Klokka er no 19.35, temperaturen ute er + 1grad. Det har vore ein fin dag, med ein god del sol.
Det første eg gjorde i dag var å køyre ned på apoteket og kjøpe medisin.Eg er ikkje sjuk altså, men tek medisinar for ikkje å bli det. Så var eg inn på KIWI på heimvegen med det samme og handla litt mat.
Då eg kom heim att sjekka eg om kneet mitt var bra nok til å gå tur på Vernet, og det var det, men i dag gjekk eg ein litt annan veg, på nedsida av muren og opp til trappa. Eg trur ikkje det var så mykje kortare-men kanskje. Det gjekk i alle fall fint med kneet, eg har ikkje hatt vondt etterpå.
Eg tok meg litt mat og sette meg til å sløve i godstolen min-strikka ikkje ein gong, men slappa heilt av. Eg hadde håpa at Solveig skulle komme ein tur i dag, men etter kvart gav eg opp det håpet og gjekk inn på kontoret mitt og skulle skrive på bloggen. Då kom det ei melding frå Solveig at ho ville komme, og eg høyrde bilen på tunet.
Det var veldig kjekt at ho kom så vi fekk prate om alt som skal skje i løpet av våren og kanskje sommaren. Ho hadde med seg blomst også og Mor Monsen-kake. Den ho lagar er spesielt god. Så no skal eg feire morsdag i morgon- at eg er her åleine gjer ingen ting.Om det blir like fint ver då, skal eg ta meg ein tur.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar