lørdag, desember 03, 2011

Vermelding 3.desember 2011

Klokka er snart  18.00, temperaturen ute er +2-3 grader C , og det har regna i heile dag. Med så mykje nedbør som der er for tida, kan vi vere glade for at den kjem i flytande form. Sjølv om eg føler litt på at det kunne vore litt fint med kvit snø i mørketida.
Føremiddagen i dag vart kort. Det første vi gjorde var å lage ei stor panne med ertersuppe, med tanke på at vi blei fleire enn vanlig til bords i dag.
Så var der berre å gjere seg klar til ballettshower klokka 13.00. Både Ingeborg og Amanda skulle vere med å danse, så det var sjølvsagt at vi møtte opp, i lag med Margrete og resten av familien.
Jentene var flinke, det er dei alltid. Nytt denne gongen var at Ingeborg og to andre "seniordansarar" (elitedasarar) hadde eit nummer heilt for seg sjølve. Som regel er det mange på scena i kvart nummer.
Etter balletten, kom Margrete og gutane hit opp og åt middag, mens jentene vart att på kulturhuset og var med på enda ei forestilling. Lange dagar for dansarane! Margrete henta dei hit, så dei også fekk suppe.
Reknar med at Margrete legg ut bilde på sin blogg, eg har ikkje fotografert i dag.
No er vi gamle att åleine, og har ikkje tenkt å gjere det skapte grann resten av dagen.

fredag, desember 02, 2011

Vermelding 2.desember - 2011

Klokka er snart halv tre. Ute er det fint, lettskya ver, litt sol i fjellet og litt snø på marka.Temperaturen er + 1grad. Ja, det var såpass mykje snø i dag tidlig at plogen for her forbi, og Nils måtte moke vekk brøytekanten, før han for av garde ut på Rjåneset for å fiske. No driv han og kokar småsei til middag. Heldigvis har vi att ein liten klatt med Kvitseidsmør- det er eit must til fisk her i huset.
Eg har brukt føremiddagen til å vaske og støvsuge til helga, og så har eg stroke og hengt opp julegardiner på kjøkkenet. Sidan dei er i kvitt og gull er dei ikkje så veldig julete. Og  eg har lagt på ein nissevoksduk, så no har vi ei blanding av advent og jul i huset.
Sidan vi vakna grytidlig i dag, blir det vel ein middagslur etter eit relativt stot inntak av "levande pale"- the same procedure as everytime.
Ønsker alle ei god og avslappande smørlaus helg! Vi skal på ballettframsyning i morgon. Det er kjekt.

torsdag, desember 01, 2011

Vermelding 1.desember - 2011


Klokka er 14.00, temperaturen + 6 grader C og det har vore lysare i dag enn i går. Men akkurat no begynner det å blåse og regne så smått.
Vi hadde planlagt å handle litt i dag, både mat og anna, så vi var ein tur ned på Amfi. På Coop var det tomt for smør, men margarin hadde dei. Ja, dei hadde Rørossmør også, men det er slik luksus som ein berre unner seg attåt fisk t.d. (Vi brukar Kvitseidsmør til kokt fisk-salt og godt). Vi brydde oss ikkje med å jakte etter meir smør, klarer oss med margarin så lenge.Dessutan tviler eg på at det finst smør på dei andre butikkane når Coop er lens. Kjøpte litt julegåver, så no er vi i gang. Elles er det no fritt føre å komme med ønskelister.
Av bildet kan de sjå at dei er i full gang med å bygge på Amfi.Det blir spennande å sjå kva butikkar som no kjem. Særlig om vinteren, og i styggever, har eg sansen for å handle inne. Elles synest eg det er synd at den fine gågata blir liggande tom.
I dag skal Nils ha salta kveitehovud til middag. Det er ein av dei få rettane eg ikkje er så begeistra for, så han har lova at eg skal få noko anna.
I dag fekk eg endelig kjøpt meg ei kvit julestjerne til å ha i den fine potta eg kjøpte på Gjenbruk.

