fredag, februar 21, 2025

Dagbok 2025: 21.februar


                                                  Vinterhagen

Klokka er no22.25, temperaturen ute er eventyrlege +11 grader C og det er opplett. Eg har vore oppe hos Marit og sett TV i lag med henne, det har blitt ein vane.

Det har ikkje hendt mykje i dag, og det kan no vere like godt. Eg har vore her åleine og tatt fredagsvask etc. Elles har eg løyst sudokuen i Møre-Nytt  og strikka etc. Eg har ikkje gått tur i dag, for eg må passe på kneet mitt,eg vil helst sleppe slike kneproblem som eg hadde i fleire år- frå og med 2018.

Så blir det at eg sit og ser nyheiter og det er ikkje særleg oppløftande for tida. Eg forstår ikkje at vaksne folk  kan drive med krig, ein må no klare å løyse konflikter på andre måtar !. 

I morgon må eg handle inn litt mat t.d. Kanskje det blir ein tur til Vik. Marit skulle eigentleg vere med, men så skal ho vere med Janne. Eg tek kanskje ein tur bort i Furene viss eg har lyst i morgon.

Det er nesten slik at eg får lyst å jobbe i hagen, I går prøvde eg å rake vekk singel frå plenen oppe ved postkassane, men eg fann ikkje rette riva. 

Komande veke vert det både trening, spansk og Pensjonistmøte, så då blir det nok.

Ønsker alle ei god helg.

Dette er eldste plommetreet mitt og det er slett ikkje så fint å sjå på. Det skulle ha vore klipt av fagfolk, ikkje berre no, men heile tida. Eg klipper det ikkje skikkeleg sjølv for eg er ikkje så flink å klatre i tre.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 6.april

 Klokka er no20.35, temperaturen ute er + 6 grader og vi har hatt enda ein fin dag, Ikkje varmt akkurat men mykje sol, I dag vakna eg ikkje ...