og fredeleg land å bu i. Men vil det vare? Det tenkjer eg mykje på.

Og så tenkjer eg på det vesle oldebarnet mitt som skal døypast no i helga, håper at det blir ei fin helg for alle.

God helg !


dette boldet fann eg på FB. Det er tatt frå Hovdebygda og bor mot oss. Vi bur nedanfor den vesle toppen Vallahornet framfor Saudehordet som er det høgaste fjellet her. 

torsdag, februar 13, 2025

Dagbok 2025: 13.februar





















 





Klokka er no15.37, temperaturen ute er +1grad, men det har nok vore kuldegrader før i dag. Veret er heilt fantastisk fint med sol heile dagen for oss som bu på solsida.Eg har vore ein tur på Fonnvernet i dag også, og der kjem det mange frå skuggesida og går tur med eller utan hund.

I
I dag greidde eg å ligge i ro til klokka var over 7, men eg hadde god tid før eg skulle på trening klokka 10. Marit var med i dag, men neste veke har vi vinterferie, så då er vi fri. Vi handla litt på KIWI på heimvegen, det var ikkje så mykje eg skulle ha idag.Der var ein mannsom helste på meg og sa namnet mitt og eg ante ikkje kven han var før han begynte å snakk om spansken. Han var med berre fyrste tida.



Då vi kom heim att tok eg meg litt mat og så gjekk eg på Vernet. Der var det strålande i dag. Men det er fint her heime også, så eg tok eit par bilde frå trappa etter at eg hadde ladda opp att telefonen.



Fjella på bildet heiter Nivane-kanskje Knivane, For viss ein ser godt etter ligg dei som knivar iei rad. Det var i desse fjella ei ung dame frå Polen kom vekk for nokre år sidan,. Dei leita lenge etter henne, utan å finne, men restane av henne fann dei etter ei tid.
Det er veldig lite snø i fjella . Der har vore meir men så vart det mildver lenge.
Eg er glad for at eg pussa vindua på stova, for no ser det relativt bra ut når sola skin.

Eg er så glad for at eg har fått orden på PC-en og ny mus, men eg må visst ta skrivebordet fram att, for eg finn ikkje att leningen som eg brukar når eg laddar telefonen. Det er ein ny ledning som eg kjøpte på Clas-den fann eg ikkje men den gamle ledninga , den fann eg no,men ikkje då eg leita etter den. Eg har eit heilt arsenal av ledningar og aner ikkje kvar dei høyrer heime.

Til helga skal Solveig og Øystein til Bergen, då er det barnedåp der. Lille Tobias vart forkjøla, men det går visst bra med han. No kjenner eg at det er litt kaldt her, men eg treng ikkje å fryse; i tillegg til varmepumpe har eg no god ved.





onsdag, februar 12, 2025

Dagbok 2025: 12-februar

 Ja, no er eg her igjen, i går fekk eg ikkje skrive blogg fordi "musa" ikkje virka. No har eg kjøpt ny mus, og den er utan ledning. Helge var her nettopp og sette den på plass.

Eg snakka med ein mann på Spanskkurset som har greie på slikt og han sa at eg skulle kjøpe mus utan ledning  og han visste at dei hadde på Clas, så rett etter spansken gjekk eg på Clas. Musa var ikkje dyr, men no hugsar eg ikkje kva den kosta. Eg skreiv melding til Helge om at eg var heime frå kl.13.30.Det var i grunnen litt dumt for så måtte eg vere heime heile dagen, sjølv om eg trudde at han kom etter arbeidstida. Det var ei øyeblikk så var alt i orden. Litt hadde eg gjort sjølv også, kobla til TV-en for eksempel og trykt inn att ein sikring.

Det er nesten utruleg kor ein kan sakne noko som vi aldri hadde før. Men slik er det. Vi har nye vanar. Eg hadde no telefonen så eg var ikkje heilt avlogga frå samfunnet.

Eg har ikkje vore på Vernet i dag, men det har vore ein nydeleg dag, med blå himmel og sol. Litt kaldare enn eg likar,  ute er det greit, men det var litt kaldt på Ørsta-hallen i dag når vi hadde spansk.

Neste veke fyller læraren vår, Eli, 80 år, så nokon i gruppa hadde kjøpt blomster som ho fekk i dag. Margrete, Ingeborg og Amanda kom og henta Erlend, og så skulle alle på noko, men eg er ikkje heilt sikker kva det var. Ingeborg er heime i skuleferien/vinterferien. Eg trur det skal vere ferie her ,neste veke.

