Klokka er no 17-00 og eg har nettopp vore ein tur på Vernet. På bildet ser det om som om her er litt mørkt. Det er her ikkje, men det er vel ikkje så lenge til sola går med i vest. Det er fint ute og temperaturen er litt over 0 grader. FOR ein februar vi har hatt i år!
Eg hadde trudd vi skulle ha fri frå spanskkurset også denne veka, men fekk vite i går ettermiddag at det vart kurs i dag. Og då var det litt av kvart å gjere, eg begynte på "leksa" i går og heldt fram i dag tidleg. Eg skreiv på datamaskina og sette arka inn i ein perm, så det skulle sjå fint og skikkeleg ut. Men då eg kom ned på "skulen" merka eg fort at permen låg att heime. Så eg vart litt hemma når vi vart "høyrde i leksa". Men vi skal jobbe med noko av det samme komande veke. Eg er ikkje så nøye på om eg lærer så mykje, men eg synest det er kjekt å komme i lag med folk som eg ikkje er lag med andre stader.
Då vi var ferdige, tok eg ein tur innom Europris og kjøpte grønsåpe. Eg må prøve å få vaska mest muleg inne før det blir hagearbeid ute.
Etter at eg hadde ete noko som skulle vere middag, og sjekka litt på spansken, tok eg turen på Vernet i dag også; på heimvegen gjekk eg i lag med Solveig nabo, som også hadde gått ein runde (eller meir?)
I morgon er det fridag, dvs. eg skal ikkje på trening-for der er det vinterferie. No blir det vel å ta fram strikketøy og sette på TV-en. Eg gruar eigentleg litt for det, det er stort sett krig og ulykker.
Bildet er sette inn her er litt for mørkt, eg veit ikkje kva som gjorde at det vart slik.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar