lørdag, februar 01, 2025

Dagbok 2025: 1.februar




Oldebarnet Tobias 3mnd.. i dag

 
Klokka er no 19.44, temperaturen ute på trappa er +2 grader C, og det er opplett. Dagen i dag for så fort av garde at eg ikkje fekk gjort noko særleg. Ikkje fekk eg tatt bilde heller, så bno blir det berre eit bilde av kalenderen min, sidan vi begynner på ein ny månad i dag. Den kjekke februar som er den kortaste av alle.

I dag stod eg ikkje så tidleg opp og eg somla litt før eg kom i gang med noko. Då tok eg først ein tur på butikken og kjøpte diverse matvarer-ikkje noko spennande.

Litt seinare tok eg turen på Vernet. Det trefte eg ei dame som eg kjenner og vi hadde begge mykje på hjartet så vi vart ståande midt i bakken og prate lenge,- før eg tok fatt på runden min. Der trefte eg også ei eg kjenner, men vi vart ikkje ståande så lenge. 

Då eg kom heim laga eg meg litt mat, og så var det ikkje så lenge før eg gjekk opp til Marit og såg TV i lag med henne.

No har eg fått strikka litt og sett TV-og så blir det ikkje så mykje meir som skjer denne dagen.Og i morgon er det helg.
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 7.mars

 Klokka er no18.35, temperaturen ute er +6 grader C. Veret var nokså fint på føremiddagen, så eg fekk vaska på soverommet, fordi eg fekk ha ...