No er  eg i alle fall påkobla igjen og er litt spent på korleis det står til med vesleguten, Tobias, i Bergen.

Det har vore nydeleg ver i heile dag, men kaldare enn vi har hatt det i det siste. Her oppe i bakkane har vi sol frå morgon til langt på dag-ikkje alle er like heldige. Eg har no budd på Melle og hugsar korleis det var der.


tirsdag, februar 11, 2025

Dagbok 2025: 11.februar

Klokka er no 15.18. Eg kom nettopp att frå ein runde på Vernet, og så vil eg skrive blogg før eg tek til med spanskleksa som vi har til i morgon.

I dag vakna vi opp til ein strålande dag, litt kaldt var det, men sola skein.

Sidan det var tysdag skulle vi på trening og i dag for vi ,Marit og eg, i lag i min bil.Etter treninga handla vi litt på KIWI. Då eg kom heim åt eg litt før eg gjkk ut i sola og på Fonnvernet. i dag var der mykje folk og eg snakka med fleire som eg ikkje kjende, ei av dei visste no i alle fall kven eg var , for ho kalla meg på namn. Eg måtte gå forbi 3 benkar før eg fann ein som var ledig, så der sat eg ei stund.

Då eg kom bort på sjølve Vernet, møtte eg ei eldre dame som eg kjenner, ho går også på spanskkurset no. Vi snakka lenge , om spansken også, og mykje anna.

Eg har ikkje dårleg samvit om eg tek litt fri. Slike dagar som dette må ein berre nyte, eigentleg. 

Men eg kan ikkje legge vekk spansk-leksa, så no må eg skjerpe meg litt.

                                                          På Fonnvernet i dag.

mandag, februar 10, 2025


 Klokka er no 16.15, temperaturen er + 4 grader, sola skin og stort betre kan det ikkje bli.

Eg vakna tidleg i dag også, det blei frokost klokka halv 7 i dag. Eg er lei av dette tøvet, så eg må finne ein utveg.

Etter at eg kom skikkeleg klar i toppen, bestemte eg meg for å pusse vindua på stova i dag, Eg vaska dei først med mopp og såpevatn. Eg fekk ikkje spylt dei for hageslange var frosen, så eg heiv no berre litt vatn på. Då eg skulle pusse vindua inne fann eg ikkje "vindus.skinnet" så det vart eit halvhjarta puss med ein klut-men det kan eg lett ta igjen. Eg fann vindusskinnet i oppvaskkummen. Verre var det ikkje.

Då var klokka blitt såpass mykje at eg kunne gå tur på Vernet. Marit gjekk i lag med meg så lenge vi var på asfalten, ho har ein  rullator som ho kan bruke ute også.  Då ho snudde heim, gjekk eg vidare i lag med Marit U, vi gjekk opp på Vernet og der trefte vi fleire naboar, nokre med hund, så det vart litt sosialt i fineveret. Det vart minst EI runde på Vernet i dag.

Då eg kom heim sjekka eg om det hadde tina i hageslangen og det hadde det, Så fekk eg spylt skikkeleg på dei store vindua. Om dei ikkje var heilt som dei skulle , er dei i alle fall godt vaska.

Sola kjem til å gå ned snart, men det er fantask å få slike dagar i februar. For to år sidan var det også slik, det var då eg datt på altanen og skrubba meg opp i ansiktet. Det har eg ikkje gjort i dag.






søndag, februar 09, 2025

Dagbok 2025: 9.februar

 

 

Klokka er no16.10, temperaturen ute er +5 graderC, det er overskya men opplett, eg kom nettopp heim att etter ein tur på Vernet.

I dag har eg vore heime åleine heile dagen utan å utrette noko særleg. Har sett litt TV og strikka aldri så lite- Ja, og så har eg ete Mor Monsen som eg fekk av Solveig i går. Eg har ikkje dårleg samvit om eg slappar av ein dag eller to.

PÅ Vernet møter eg oftast nokon eg kjenner, eller ikkje kjenner,  som eg pratar med. I dag vart eg ståande lenge å snakke med ein mann som eg kjenner,han bur på Vallabøen og eg har hatt dottera hans som elev. Han har vore alvorleg sjuk sjøv og no har sonen kreft. Eg trur han likar å snakke med meg; elles hadde han vel ikkje gjort det.

