torsdag, mai 06, 2021

Dagbok 2021: 6.mai.

Klokka er 16.30, det er +13 grader ute og opphaldsvêr. Sola er framme av og til, men det har også vore tilløp til hagl. Føremiddagen gjekk berre opp i tull, men vi var no på treninga 12.30-13.30. Så handla vi litt på Spar før vi for heim. Då var det tid for middag, og for meg var detlettvindt sidan eg hadde ein supperest frå i går. Eg åt opp alt-enda det var i meste laget. Eg vart litt sjokka då eg fann ut at det er fredag i morgon, denne veka vart kort. I dag er det fleire eg kjenner som har fødselsdag, blant anna Stein Inge, son til bror min, og Lise som er gift med søskenbarnet mitt. Eg har gratulert dei på FB-Eg synestdet har blitt litt vårlegare desse to siste dagane, men det er enno nattekaldt. Eg har ikkje gjort noko særleg fornuftig i dag; etter at eg hadde ete middag las egferdig boka som eg har hatt til sengelektyre, så no må eg finne meg ei ny-eg har å ta av.
Det blei ein liten tur på Vernet i dag, det vart så fint ute.

Bok nr.20 - 2021: BLI HOS MEG

Eg brukar å ha papirbøker å lese på senga,og dei plar vare lenge. Men så kjem ein bort i ei fortelling som blir meir og meir interessant og "spennande" og då blir det lese litt på dagtid også. No har eg lese denne boka på 380 sider på relativt kort tid. Det er sjeldan eg les bøker som berre rett og slett er ei fortelling. Dette er ein roman, men forfattaren har tatt utgangspunk i livet til oldemora, og dikta attåt. Det er ei god, underhaldande og spennande historie. Eg likte boka godt.

onsdag, mai 05, 2021

Dagbok 2021: 5.mai

Klokka er no 18.40, temperaturen ute er + 11-12 grader C, Det har vore opplett og delvis sol i dag, men den store varmen let vente på seg. I dag venta eg besøk av Amanda og Margrete, og eg hadde lova å lage gullasj til middag. Eg hadde alle ingrediensane klar, trudde eg, men oppdaga at eg var lens for løk. Det blei ein liten tur på butikken før eg kunne sette i gang. Det er ingen heksekunst å lage noko når ein har oppskrift, men eg skal innrømme at det er sjeldan eg følgjer oppskiftene så nøye som i dag. Gjestane kom sånn i 12 -tida, men Margrete måtte fare igjen med ein gong, ho hadde fri i dag, men måtte på eit møte. Så fekk eg prata mykje med Amanda, det er ikkje så ofte eg har henne på tomannshand. Vi prøvde også å få printeren til å virke, men utan resultat. Eg får vel høyre med Helge igjen? Amanda og eg åt middag i 14-tida, vi kunne ikkje vente på Margrete. Suppa var god og eg hadde trylla fram foccaia frå ein av dei mange fryserane mine. Eg finn litt av kvart der. Margrete kom eit par timar seinare, og då fekk ho mat. Det var veldig kjekt å ha besøk, og i morgon skal eg ringe til Ulsteinvik og høyre om eg kan få time onsdag i staden for tysdag, - for onsdag er Margrete fri og kan godt tenke seg ein "lopradag" i Ulsteinvik. Når eg ser på bildet av Amanda , synest eg ho begynner å bli meir lik Ingeborg.No er bror min også fullvaksinert, så då dukkar dei vel snart opp. Det er kjekt at ein etter kvart kan treffe slekt og venner.