onsdag, november 30, 2011

Vermelding 30.november -2011

Klokka har passert halv to, og akkurat no var det såpass lyst ute at eg fekk ta eit bilde. Det har vore veldig mørkt hittil i dag. Det skodde, litt regn og + 3 grader C. Ikkje særlig trivelig ver, men betre enn sprengkulde, i alle fall inne. 
Nils hadde ei lita opprydding i frysaren "sin" i går, så i dag vart det koking av saft, syltetøy og risengrynsgraut. Alt i små mengder. I tillegg laga eg ei kake -men det står att å ha "fyll" oppå. Mangla smør. Blei ein del rot og oppvask, men så er no dette gjort til jul. Vi tok likegodt og åt middag i same farten, dvs graut og spekemat. Går an å leve litt enkelt innimellom.Det kan hende vi må på jakt etter smør e.m., for på nærbutikken var det tomt. Det gikk for lang tid før eg oppdaga smørproblemet, det er så sjelden vi kjøper slikt.
Nils var på Aasentunet og høyrde på Bård Vegar Solhjell i går kveld, og kjøpte boka hans. Han skulle lese i den no, men eg trur han somna.
Eg held på med ei lang bok om Palme-mordet. "Faller fritt som i en drøm" heiter den. God bok, men den krev konsentrasjon, og det er ikkje alltid min er like god. Ingen page-turner, for å seie det slik. Er komen til CD 8 av 15. Men eg skal lese den ferdig. Har lagt den inn på datamaskina og sit framfor den og høyrer mens eg strikkar på dei evinnelige lestane. Har helde på så lenge med det prosjektet at eg greier knapt å slutte.
Elles skal eg ikkje gjere så mykje før jul. Skal kjøpe nokre gåver, men det irriterer meg litt at mykje av det ein kjøper no, kjem på sal rett FØR jul.
Den 30.nov. i fjor var det minus 12-14 grader C og snø. Eg berre nemner det.

tirsdag, november 29, 2011

Vermelding 29.november - 2011

Klokka er snart 13.00. Ute er det + 8 grader C, stilt og litt regn.Snøen som låg heilt ned på marka sist sundag er vekke for lengst, og det er mildt og deilig.
I dag fekk eg det for meg at eg måtte gjere noko "til jul"- men kva? Det var så mykje å velje i at eg kunne ikkje bestemme meg. Ein ting var eg sikker på: Ingen småkaker. Dei eg laga i fjor vart ikkje etne, ikkje dei åra før heller. Formkaker har eg i frysaren frå fjor osv. Det vart til at eg rydda ei "roteskuffe"-det er kjekt, for så finn ein att ting som ein trudde var tapt for alltid.
Blomstrane fekk seg og litt ekstra stell, og avisa skulle lesast. Og så gjekk denne føremiddagen.
No skal vi ha tidlig middag, og kanskje vere litt aktive seinare på dag. Nils var forresten ute og trimma etter frokost.
Til middag i dag skal vi ha resten av sildekakene, dei som vi fraus. Nils skulle ta opp fiskekaker, men tok feil. Ja,ja, like greitt å bli ferdig med dei.
På bildet ser de den grøne boksen som "Tussa fiber" sette opp. Eg synest den stod fint til postboksane. Det er stillstand i fiber-arbeidet her no, men dei held kanskje på ein annan stad. Vi veit ingen ting om kva tid vi får ta fiberkabelen i bruk.

mandag, november 28, 2011

Vermelding 28.november - 2011


Klokka er ca 16.30, og det er for seint å ta bilde ute. Det er overskya, regn og grått, og utetemperaturen er + 5 grader C. Det er vel eigentlig nokså typisk novemberver.
I dag føremiddag var det styremøte i pensjonistlaget, den den nye leiaren, Eli Kjøde, også møtte fram. No håper eg at ho kan bli eit trekkplaster som får yngre pensjonistar til å begynne i laget.
Då vi kom heim att laga eg fiskesuppe til middag, så no har vi ete oss overmette, som vanlig. Nils meiner at vi skulle hatt slik suppe kvar veke.
Slike dagar med møte midt på dagen, blir det liksom ingenting om, så dette vart enda ein lapredag der ingen ting har blitt gjort heime. I løpet av kvelden skal eg skrive eit referat + eit lite avisinnlegg. Vi får kalle det arbeid det også, såpass eg får bøtt litt på samvitet.
Solveig er den einaste som har kommentert multistøpselet som eg la ut. Kan seie såpass som at det har noko med jording å gjere.
No blir det ein liten pause før kaffien.

søndag, november 27, 2011

Vermelding 27.november - 2011

Klokka er ca halv to, og eg måtte ta bilde ute før det vart mørkt. Som de ser har vi fått litt sludd på markane,  men det er greitt når vi alt er komne til 1.sundag i advent. Temperaturen er + 2 grader C.
Nils er i Volda og besøker Harald, og eg nyttar åleinetida til å høyre lydbok på datamaskina og strikke enda eit lestepar. Ein skulle sikkert ha trossa ver og føreforhold og tatt ein tur ut, men "dørstokkmila" er lang for mitt vedkomande. Elles har vi ingen planar for dagen, men i morgon  er det styremøte i pensjonistlaget. Har ikkje tenkt å stresse meg opp når det gjeld jula.

Dagbok 2026: 2.November

Klokka er no 18.00, temperaturen ute er+6 grader C,og no regnar det. Eg har gått ein tur på Vernet i dag, men rekna ikkje med at det skulle ...