Klokka er no 18.05, temperaturen ute er ca 20 grader , det er opplett og sol. Også i dag var det overskya og regn då eg stod opp, men etter kvart kom sola fram. Det er kjempefint å ha regn om natta så slepp ein å vatne så mykje.
I dag hadde eg bestemt meg for å vere flink husmor, så eg henta 5 kg med frosne plommer opp frå frysaren og kokte sylte. Plommene er frå 2021,då hadde eg masse plommer som eg fraus ned. I fjor fekk eg ikkje ei einaste plomme på trea mine, i år kan det bli litt igjen. Eg et nesten berre plommesylte på skiva -når eg har. Eg hadde også kjøpt inn for mykje melk som heldt på å gå ut på dato, derfor sette eg ein brøddeig også. Heile kjøkkenet flaut, men det gjer ingen ting, for det er no berre å rydde opp att. og det gjorde eg, vaska panna m.m. for hand, og så vart oppvaskmaskina full også. Då det var blitt rimeleg ryddig kunne eg gå i gang med fredagsvasken. Og då alt var ryddig og reint, tok eg meg eit måltid. Det vart nysteikt brød med plommesylte i dag.
Mens eg heldt på å koke og steike oppdaga eg at eg mangla eitt og anna; eg lurte på å ta ein tur på butikken, men utsette det til i morgon.
Etter at eg hadde ete, kjende eg at eg var litt sliten, så då tok eg TV pause, før eg kledde meg om litt og gjekk på Vernet. Eg rasar ikkje av stad når eg går, for knea mine er ikkje heilt gode, det er no derfor eg går på trening.
På bildet over kan de sjå ein kvilebenk. Desse benkane vert laga på ein fabrikk her i Ørsta (VIK ØRSTA). Dei er tunge og stødige, men eg trur dei er dyre.Der står fleire slike på runden .
Akkurat der denne benken står er det ein liten vegstubb opp til granene, men stigen går lenger. Der gjekk eg somme tider før. No går eg ikkje i terreng fordi eg ikkje har balanse som er god nok, og eg vil helst sleppe å dette.
I dag reiste Margrete med følgje til Solund, og blir der ei veke. Solveig og Øystein reiste til Sverige. Solveig , spesielt, trong å få slappe av. Ho hadde samme slags forkjøling som eg hadde, men ho gjekk på jobb alle dei 3 vekene ho var "sjuk". Det var vanskeleg å skofte sidan det var eksamenstid, med muntlege eksamenar også. Får håpe ho slappar godt av no.
Eg reknar med at Rasmus og fam. kjem oppover ein gong i juli slk at familien blir samla. Då skal vi feire Solveig sine 60 år.
Den dagen ho vart født på sjulkehuset på Eid, kom oversøster ÅSe med ei rose ho hadde plukka i beddet utanfor sjukehuset. "Her kommer jeg med sommerens første rose" sa ho. Det var forresten ein veldig fin sommar!
Dette er den første Leonardo da Vinci-rosa i år, fargen står godt til dei små nellikane som også er i beddet ved garasjen. I dag også fann eg eit par jordbær i åkeren min.