tirsdag, februar 25, 2025

Dagbok 2025: 25.februar


                        Utsikt mot vest   - 25.februar 2025 kl.17.45

Klokka er no 17.46, temperaturen ute er + 8 grader C, det er overskya men opplett. Det er vel slik det har vore det meste av dagen, opplett men ikkje sol.

I dag var vi på trening, Marit og eg, og handla på heimvegen, som vanleg.

Eg laga meg skikkeleg middag i dag, spekesild med kålstuing, poteter etc.

Eg vaska opp litt og rydda etterpå, sette meg inn for å sjå nyheiter, men sovna visst ei lita stund. Men først hadde eg kveikt litt i omnen. Det skal ikkje så mykje til attåt varmepumpa.

No har eg gått og grunda i fleire dagar  på om eg skal slutte på spansken. Der er komne mange nye som kan meir enn eg, så eg føler meg litt i bakleksa og har ikkje lyst til å jobbe allverda med spansk som eg ikkje har bruk for. Eg får høyre litt med Eli. Det er spansk i morgon; og torsdag er det møte i pensjonistlaget. Eg veit kven som er den nye leiaren og eg kjenner henne godt.

I dag har eg ikkje gått på Vernet,  kneet er bra, men eg treng ikkje å overbelaste det. Eg har no vore på trening ein times tid.

Eg får øve litt meir på spansken og så blir det TV og spøt.

. Dette er feil bilde, det er ei som eg har brukt før, men no får eg ikkje til å fjerne det.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...