Og så trefte eg eit ektepar som eg ikkje kjenner, men vi hadde ein samtale om krig og det å ha lager av vatn mat etc. Dei visste kven eg er, trur eg , men eg kjende ikkje dei. Det å snakke med folk ein kjenner, eller ikkje kjenner, har eg stor glede av -for eg er no mykje åleine, men eg likar det også. I morgon og tysdag må eg jobbe litt med spansken, for eg er ikkje heilt a.jour for å seie det mildt.

Sidan eg har ete berre kake i dag begynner eg å få litt salthunger, så eg få sjå kva eg kan rote i hop.



lørdag, februar 08, 2025

Darbok 2025: 8.februar

I dag kleiv sola over Melshornet.


 Klokka er no 19.35, temperaturen ute er + 1grad. Det har vore ein fin dag, med ein god del sol.

Det første eg gjorde i dag var å køyre ned på apoteket og kjøpe medisin.Eg er ikkje sjuk altså, men tek medisinar  for ikkje å bli det. Så var eg inn på KIWI på heimvegen med det samme og handla litt mat.

Då eg kom heim att sjekka eg om kneet mitt var bra nok til å gå tur på Vernet, og det var det, men i dag gjekk eg ein litt annan veg, på nedsida av muren og opp til trappa. Eg trur ikkje det var så mykje kortare-men kanskje. Det gjekk i alle fall fint med kneet, eg har ikkje hatt vondt etterpå. 

Eg tok meg litt mat og sette meg til å sløve i godstolen min-strikka ikkje ein gong, men slappa heilt av. Eg hadde håpa at Solveig skulle komme ein tur i dag, men etter kvart gav eg opp det håpet og gjekk inn på kontoret mitt og skulle skrive på bloggen. Då kom det ei melding frå Solveig at ho ville komme, og eg høyrde bilen på tunet.

Det var veldig kjekt at ho kom så vi fekk prate om alt som skal skje i løpet av våren og kanskje sommaren. Ho hadde med seg blomst også og Mor Monsen-kake. Den ho lagar er spesielt god. Så no skal eg feire morsdag i morgon- at eg er her åleine gjer ingen ting.Om det blir like fint ver då, skal eg ta meg ein tur. 


fredag, februar 07, 2025

Dagbok 2024: 7.februar


Klokka er no 18,16, temperaturen ute er + 2 grader, og vi har hatt ein nydeleg dag med  skinande sol frå  klår himmel.

Margrete inviterte på tur til "Honndalen"- og eg let meg ikkje be to gonger. Veret var fint og sola skein. På Grodås var der ikkje sol, det var vel fjella som kom i vegen. Men vi gjekk på klesbutikk, og Margrete kjøpte ein bluse; eg kjøpte to genserar fordi eg trong det.

Sidan det var så skyggefult ipå Grodås, reiste vi vidare til Stryn og gjekk på kafé. 

I Stryn var det visstnok sol, men også skodde så det vart litt spesielt. Etter å ha labba litt rundt fann vi kafeen som vi leitte  etter. Vi kjøpte god middag med elg-karbonadar poteter og grønsaker. Det var godt og vi vart mette. Kjøpte oss ein kaffikopp, men greidde å stå i mot kaka som vi såg i disken.

Sjølve bilturen var fin i eit strålande ver. Sidan eg køyrer berre korte turar sjølv, er det stas for meg med ein litt lengre tur.

torsdag, februar 06, 2025

DAGBOK 2025: 6. februar

 


Klokka er no 16.56,temperaturen ute er+8  grader, det er nesten klårt ute og tilløp til sol.

Dette har vore ein heilt spesiell dag, så langt. Det første som hende då eg var oppe, var at eg fekk melding om at fysioterapeuten var sjuk, så det vart ikkje trening. Eg vart nesten littglad for at eg slapp treninga i dag for eg er ikkje heilt god i høgre kneet.

Etter frokost sette eg i gang med å rydde i spanskbøkene mine (Skrivebøker) og lage nokre tekstar,- så ringer det ein mann som fortel meg at eg i morgon kunne vinne ein stor prenmie, eg trur det var gratis mat på KIWI for eit år. Etter som han la det ut høydest det ut som om eg alt hadde vunne. Men eg skulle i alle fall vere med på ei trekning i morgon. Men først måtte eg svare JA på ei melding han skulle sende. Då meldinga kom stod der at eg hadde meldt meg på ein tablettkur for hukommelse. Og det hadde eg ikkje gjort -i alle fall ikkje som eg veit om. Så eg skreiv ikkje JA, på meldinga eg sende tilbake.

Eg hadde snakka med Solveig nabo om ved og ho hadde undersøkt med han som dei kjøper av og han hadde meir. Ho var så snill at ho ringde tilbake til han, slik at eg slapp det. Men eg snakka med han etterpå og avttalte tid.

