Klokka er no16.10, temperaturen ute er +5 graderC, det er overskya men opplett, eg kom nettopp heim att etter ein tur på Vernet.
I dag har eg vore heime åleine heile dagen utan å utrette noko særleg. Har sett litt TV og strikka aldri så lite- Ja, og så har eg ete Mor Monsen som eg fekk av Solveig i går. Eg har ikkje dårleg samvit om eg slappar av ein dag eller to.
PÅ Vernet møter eg oftast nokon eg kjenner, eller ikkje kjenner, som eg pratar med. I dag vart eg ståande lenge å snakke med ein mann som eg kjenner,han bur på Vallabøen og eg har hatt dottera hans som elev. Han har vore alvorleg sjuk sjøv og no har sonen kreft. Eg trur han likar å snakke med meg; elles hadde han vel ikkje gjort det.
Og så trefte eg eit ektepar som eg ikkje kjenner, men vi hadde ein samtale om krig og det å ha lager av vatn mat etc. Dei visste kven eg er, trur eg , men eg kjende ikkje dei. Det å snakke med folk ein kjenner, eller ikkje kjenner, har eg stor glede av -for eg er no mykje åleine, men eg likar det også. I morgon og tysdag må eg jobbe litt med spansken, for eg er ikkje heilt a.jour for å seie det mildt.
Sidan eg har ete berre kake i dag begynner eg å få litt salthunger, så eg få sjå kva eg kan rote i hop.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar