søndag, mai 02, 2021

Dagbok 2021: 2.mai

Klokka er no 17.25, temperaturen er + 10 grader, det er overskya, men opplett-enn så lenge. To "helgedagar" etter kvarandre er ein for mykje for meg, men eg har no snart brukt opp denne dagen også. Den har ikkje vore så spennande, men grei nok. På føremiddagen strikka eg litt, høyrde radio etc. Men så tok eg ein tur på Vernet i dag også, og kneet heldt. Møtte ei eg kjenner på heimvegen og ho kommenterte:"No har du fått opp farten!" Gjev det ville vare! Då eg kom heim att laga eg til middag, det vart restar frå i går, det blir som regel to dagar med samme maten, men det gjer ingen ting. Datt ned i godstolen etterpå med kaffikopp og TV. Då eg kvikna til igjen gjorde eg eit par jobbar som ein kan kalle husarbeid, og no har eg rydda opp att.Eg har funne fram brevet frå Ulsteinvik, eg skal vere der tysdag klokka 12.50, eg reknar med at Marit er frisk då, og at Janne køyrer oss ut. Skal bli bra å bli ferdig med det, men vi må vel ut att ein gong til for å få høyreapparata. -Eg lengtar etter å kome i gang med hagearbeidet, eg må kjøpe både gjødsel og mold-og ymse anna. Bra at eg rydda så mykje sist haust, så det ikkje er så mykje å ta tak i elles. Viss de ser godt på bildet av garasjen , vil de sjå at rabarbraen spirer, men den må skunde seg å vekse viss vi skal få "grunnlovsdessert" 17.mai. Elles er bedet nedanfor garasjen berre rot, men det er ikkje mi skuld. Eg har putta nedi løkar både her og der, men alle nabokattane går på do i det beddet og rotar det til når dei grev. Men eg likar no kattane likevel.
Elles ser eg mange jobbar som ventar i hagen, men det blir vel i år som åra før, at eg rekk ikkje alt. Det får stå sin prøve. I dag er det nest yngste barnebarnet som fyller år. Vebjørn på Kongsberg er 15 år i dag. Han skulle eigentleg vore konfirmant i vår, men konfirmasjonen er utsett til hausten på grunn av Koronaen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...