Klokka er no 16.56,temperaturen ute er+8 grader, det er nesten klårt ute og tilløp til sol.
Dette har vore ein heilt spesiell dag, så langt. Det første som hende då eg var oppe, var at eg fekk melding om at fysioterapeuten var sjuk, så det vart ikkje trening. Eg vart nesten littglad for at eg slapp treninga i dag for eg er ikkje heilt god i høgre kneet.
Etter frokost sette eg i gang med å rydde i spanskbøkene mine (Skrivebøker) og lage nokre tekstar,- så ringer det ein mann som fortel meg at eg i morgon kunne vinne ein stor prenmie, eg trur det var gratis mat på KIWI for eit år. Etter som han la det ut høydest det ut som om eg alt hadde vunne. Men eg skulle i alle fall vere med på ei trekning i morgon. Men først måtte eg svare JA på ei melding han skulle sende. Då meldinga kom stod der at eg hadde meldt meg på ein tablettkur for hukommelse. Og det hadde eg ikkje gjort -i alle fall ikkje som eg veit om. Så eg skreiv ikkje JA, på meldinga eg sende tilbake.
Eg hadde snakka med Solveig nabo om ved og ho hadde undersøkt med han som dei kjøper av og han hadde meir. Ho var så snill at ho ringde tilbake til han, slik at eg slapp det. Men eg snakka med han etterpå og avttalte tid.
Men så kom eg brått på at eg hadde lova å køyre Marit til fotpleie-og så var klokka mykje meir enn eg trudde. Men vi kom oss av garde til rett tid og eg venta den korte tida det tok. Då vi kom heim att kom mannen med veden ei lita stund etterpå og bar 10 sekker inn i garasjen. Eg har brukt av veden i dag og den brenn og varmar godt. Eg betalte med vipps. Og då har eg namnet hans om eg skulle trenge meir
Så endeleg kom vi oss på KIWI og fekk handla litt mat. Marit synest at eg må køyre henne så mykje, men det gjer eg med glede, for et tek imot hjelp frå så mange at eg synest det er godt å få GI litt hjelp også.
No har slappa av med strikketøy og TV ei stund-og då eg kom inn her fekk eg melding frå Margrete som spurde om eg ville vere med til Honndalen i morgon. Sjølvsagt vil eg det. Der er ein butikk med mange fine klede til dømes.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar