mandag, mai 03, 2021

Dagbok 2021: 3.mai

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er + 10 grader. Det er overskya, men opplett-enno, men eg kjende eit par dropar då eg stod ute.Denne dagen har gått fryktelig fort, enda eg ikkje har gjort nokon ting-eller nesten ingenting. Eg hadde tenkt at viss eg var opplagt til det skulle eg fare ned på Alti og få klipt håret mitt i dag. Mange frisørar har stengt på mandag, men eg sjekka at der var ope på ALTI. Eg var der ei stund etter kl.11, og då var der berre ei som jobba der og ho hadde ein kunde, men eg kunne få time klokka 12. Eg syntest det vart litt lenge å vente så eg gjekk opp i gågata for å sjekke om der var opne salongar. Det var der, to salongar var opne i dag- men fullbooka. Då var klokka mykje over 1/2 12, så eg gjekk oppp att til salongen på ALTI og spurde om ho framleis hadde ledig klokka 12-og det hadde ho. Det var ei ung "utanlandsk" jente-og ho opplyste om at ho berre var lærling. Men eg let henne klippe meg likevel, og ho var flink- frisyren gjekk frå urskog til snauhogst på eit øyeblikk. Eg hadde ikkje klipt meg sidan 22.desember, så det var greitt å få det gjort før eg skal til hørselstest i morgon. Eg hadde ikkje andre ærend på butikkar, så eg køyrde heim. Tok ein liten avstikker bort på gravplassen for å sjå korleis det stod til med påskeliljene, og dei stod like fine som dei som står på trappa her heime. Sist eg var der framme grov eg dei fram frå under snøen. Eg hadde ikkje telefonen med, så eg fekk ikkje tatt bilde i dag. Då eg kom heim att, laga eg ei lita pannekakerøre og steikte litt bacon. Marit kom ned og prata litt, ho er feberfri no, men enno slapp og trøtt, men ho vil til Ulsteinvik i morgon uansett. Då Marit gjekk opp att var det akkurat tid for middag og eg steikte små pannekaker på den vesle steikepanna mi. Den fekk eg med Solveig til jul etter at eg vart åleine, og eg brukar den nesten kvar dag. Eg tok kaffikoppen med meg inn i stova og sette på TV-en. Det var for seint til 15-nyheitene, men eg fekk vere med Lars Monsen og Jon Almås på tur til ukjend stad, og det var veldig kjekt. Etterpå gjekk eg tur på Vernet -var ikkje fullt så god i kneet i dag som i går, men det gjekk bra. Snakka med Marit U då eg kom heim. Torbjørn har laga så fint til attmed postkassane i dag. Ha har tatt opp steinane som vi skal stå på når det er vått, lagt ny grus og steinane oppå att. Tidlegare har Helge og Torbjørn reparert sjølve stativet.Det var Nils og Tobjørn som laga stativet i si tid. Eg er glad for at eg har så mange gode naboar. I morgon køyrer Janne Marit og meg til Ulsteinvik klokka 11.30 herifrå.
Desse påskeliljene , og dei på grava, fekk eg av Solveig før påske.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...