Ja, no er eg her igjen, i går fekk eg ikkje skrive blogg fordi "musa" ikkje virka. No har eg kjøpt ny mus, og den er utan ledning. Helge var her nettopp og sette den på plass.
Eg snakka med ein mann på Spanskkurset som har greie på slikt og han sa at eg skulle kjøpe mus utan ledning og han visste at dei hadde på Clas, så rett etter spansken gjekk eg på Clas. Musa var ikkje dyr, men no hugsar eg ikkje kva den kosta. Eg skreiv melding til Helge om at eg var heime frå kl.13.30.Det var i grunnen litt dumt for så måtte eg vere heime heile dagen, sjølv om eg trudde at han kom etter arbeidstida. Det var ei øyeblikk så var alt i orden. Litt hadde eg gjort sjølv også, kobla til TV-en for eksempel og trykt inn att ein sikring.
Det er nesten utruleg kor ein kan sakne noko som vi aldri hadde før. Men slik er det. Vi har nye vanar. Eg hadde no telefonen så eg var ikkje heilt avlogga frå samfunnet.
Eg har ikkje vore på Vernet i dag, men det har vore ein nydeleg dag, med blå himmel og sol. Litt kaldare enn eg likar, ute er det greit, men det var litt kaldt på Ørsta-hallen i dag når vi hadde spansk.
Neste veke fyller læraren vår, Eli, 80 år, så nokon i gruppa hadde kjøpt blomster som ho fekk i dag. Margrete, Ingeborg og Amanda kom og henta Erlend, og så skulle alle på noko, men eg er ikkje heilt sikker kva det var. Ingeborg er heime i skuleferien/vinterferien. Eg trur det skal vere ferie her ,neste veke.
No er eg i alle fall påkobla igjen og er litt spent på korleis det står til med vesleguten, Tobias, i Bergen.
Det har vore nydeleg ver i heile dag, men kaldare enn vi har hatt det i det siste. Her oppe i bakkane har vi sol frå morgon til langt på dag-ikkje alle er like heldige. Eg har no budd på Melle og hugsar korleis det var der.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar