Klokka er no16.48,temperaturen ute er+ 2 grader C, og det har vore strålande sol nesten heile dagen. Det kan ikkje bli finare. Men det var litt kaldt i dagmorgon, så eg fyrte litt i omnen.
Marit ville komme ned ein tur i dag, for i dag har vi vinterferie dvs. at vi ikkje skulle på trening.Vi har fri på torsdag også. Eg lurte på om det var ferie på spansk-kurset også, men så møtte eg Terje og spurde han , og han sa at det vart spansk i morgon, så då får eg litt å jobbe med utover kvelden.
Marit og eg drakk kaffi og åt litt kake til, etterpå var det vising av bilde frå dåpen i Bergen. Olaug og Thomas sin vesle gut vart døypt sist laurdag i Bergen og eg har fått mange fine bilde frå seremonien.
Etterpå ville Marit gå ein liten tur ut gata, eg gjekk i lag med henne, men etterpå gjekk eg åleine ein runde på Vernet. Eg møtte ei eg ofte ser der oppe, ein tidlegare kollega, og vi prata ei stund. Vi sa kva vi meiner om TRUMP mellom anna. Ho har ei dotter som bur i NewYork.
Elles har eg vaska og tromla ein klesvask med sengetøy etc. Det er ikkje så godt å få tørka store ting på eit stativ, slik eg gjer med "småvasken".
No har eg tatt meg litt mat, eg har litt meir husarbeid som eg må få unna, før eg set meg til å snakkar spansk. Eg styrer no litt med språket kvar dag på "Reels and short videos." Det som er litt dumt er at dei der har spansk-engelsk, og ikkje spansk-norsk. Men det er ikkje noko stort problem.
Eg trudde det var slutt på fineveret då det skya over og snødde litt- men så kom sola igjen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar