søndag, februar 02, 2025

Dagbok 20 25:2.februar


                                                          Utsikt mot sør-aust i dag

Klokka er no 16.18, temperaturen ute er +6 grader og det er overskya og opplett. På skjermen min står det no: Regn i morgen, så då har vi noko å glede oss til.

Eg har hatt ein litt keisam dag, men det er mi eiga skuld at eg ikkje fann på noko. Men eg var frostig og trøtt og hadde ikkje lyst til noko. Sat og strikka litt og såg TV . Eg var frostig og hadde lite ved, men eg kveikte no opp ei lita stund. Eg sovna i stolen ei lita stund så då vart det litt meir tak i meg. 

Nok om det, Eg kom meg omsider ut og gjekk ein runde på Vernet- og det var bra. Der treffer ein nesten alltid folk å snakke med. Og no funka telefonen så eg fekk ta bilde. No når eg har så god tid skulle eg ha jobba litt med spansken såpass eg greier å følgje med i undervisninga. Men det er ikkje så lett.

Det er alltid noko å gjere for den som vil og eg har mykje eg skulle ha gjort før det blir hagearbeid. Men så kjem kanskje viteren tilbake med snø og moking- det er berre 2.februar og det kan bli mykje vinter enno.

                                                

                                       Åsmundmarka, skogen og fjellet

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 10.mars

 Klokka er no16.55, temperaturen ute er + 4 grader, og sola skin som aldri før. Det er nesten for gale å vere inne i dette veret, og eg har ...