fredag, februar 14, 2025

Dagbok 2025: 14.februar

                                    Snøklokker på plenen, fleire slike.


Klokka er no 16.08 , temperaturen ute er +1grad. Veret er nydeleg, sol frå blå himmel heile dagen, og ikkje altfor kaldt.

For å begynne på dagen kan eg også i dag klage på at eg vaknar så tidleg, prøver å legge meg igjen, men så er det opp igjen, heilt til eg synest det går and å stå opp.Slik var det i dag også, men når klokka har bikka 7, går det and å stå opp sjølv om ein er pensjonist.

I dag er det fredag og vaskedag, eg hadde støvsuga i går og tatt oska ut or omnen, så det var ikkje så mykje å gjere i dag, men så gjorde eg det litt grundig.Eg har trua på å vaske dusjkabinettet med bilsjampo, så det gjer eg.

 
Då eg var ferdig å vaske tok eg ein tur på Vernet, eg var litt låk høgre kneet så eg måtte vere litt forsiktig, men et gjekk runden min og sat på nesten alle benkane, men eg trefte ikkje så mange eg kjenner i dag.

Eg gjekk i postkassa for å hente avisa,og der var det ein pakke til meg. Det var ein porsjon med tablettar men eg kunne ikkje hugse at eg hadde bestilt noko som helst, men det var altså tablettar for å hugse betre. Eg måtte berre ta imot og betale.

Eg har jobba litt med sudokuen i dag, men det ser ikkje ut til at eg kjem i mål; førre helg prøvde eg ikkje ein gong. Men den som kjem i tysdagsavisa løyser eg lett.


Det er så mange som snakkar om fine fjell her og der, og eg har ikkje heilt forstått  det at fjella skal vere så fine. Eg trur det kjem av at fjella på Eid ikkje var så fine, dei kom så altfor nær. No i år har eg endeleg fått augene opp for vakre fjell. Når eg går på Fonnvernet ser eg alltid på fjella, særleg om vinteren. Dette bildet tok eg i dag av fjella i Dalsfjorden, dei er langt borte, men kvite og fine.


Når ein snur seg mot aust ser ein fjella i dalen der, Eg hugsar ikkje no kva fjella heiter. Eg synest vi er heldige som har eit slikt vakkert og fredeleg land å bu i. Men vil det vare? Det tenkjer eg mykje på.

Og så tenkjer eg på det vesle oldebarnet mitt som skal døypast no i helga, håper at det blir ei fin helg for alle.

God helg !


dette boldet fann eg på FB. Det er tatt frå Hovdebygda og bor mot oss. Vi bur nedanfor den vesle toppen Vallahornet framfor Saudehordet som er det høgaste fjellet her. 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 18.mars

 Klokka er no17.20, temperaturen ute er+5 grader og det regnar,kan ikkje seie at eg likar det. Eg går ikkje ut i dette veret. Eg brukar ikkj...