Eg måtte fare åleine på trening i dag, for Marit var ikkje heilt bra. Det er litt stussleg å fare åleine nesten alltid, så eg håper Marit blir betre etter kvart. Då eg kom heim fall eg for freistinga å gå på Vernet. Veret var ikkje så fint som i går, men vi har plussgrader og berre vegar så det er fint å vere ute. I dag trefte eg ei som er der ofte, ein tidlegare kollega er ho også. Og så trefte eg ei anna dame på min alder som no er ivrig opptatt med demenskoret. Ho er ikkje dement sjølv, men ho har sunge i kor så lenge eg kan hugse.Eg har tenkt på det at om eg blir dement så kan eg ikkje synge-.
Eg tok meg litt mat då eg kom heim, men var frostig og veldig trøtt, så eg tok ein pause først på stova så på datarommet. Der blir det fort varmt med elektrisk omn.
Etter kvart vakna eg til og då hadde eg ut teppet på datarommet og vaska golvet m.m. Då blir det litt mindre å gjere i morgon.
Som de ser lever eg ikkje spennande og farleg for tida, og det kan vere bra. Men litt spenning hadde gjort seg. Og det kan det no bli.
Ein stille dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar