søndag, februar 16, 2025

Dagbok 2025: 16.februar


 Klokka er no 18,07, temperaturen ute er +1 grad . Eg har nettopp vore ute og gått ein liten tur på vernet, Eg har vore litt sløv i dag og slappa mykje av, Det er vel fordi eg har fått vinterferie.

I går var det dåp på Trollhaugen i Bergen. Då fekk guten til Olaug og Thomas namnet Tobias.Solveig, Øystein, Einar og Audun var der. Guten er over 3 månader no. Eg har fått mange bilde frå seremonien og ein liten videosnutt også.

Eg har vore heime åleine i heile dag, men det er mi eiga skuld. Eg har ikkje gjort noko særleg vetigt i heile dag. Såg gudstenesta på TV-en, men då sovna eg. Elles har eg sete mykje med datamaskina som vanleg. Og så laga eg middag i dag, det skjer ikkje så ofte, men i dag vart det pølser og potetstappe.Og det blir det i morgon også. Eg synest det er lurt å lage stappe av potetene for då blir dei som regel oppetne.Og det går godt and å varme opp att stappe.

Det var allereie begynt å bli mørkt då eg endeleg kom meg ut på tur. Det vart tur på Vernet i dag også, men berre ein halv runde, for det var alt begynt å bli mørkt, og då skjer det fort.Eg møtte ei som eg har jobba i lag med på Vernet, eg kjende henne att, men hugsar ikkje kva ho heiter. Eg får ete opp dei tablettane eg fekk-utan at eg trur at eg har bestilt dei, så hugsar eg kanskje litt meir. Eg prøde nokre liknande tablettar ein gong før-og dei hjelpte ikkje det slag.No skal eg inn i stova og varme meg, eg fyrer med god ved attåt varmen frå Varmepumpa.





Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...