onsdag, mai 05, 2021

Dagbok 2021: 5.mai

Klokka er no 18.40, temperaturen ute er + 11-12 grader C, Det har vore opplett og delvis sol i dag, men den store varmen let vente på seg. I dag venta eg besøk av Amanda og Margrete, og eg hadde lova å lage gullasj til middag. Eg hadde alle ingrediensane klar, trudde eg, men oppdaga at eg var lens for løk. Det blei ein liten tur på butikken før eg kunne sette i gang. Det er ingen heksekunst å lage noko når ein har oppskrift, men eg skal innrømme at det er sjeldan eg følgjer oppskiftene så nøye som i dag. Gjestane kom sånn i 12 -tida, men Margrete måtte fare igjen med ein gong, ho hadde fri i dag, men måtte på eit møte. Så fekk eg prata mykje med Amanda, det er ikkje så ofte eg har henne på tomannshand. Vi prøvde også å få printeren til å virke, men utan resultat. Eg får vel høyre med Helge igjen? Amanda og eg åt middag i 14-tida, vi kunne ikkje vente på Margrete. Suppa var god og eg hadde trylla fram foccaia frå ein av dei mange fryserane mine. Eg finn litt av kvart der. Margrete kom eit par timar seinare, og då fekk ho mat. Det var veldig kjekt å ha besøk, og i morgon skal eg ringe til Ulsteinvik og høyre om eg kan få time onsdag i staden for tysdag, - for onsdag er Margrete fri og kan godt tenke seg ein "lopradag" i Ulsteinvik. Når eg ser på bildet av Amanda , synest eg ho begynner å bli meir lik Ingeborg.No er bror min også fullvaksinert, så då dukkar dei vel snart opp. Det er kjekt at ein etter kvart kan treffe slekt og venner.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...