tirsdag, februar 04, 2025

Dagbok 2025: 4.februar


 Klokka er no 16.31,temperaturen ute er +9 grader og det regnar litt, Ikkje typisk vinterver altså. Eg kom nettopp att frå ein tur på Fonnvernet, og det regna berre litt.I dag var der ikkje mykje folk, men eit par sjeler var der vel. Eg har vore litt tutlete i dag-men eg kom meg no ut til slutt.

I dag var Marit og eg på trening, og etterpå var vi til urmakaren. Eg fekk han til å gjere reima litt kortare så ikkje klokka dett av. Elles handla vi ikkje men for rett heim. Eg kledde meg om aldri så lite og skulle gå tur, men då eg kom ut regna det så eg gjekk inn att og fyrte litt i omnen og såg TV. Litt artig å sjå at Stoltenberg kjem inn att i regjeringa, det trur eg AP tener på-

Eg åt litt og såg litt på spanskleksa, men det vart i grunnen berre tull. Så det vart til at eg tok turen på Vernet likevel, og det er eg glad for. Trefte ikkje ei sjel i dag, så det vart ein fredeleg tur. Det regna litt , men ikkje så mykje at det gjorde meg noko.

No må eg sjå litt på spanskleksa; men alt vi har, har eg hatt før, minst ein gong. Det blir mykje om att og om att nå det stadig kjem nye folk til. men vi treng det. Å lære eit nytt språk når ein er 80+ er ikkje enkelt. Ein bør skolere seg mens ein er unge, for det ein lærer då hugsar ein mykje betre. Eg seier rett som det er at eg skal slutte på spansken, men så er det kjekt å komme ut i lag med folk som ein ikkje ser så mykje til elles.

Eg har ikkje gjort mykje nyttig i dag, ikkje strikka ein gong. Men det skal det no bli ei råd med.

          Merkeleg ver vi har i februar, men heil i orden for meg å sleppe snø.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 18.mars

 Klokka er no17.20, temperaturen ute er+5 grader og det regnar,kan ikkje seie at eg likar det. Eg går ikkje ut i dette veret. Eg brukar ikkj...