mandag, februar 17, 2025

Dagbok 2025: 17.februar

 

Klokka er no 16.31,temperaturen er ca. minus 1,Det har vore overskya og litt regn eller snø, men no ser det ut som det blir klår himmel igjen..Eg har ikkje vore lenger enn til garasjen så langt i dag, men eg lurer på å ta ein tur på Vernet, sjølv om eg er frostig.

Sidan eg har ferie denne veka(trur eg) tenkte eg at eg kunne gjere noko nyttig her heime, så eg bestemte meg for å vaske NED på badet, men så var eg lens for grønnsåpe. Eg prøvde med bilvask og det gjekk no bra, men å vaske eit slikt lite rom med så mykje i, det er ikkje enkelt. Eg fekk ikkje gjort det skikkeleg, men fekk i alle fall skifta gardina.

Så laga eg meg middag , samme rett som i går. Pølser og potetstappe i dag også. Eg bryr meg ikkje så mykje om kva eg et, berre det er mat, og eg blir mett. Etterpå har eg strikka og sett TV,

Rasmus har lært meg korleis eg skal få teksta norske program på norsk -og det har funka fint; etter kvart kom det tekst på alle program utan at eg måtte  gjere noko. Men ikkje i dag. I dag var ikkje nyheitene teksta, no på ettermiddagen, og eg får ikkje til å sette på tekst. Kanskje kjem det tekst seinare, men der brukar å vere tekst alltid.

Det er ikkje så kjekt å høyre nyheiter for tida, men ein må no få det med seg. I morgon må eg komme meg til Vik og kjøpe vaskemidlar om ikkje anna, så kan det no hende eg får gjort litt i huset.

Eg tenkte eg skulle gå ein tur i dag, sjølv om eg ikkje likar veret, Det har kome litt nysnø så det er ikkje så fint som det var. 

Eg skriv kanskje litt meir seinare.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 20.mars

 Klokka er no21.55. Temperatuen ute er +5 grader. Det har vore opplett og litt sol i dag; ein fin vårdag. Vi var på trening i dag, Marit og ...