fredag, februar 11, 2022

dagbok 2022: 11.februar


 Klokka er no 18.42. Temperaturen ligg på ca. 0 grader C og det snør framleis, som det har gjort i heile dag. Men snøen er lettare enn det vi har fått før i veka.

I dag skulle eg vere på Volda sjukehus klokka 13. Eg vakna som vanleg i 5-tida og sov ikkje mykje etter den tid. Eg var tidleg ute og moka tunet. Helge Lid kom og  freste det som plogen hadde lagt opp. Resten var ikkje tungt , men alt tek si tid. Det vart ein liten pause, og då hadde det snødd så mykje at eg måtte moke ein gong til. Då rygga eg bilen opp på vegen og køyrde ein runde, og sette den frå meg så den skulle vere lett å ta att. 

Då gjekk eg innog dusja og kledde meg om og, slappa av litt til eg skulle fare. Eg skulle køyre ned til Vik og ta bussen. Men no ville ikkje bilen opp på gata, eg streva ei stund, men så kom Helge Lid og rygga den opp. Jenta som bur i kjellaren skulle også ta buss til Volda, ho skulle heim til Fiskå i helga. 

Eg nåddde henne att nede ved kyrkja så eg sette i frå meg bilen der og så gjekk vi i lag til bussen. Vi måtte alle over i ein annan buss i Furene. Eg var heldig for eg slapp å bytte buss i Volda for den eg var i køyrde til sjukehuset. 

På røntgen kom eg til ganske med det samme, og det var ei ung jente som tok bilda. Då var eg allereie våt på føtene. Eg hadde tatt på meg tynne lestar i staden for ullsokkane mine, og støvlettane var gjennomvåte. Eg kjem ned i berre eitt par av støvlettane fordi foten er hoven, og det var dei samme eg hadde brukt då eg moka snø. 

Eg spurde i resepsjonen kva tid neste buss kom, som eg kunne sitte på med ned i sentrum. Den skulle komme om eit kvarter, men det gjorde den ikkje. Eg vart lei av å vente, så eg gjekk nedover på mine eigne bein. Våt, opphovna fot, regn/snø og vind, og glatte vegar.  Veret var verre i Volda fordi det bles. Men det gjekk bra denne gongen også. Neste problem var: Kva tid går bussen til Ørsta. Eg såg på tavla, og der stod det, men så kom eg i prat med ei ung dame frå Ålesund som skulle ta Kristiansundbussen, så då gjorde eg det også og korta ventetida med 10 minutt- Det var godt å komme inn i den varme tørre bussen, så heimturen var ein nytelse.


Men eg hadde tenkt ut ein plan. Der bilen stod parkert, var det mykje snø, og det var ikkje sikker eg fekk bilen laus. Dermed tok eg en runde inn på Clas og kjøpte ein LETT snøspade, og den fekk eg bruk for. Nok om det, eg kom men vel heim og fyrte i omnen, før eg laga meg ein god middag med steikt ørret etc. Etterpå vart eg sittande å sløve i godstolen. Ikkje så farleg å la vere å gå tur i dag-mosjon har eg fått nok. Eg skal slappe av resten av kvelden og ta fredagsvasken i morgon.

Når ein har slike dagar som dette, forstår ein kor godt det er å ha sin eigen bil-då blir det ikkje ein heil roman av ein Volda-tur. 

No skal eg sette meg inn att i stolen framforTV-en. Og så ønsker eg alle ei god helg.




torsdag, februar 10, 2022

Dagbok 2022: 10.februar

                                        Dette bildet tok eg kl.15.40

Klokka er no16.30, temperaturen ute er 0 grader og det ser ut som det skal klårne opp litt, men då blir det kaldare.

Eg er så irritert over meg sjølv fordi eg vaknar så tidleg. I dag vakna t.d. klokka 5 og fekk ikkje til å sove lenger. Eg legg meg sånn 12-1 tida, så eg søv ikkje mange timar. Det gjer kanskje ikkje så mykje, men eg blir trøtt når det lid på dag.

I dag skulle Marit køyre til treninga, og Even hadde vore oppe klokka 6 og moka fint der oppe. Eg valde å moke ein del av tunet før treninga, så det ikkje skulle vere all verda å ta når eg kom heim. 

I dag stoppa vi og handla litt på Kiwi på heimvegen. Det hadde snødd ganske mykje mens eg var vekke også, så det vart ein bra jobb å ta tunet. Verst er det med dei store klumpane som plogen legg att. Eigentleg synest eg det er ok å moke snø, men det er litt irriterande at ikkje før har ei shina opp så snør det igjen. Eg veit ikkje kor lenge eg var ute i dag, men eg vart i alle fall svolten. I dag vart "middagen" makrell i tomat på skive. Ikkje det aller beste eg veit, men eg et stort sett det meste.

