fredag, januar 31, 2025

Dagbok 2025: 31.januar


 Klokka er no 18.25, temperaturen ute er minus 2 grader C, det har vore opplett og ein del sol i dag, men eg har ikkje vore ute og gått.  Eg har vore litt lat i dag , for eg sov dårleg og lite sist natt. No når eg sat og strikka framfor TV-en sovna eg. Men no er eg nokonlunde vaken. Eg skulle eigentleg opp til Marit i kveld og sjå TV i lag med henne, men eg har meldt avbod.

Eg har sjølvsagt vaska etc. som vanleg på ein fredag, men eg har ikkje gått på Vernet. I staden tok eg og gjorde ferdig Sudokuen i fredagsavisa. Eg vart ikkje ferdig i går kveld, men i dag greidde eg den fint. Elles har eg gjort ferdig første paret med lestar frå Margrete sitt garn. Og lagt opp på nytt.

Eg syntest det var litt for lite varmt i huset så eg gjekk ned og saga meg ved av diverse plankar et. som ligg i tilbygget-då ryddar eg på samme tid. Omnen står på skeive på bildet, men ikkje i røyndommen. Når eg går nedom huset ser eg kor løkblomstrane spirer i beddet, dei trur kanskje at det er vår.

For morgondagen har eg ingen plan, anna enn at eg skal på butikken og handle litt mat.

Ønsker alle ei god helg, i morgon startar vi på februar så då går det fort mot vår.

Maken til det veret vi har hatt i januar trur eg aldri at eg har opplevd før.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 1.mars

  I dag fekk eg nytt bilde på Sunnmørs-kalenderen min. Fjellet på bildet heiter Slogen, men eg har aldri vore der. Eg har ikkje vore så mykj...