tirsdag, mai 04, 2021

Dagbok 2021: 3.mai

Klokka er no17.15, temperaturen er nesten +12 grader, men det er kald vind. Sola er framme no, men har ikkje vore å sjå heile tida. Eg var relativt idleg oppe i dag og gjorde meg klar til bytur. Vi reiste herifrå kl.11.30. Janne køyrde Marit og meg til Ulsteinvik til Øre-Nese_ Hals-klinikken, fordi vi treng nye høyreapparat. Eg kaom inn til ein Spesialist, ofg etter at vi hadde snakka litt skulle han undersøke øyrene mine. Han skulle t.d. ta ut øyrevoks. Det gjekk fint med venstre øyret, men det høgre har eg problem med sjølv, og eg må alltid vere forsiktig med det øyret. Det var ikkje han, han brukte eine torturredskapet føre og det andre etter og det var veldig vondt. Han gav seg på det, og så fekk eg ny time om ei veke. Snakk om å kaste bort både tid og pengar-eg har fått høyreapparat på Åse tre gonger utan at dei har rørt øyrene mine, berre tatt hørselstest.No må eg altså ut att neste tysdag ,og då skal eg vere der klokka 10.20, og viss det ikkje går buss, får eg Taxi på Pasientreiser. Det er ikkje berre mine pengar dei sløser med.Eg har vore sur i heile dag og er fralmleis sur-så det er godt eg er her åleine. Vi kom heim att i 14.30-tida og då vart det å finne seg ei brødskive, elles har eg berre gått her og smårydda, hatt ut bossdunkane etc. Men eg ser fram til i morgon, då får eg besøk av Margrete og Amanda, det skal bli kjekt. Skulle vel gjort noko ute i hagen, men det er litt kaldt; ute ved kysten var våren komen lenger enn her, mange stader var det grøne bjørker, men det varer ikkje lenge før det blir bra her også.Eg skal ikkje gå tur på Vernet i dag, må spare litt på føtene mine.

mandag, mai 03, 2021

Dagbok 2021: 3.mai

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er + 10 grader. Det er overskya, men opplett-enno, men eg kjende eit par dropar då eg stod ute.Denne dagen har gått fryktelig fort, enda eg ikkje har gjort nokon ting-eller nesten ingenting. Eg hadde tenkt at viss eg var opplagt til det skulle eg fare ned på Alti og få klipt håret mitt i dag. Mange frisørar har stengt på mandag, men eg sjekka at der var ope på ALTI. Eg var der ei stund etter kl.11, og då var der berre ei som jobba der og ho hadde ein kunde, men eg kunne få time klokka 12. Eg syntest det vart litt lenge å vente så eg gjekk opp i gågata for å sjekke om der var opne salongar. Det var der, to salongar var opne i dag- men fullbooka. Då var klokka mykje over 1/2 12, så eg gjekk oppp att til salongen på ALTI og spurde om ho framleis hadde ledig klokka 12-og det hadde ho. Det var ei ung "utanlandsk" jente-og ho opplyste om at ho berre var lærling. Men eg let henne klippe meg likevel, og ho var flink- frisyren gjekk frå urskog til snauhogst på eit øyeblikk. Eg hadde ikkje klipt meg sidan 22.desember, så det var greitt å få det gjort før eg skal til hørselstest i morgon. Eg hadde ikkje andre ærend på butikkar, så eg køyrde heim. Tok ein liten avstikker bort på gravplassen for å sjå korleis det stod til med påskeliljene, og dei stod like fine som dei som står på trappa her heime. Sist eg var der framme grov eg dei fram frå under snøen. Eg hadde ikkje telefonen med, så eg fekk ikkje tatt bilde i dag. Då eg kom heim att, laga eg ei lita pannekakerøre og steikte litt bacon. Marit kom ned og prata litt, ho er feberfri no, men enno slapp og trøtt, men ho vil til Ulsteinvik i morgon uansett. Då Marit gjekk opp att var det akkurat tid for middag og eg steikte små pannekaker på den vesle steikepanna mi. Den fekk eg med Solveig til jul etter at eg vart åleine, og eg brukar den nesten kvar dag. Eg tok kaffikoppen med meg inn i stova og sette på TV-en. Det var for seint til 15-nyheitene, men eg fekk vere med Lars Monsen og Jon Almås på tur til ukjend stad, og det var veldig kjekt. Etterpå gjekk eg tur på Vernet -var ikkje fullt så god i kneet i dag som i går, men det gjekk bra. Snakka med Marit U då eg kom heim. Torbjørn har laga så fint til attmed postkassane i dag. Ha har tatt opp steinane som vi skal stå på når det er vått, lagt ny grus og steinane oppå att. Tidlegare har Helge og Torbjørn reparert sjølve stativet.Det var Nils og Tobjørn som laga stativet i si tid. Eg er glad for at eg har så mange gode naboar. I morgon køyrer Janne Marit og meg til Ulsteinvik klokka 11.30 herifrå.
Desse påskeliljene , og dei på grava, fekk eg av Solveig før påske.