Men så kom eg brått på at eg hadde lova å køyre Marit til fotpleie-og så var klokka mykje meir enn eg trudde. Men vi kom oss av garde til rett tid og eg venta den korte tida det tok. Då vi kom heim att kom mannen med veden ei lita stund etterpå og bar 10 sekker inn i garasjen. Eg har brukt av veden i dag og den brenn og varmar godt. Eg betalte med vipps. Og då har eg namnet hans om eg skulle trenge meir

Så endeleg kom vi oss på KIWI og fekk handla litt mat. Marit synest at eg må køyre henne så mykje, men det gjer eg med glede, for et tek imot hjelp frå så mange at eg synest det er godt å få  GI litt hjelp også.

No har slappa av med strikketøy og TV ei stund-og då eg kom inn her fekk eg melding frå Margrete som spurde om eg ville vere med til Honndalen i morgon. Sjølvsagt vil eg det. Der er ein butikk med mange fine klede til dømes.


                                         Solnedgang klokka 17 i dag

onsdag, februar 05, 2025

Dagbok 2025: 5.februar



Klokka er no 20.23, temperaturen ute er +3 grader C. Det står Temperaturfall på PC-en. Eg har bala litt før eg fekk heil side på PC-en , men eg fann ein veg til sist.

Det har vore ein litt annleis dag i dag. Først av alt stod eg tidleg opp for å bu meg på spansk-dagen.Og så vart det biltur ned til Ørstahallen. Det var kjekt på spansken i dag, med nye elevar som kan litt frå før. Eg hadde ikkje lese godt nok kva som stod i leksa(På FB) så eg var ikkje heilt i mål, men eg fekk hjelp med ein av kompisane.

Spansk er eit vanskelegare språk å lære enn dei som eg har vore bort før. (Og så har eg blitt eldre)

Då eg kom heim laga eg meg litt mat og fekk på meir varme. Og så er det TV-en og Trump, Eg blir snart sprø av den typen, han trur visst at han er Vår Herre sjølv..Eg fekk strikka litt, men så følte eg at det hadde vore godt med ein tur ut før det mørkna.

Eg gjekk utover vegen , men kjende at det høre kneet var vondt og det vil eg ikkje at det skal vere, så eg snudde heim att. 

Heldigvis kom Marit ned ei stund, så vi fekk prate litt. I morgon skal vi på trening igjen. og då får vi kanskje handle litt også.


tirsdag, februar 04, 2025

Dagbok 2025: 4.februar


 Klokka er no 16.31,temperaturen ute er +9 grader og det regnar litt, Ikkje typisk vinterver altså. Eg kom nettopp att frå ein tur på Fonnvernet, og det regna berre litt.I dag var der ikkje mykje folk, men eit par sjeler var der vel. Eg har vore litt tutlete i dag-men eg kom meg no ut til slutt.

I dag var Marit og eg på trening, og etterpå var vi til urmakaren. Eg fekk han til å gjere reima litt kortare så ikkje klokka dett av. Elles handla vi ikkje men for rett heim. Eg kledde meg om aldri så lite og skulle gå tur, men då eg kom ut regna det så eg gjekk inn att og fyrte litt i omnen og såg TV. Litt artig å sjå at Stoltenberg kjem inn att i regjeringa, det trur eg AP tener på-

Eg åt litt og såg litt på spanskleksa, men det vart i grunnen berre tull. Så det vart til at eg tok turen på Vernet likevel, og det er eg glad for. Trefte ikkje ei sjel i dag, så det vart ein fredeleg tur. Det regna litt , men ikkje så mykje at det gjorde meg noko.

No må eg sjå litt på spanskleksa; men alt vi har, har eg hatt før, minst ein gong. Det blir mykje om att og om att nå det stadig kjem nye folk til. men vi treng det. Å lære eit nytt språk når ein er 80+ er ikkje enkelt. Ein bør skolere seg mens ein er unge, for det ein lærer då hugsar ein mykje betre. Eg seier rett som det er at eg skal slutte på spansken, men så er det kjekt å komme ut i lag med folk som ein ikkje ser så mykje til elles.

Eg har ikkje gjort mykje nyttig i dag, ikkje strikka ein gong. Men det skal det no bli ei råd med.

