Klokka er snart 18.00, temperaturen ute er +2-3 grader C , og det har regna i heile dag. Med så mykje nedbør som der er for tida, kan vi vere glade for at den kjem i flytande form. Sjølv om eg føler litt på at det kunne vore litt fint med kvit snø i mørketida.
Føremiddagen i dag vart kort. Det første vi gjorde var å lage ei stor panne med ertersuppe, med tanke på at vi blei fleire enn vanlig til bords i dag.
Så var der berre å gjere seg klar til ballettshower klokka 13.00. Både Ingeborg og Amanda skulle vere med å danse, så det var sjølvsagt at vi møtte opp, i lag med Margrete og resten av familien.
Jentene var flinke, det er dei alltid. Nytt denne gongen var at Ingeborg og to andre "seniordansarar" (elitedasarar) hadde eit nummer heilt for seg sjølve. Som regel er det mange på scena i kvart nummer.
Etter balletten, kom Margrete og gutane hit opp og åt middag, mens jentene vart att på kulturhuset og var med på enda ei forestilling. Lange dagar for dansarane! Margrete henta dei hit, så dei også fekk suppe.
Reknar med at Margrete legg ut bilde på sin blogg, eg har ikkje fotografert i dag.
No er vi gamle att åleine, og har ikkje tenkt å gjere det skapte grann resten av dagen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:16.september
Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
1 kommentar:
Det høyrest ut som ein god plan!
Legg inn en kommentar