søndag, mai 02, 2021

Dagbok 2021: 2.mai

Klokka er no 17.25, temperaturen er + 10 grader, det er overskya, men opplett-enn så lenge. To "helgedagar" etter kvarandre er ein for mykje for meg, men eg har no snart brukt opp denne dagen også. Den har ikkje vore så spennande, men grei nok. På føremiddagen strikka eg litt, høyrde radio etc. Men så tok eg ein tur på Vernet i dag også, og kneet heldt. Møtte ei eg kjenner på heimvegen og ho kommenterte:"No har du fått opp farten!" Gjev det ville vare! Då eg kom heim att laga eg til middag, det vart restar frå i går, det blir som regel to dagar med samme maten, men det gjer ingen ting. Datt ned i godstolen etterpå med kaffikopp og TV. Då eg kvikna til igjen gjorde eg eit par jobbar som ein kan kalle husarbeid, og no har eg rydda opp att.Eg har funne fram brevet frå Ulsteinvik, eg skal vere der tysdag klokka 12.50, eg reknar med at Marit er frisk då, og at Janne køyrer oss ut. Skal bli bra å bli ferdig med det, men vi må vel ut att ein gong til for å få høyreapparata. -Eg lengtar etter å kome i gang med hagearbeidet, eg må kjøpe både gjødsel og mold-og ymse anna. Bra at eg rydda så mykje sist haust, så det ikkje er så mykje å ta tak i elles. Viss de ser godt på bildet av garasjen , vil de sjå at rabarbraen spirer, men den må skunde seg å vekse viss vi skal få "grunnlovsdessert" 17.mai. Elles er bedet nedanfor garasjen berre rot, men det er ikkje mi skuld. Eg har putta nedi løkar både her og der, men alle nabokattane går på do i det beddet og rotar det til når dei grev. Men eg likar no kattane likevel.
Elles ser eg mange jobbar som ventar i hagen, men det blir vel i år som åra før, at eg rekk ikkje alt. Det får stå sin prøve. I dag er det nest yngste barnebarnet som fyller år. Vebjørn på Kongsberg er 15 år i dag. Han skulle eigentleg vore konfirmant i vår, men konfirmasjonen er utsett til hausten på grunn av Koronaen.

lørdag, mai 01, 2021

Dagbok 2021: 1. mai

Gratulerer med dagen ! Klokka er no 18.05, temperaturen ute er + 10 grader, det er delvis skya og delvis sol, litt kald vind, men fint likevel. Eg har vore her heime heilt åleine i dag, men det er no berre lekkert, det også. På føremiddagen fekk eg gjort unna nokre småjobbar, som til dømes å feste trådar på ferdige lestar, stryke klede etc. Eg laga suppe til middag i dag, hadde litt kjøtt som eg kokte, men mesteparten var grønsaker. Eg åt klokka 15, som vanleg, og til dessrt vart det Skogsbær med is. Må no feire litt!. Tida gjekk veldig fort i dag, og etter middagen og ei pause i godstolen, tok eg på meg og gjekk ut. Kneet var veldig bra i dag, så det var om å gjere at det blei brukt. Det er sosialt å gå tur, først stoppa eg opp og prata med naboane, lenger oppe trefte eg Matias og kona, på vernet møtte eg Hildegunn og Kåre Vik, og til slutt Eva som eg snakka med i går også. Så lenge ein kan vere ute og gå treng ein ikkje å vere einsam. Forresten så trivst eg veldig godt i mitt eige selskap-eg har mykje eh KAN gjere og mykje å tenke på. Då eg las i dagboka mi frå 1.mai i fjor, var eg mykje meir lei av Koronaen enn no. Det er klart at etter at eg har fått vaksine er det lettare. Men eg ser korleis det er rundt i verda og det er uhyggeleg at så mange skal ha det så vondt. Og det verste er at økonomien spelar ei stor rolle i Pandemien, det er dei fattige som har det verst no også. Det er vondt å sjå frå India t.d.- Eg trur sjølvsagt det er sundag i dag-men det er i morgon-det veit eg. Tysdag 4.mai er det Marit og eg skal til Ulsteinvik og få oss høyreapparat; ja, vi får dei vel ikkje på dagen, då. Håper Marit blir frisk til då, ho vart litt dårleg etter andre vaksinasjonen. Eg vart berre litt sår i armen der eg fekk sprøyta, og det gjekk fort over. Eg hadde ein fin tur på Vernet i dag, kneet var ikkje vondt og eg kunne gå med tilnærma normal fart.
Utsikt mot søraust.
Og mot sør-vest.

Dagbok 202: .26 okrtober

  Klokka er no 17.52, temperaturen ute er +8 graderC, og det regnar...og regnar. Men eg har det varmt og tørt innomhus, så eg lid inga naud....