torsdag, mai 06, 2021
Dagbok 2021: 6.mai.
Klokka er 16.30, det er +13 grader ute og opphaldsvêr. Sola er framme av og til, men det har også vore tilløp til hagl. Føremiddagen gjekk berre opp i tull, men vi var no på treninga 12.30-13.30. Så handla vi litt på Spar før vi for heim. Då var det tid for middag, og for meg var detlettvindt sidan eg hadde ein supperest frå i går. Eg åt opp alt-enda det var i meste laget. Eg vart litt sjokka då eg fann ut at det er fredag i morgon, denne veka vart kort. I dag er det fleire eg kjenner som har fødselsdag, blant anna Stein Inge, son til bror min, og Lise som er gift med søskenbarnet mitt. Eg har gratulert dei på FB-Eg synestdet har blitt litt vårlegare desse to siste dagane, men det er enno nattekaldt.
Eg har ikkje gjort noko særleg fornuftig i dag; etter at eg hadde ete middag las egferdig boka som eg har hatt til sengelektyre, så no må eg finne meg ei ny-eg har å ta av.
Det blei ein liten tur på Vernet i dag, det vart så fint ute.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar