lørdag, mai 01, 2021

Dagbok 2021: 1. mai

Gratulerer med dagen ! Klokka er no 18.05, temperaturen ute er + 10 grader, det er delvis skya og delvis sol, litt kald vind, men fint likevel. Eg har vore her heime heilt åleine i dag, men det er no berre lekkert, det også. På føremiddagen fekk eg gjort unna nokre småjobbar, som til dømes å feste trådar på ferdige lestar, stryke klede etc. Eg laga suppe til middag i dag, hadde litt kjøtt som eg kokte, men mesteparten var grønsaker. Eg åt klokka 15, som vanleg, og til dessrt vart det Skogsbær med is. Må no feire litt!. Tida gjekk veldig fort i dag, og etter middagen og ei pause i godstolen, tok eg på meg og gjekk ut. Kneet var veldig bra i dag, så det var om å gjere at det blei brukt. Det er sosialt å gå tur, først stoppa eg opp og prata med naboane, lenger oppe trefte eg Matias og kona, på vernet møtte eg Hildegunn og Kåre Vik, og til slutt Eva som eg snakka med i går også. Så lenge ein kan vere ute og gå treng ein ikkje å vere einsam. Forresten så trivst eg veldig godt i mitt eige selskap-eg har mykje eh KAN gjere og mykje å tenke på. Då eg las i dagboka mi frå 1.mai i fjor, var eg mykje meir lei av Koronaen enn no. Det er klart at etter at eg har fått vaksine er det lettare. Men eg ser korleis det er rundt i verda og det er uhyggeleg at så mange skal ha det så vondt. Og det verste er at økonomien spelar ei stor rolle i Pandemien, det er dei fattige som har det verst no også. Det er vondt å sjå frå India t.d.- Eg trur sjølvsagt det er sundag i dag-men det er i morgon-det veit eg. Tysdag 4.mai er det Marit og eg skal til Ulsteinvik og få oss høyreapparat; ja, vi får dei vel ikkje på dagen, då. Håper Marit blir frisk til då, ho vart litt dårleg etter andre vaksinasjonen. Eg vart berre litt sår i armen der eg fekk sprøyta, og det gjekk fort over. Eg hadde ein fin tur på Vernet i dag, kneet var ikkje vondt og eg kunne gå med tilnærma normal fart.
Utsikt mot søraust.
Og mot sør-vest.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...