          Merkeleg ver vi har i februar, men heil i orden for meg å sleppe snø.


mandag, februar 03, 2025

Dagbok 2025: 3.februar





Klokka er no 16.42, temperaturen ute er +8 grader og det er litt regn. Eg hadde akkurat tenkt meg ein tur på Vernet, men no ser eg at det mørknar fort, og det er ikkje så greitt å gå der då, for der er ikkje gatelys.

Elles har eg styrt på her heime i dag. med klesvask, oppvask m.m 

Eg jobba først litt med spansken, men fann ut at eg kunne det meste frå før. Eg hadde problem med maskina heile føremidagen, men då eg kom att etter middag visste eg kva eg skulle gjere så no er alt i orden. Eg har snakka med både Bodil og Marit på maskina, men elles har eg ikkje møtt nokon i dag.

Eg er lens for ved men har diverse fjøler etc. som eg sagar opp for hand og brenn i omnen. Eg har elektrisk handsag, men likar ikkje å bruke den. Eg brukte deg før-ute.

Når eg først får opp varmen så held det med varmepumpa, den står på heile døgnet.

Som sagt så vaske eg klede og det er eg ikkje ferdig med enno. Men så fann eg ut at eg ville ha fisk til middag. Eg hadde fin torsk som eg kjøpte sist sommar då her var ein mann som køyrde rundt. Eg er vant til å lage veldig lettvinte middagar , men i dag skrella eg poteter og gulrot og steike løk-og steikte torsken også. Det blei no skikkeleg middag, men mykje rot og oppvask også. Etter middagen sat eg i godstolen og slappa av så lenge at det vart for seint å gå tur.

Eg hadde noko plunder med datamaskina mi, men plutseleg kom eg på kva eg skulle gjere og no er alt i orden, så eg slepp å tilkalle hjelp.

Det hender ikkje all verda når eg går her åleine så eg har ikkje mykje å skrive om.


søndag, februar 02, 2025

Dagbok 20 25:2.februar


                                                          Utsikt mot sør-aust i dag

Klokka er no 16.18, temperaturen ute er +6 grader og det er overskya og opplett. På skjermen min står det no: Regn i morgen, så då har vi noko å glede oss til.

Eg har hatt ein litt keisam dag, men det er mi eiga skuld at eg ikkje fann på noko. Men eg var frostig og trøtt og hadde ikkje lyst til noko. Sat og strikka litt og såg TV . Eg var frostig og hadde lite ved, men eg kveikte no opp ei lita stund. Eg sovna i stolen ei lita stund så då vart det litt meir tak i meg. 

Nok om det, Eg kom meg omsider ut og gjekk ein runde på Vernet- og det var bra. Der treffer ein nesten alltid folk å snakke med. Og no funka telefonen så eg fekk ta bilde. No når eg har så god tid skulle eg ha jobba litt med spansken såpass eg greier å følgje med i undervisninga. Men det er ikkje så lett.

Det er alltid noko å gjere for den som vil og eg har mykje eg skulle ha gjort før det blir hagearbeid. Men så kjem kanskje viteren tilbake med snø og moking- det er berre 2.februar og det kan bli mykje vinter enno.

                                                

                                       Åsmundmarka, skogen og fjellet

lørdag, februar 01, 2025

Dagbok 2025: 1.februar




Oldebarnet Tobias 3mnd.. i dag

 
Klokka er no 19.44, temperaturen ute på trappa er +2 grader C, og det er opplett. Dagen i dag for så fort av garde at eg ikkje fekk gjort noko særleg. Ikkje fekk eg tatt bilde heller, så bno blir det berre eit bilde av kalenderen min, sidan vi begynner på ein ny månad i dag. Den kjekke februar som er den kortaste av alle.

I dag stod eg ikkje så tidleg opp og eg somla litt før eg kom i gang med noko. Då tok eg først ein tur på butikken og kjøpte diverse matvarer-ikkje noko spennande.

Litt seinare tok eg turen på Vernet. Det trefte eg ei dame som eg kjenner og vi hadde begge mykje på hjartet så vi vart ståande midt i bakken og prate lenge,- før eg tok fatt på runden min. Der trefte eg også ei eg kjenner, men vi vart ikkje ståande så lenge. 

Då eg kom heim laga eg meg litt mat, og så var det ikkje så lenge før eg gjekk opp til Marit og såg TV i lag med henne.

No har eg fått strikka litt og sett TV-og så blir det ikkje så mykje meir som skjer denne dagen.Og i morgon er det helg.
 

Dagbok 2025: 17.mars

 Klokka er no 18.40, temperaturen ute er+ 4 grader C og det regnar. Eg har ikkje vore lenger enn ut i garasjen for å hente ved i dag. Og san...