Foten min er vond når den må vere nede i skoen, elles er det ikkje så gale. I morgon skal eg på røntgen klokka 13-i Volda. Eg køyrer ned til Vik og tek bussen derifrå. Eg må nok moke før eg fer i morgon også, for så lenge det ikkje frys til, vil bilen spinne i snøen. Elles skjer det ikkje så mykje, og det kan no vere like godt. No har eg fyrt godt i omnen, så skal eg slappe av ei stund. Eg får ikkje strikke for tida, for tommelen på venstrehanda streikar igjen, og eg vil at den skal vere bra til eg får garnet som Solveig har bestilt til meg.

Eli ringde i går kveld og vi prata ei heil stund. I slutten av månaden skal vi ha årsmøte  i pensjonistlaget, og no har eg tenkt at eg må  ut av styret etter å ha site der i 11 år. Eg har eigentleg likt å vere i styret slik at eg har noko eg skulle ha sagt. Men nok er nok.


Før moking.


 

onsdag, februar 09, 2022

Dagbok 2022: 9.februar

 


                          Bildet er tatt klokka 20.05. Ufyseleg ver ute


Klokka er no17.22, temperaturen ute er + 3 grader C. I dag har vi hatt snø, regn, hagl og torden -vêr. I går då det var så fint ei stund fekk eg mykje energi, det fekk eg ikkje i dag.

Som vanleg vakna eg i gryotta, men stod ikkje opp før det leid litt på. Spanskkurset begynner ikkje før klokka 11, så det er ingen grunn for å stå tidleg opp. Eg hadde litt problem med snøen på tunet, men kom meg opp på gata. Eg hadde grua meg til presentasjonen i dag, for eg hadde ei heil A4 side som eg hadde pugga, men ikkje var heilt trygg på. Eli har sagt at vi ikkje får stå og flagre med papir, så eg prøvde å greie meg utan, men måtte kike litt etter. Ho som kom etter meg las frå papiret sitt heile tida. Og ho har studert spansk før-.Men eg vart no ferdig med det, og lærte mykje sjølv.

Eg har vore frostig i heile dag. Dei andre på spansken syntest der var for varmt -eg fraus. Då eg kom heim varma eg blomkålsuppa frå i går. Sidan det ikkje var så mykje att,hadde eg oppi litt meir melk, og så fann eg på å ha fleire grønsaker i. Det var frosne grønsaker. Eg trudde det skulle bli godt, men det vart det ikkje. Likevel åt eg nesten alt, for eg vil ikkje kaste mat.

Eg var litt i tvil om eg skulle avbestille røntgen på fredag, for foten er ikkje så veldig dårleg-i alle fall ikkje når eg sit i ro. Og så fann eg ikkje bussrutene på nettet. Men Marit kunne fortelje at eg skulle ringe 177 på telefonen , så ville eg få hjelp . Og det gjorde eg, så no blir det til at eg fer til Volda på fredag. Problemet er at foten er litt hoven enno, så det er vondt å ha på seg sko. Og vondt etter at eg tek dei av.

Eg sette meg inn i godstolen, med Margrete-pleddet rundt meg og TV-en på, eg trur eg sovna litt i dag også. No skal eg gå inn og legge i omnen og få det skikkeleg varmt, eg fyrte opp i dag tidleg også, men når eg sit så mykje i ro, er eg frostig. I morgon er det trening igjen, eg veit ikkje om Marit har bestilt Taxi-men ho snakka om det. Det er fysioterapeuten som må bestille viss vi skal ha det på "Pasientreiser". 

Eg skulle ta eit bilde av vêret i dag også, men telefonen var tom for straum, så den ligg på lading-no er den komen opp i 7%.

tirsdag, februar 08, 2022

Dagbok 2022: 8.februar

I dag fekk eg sjå sola skine inn i huset til meg, både klokka 13 og klokka 15. Bildet over er tatt klokka15.
Men det skya over igjen og no regnar det. Klokka er 17.35 og temperaturen ute er + 3 grader.

Det hadde heldigvis ikkje kome snø sist natt, så eg slapp å moke før vi for på trening. Etter treninga var vi ein tur på ALTI. Marit skulle ha medisin på apoteket, og eg kjøpte ein orkidé på Europris. Eg trudde den var kvit, men i betre lys såg eg at den var gul, og det var i grunnen finare. Handla litt mat på Spar.

Vi kom heim att i 12 tida og i dag fekk eg gjort unna mange småjobbar i huset. Tok opp tørre klede frå kjellaren, planta avleggarar, kokte blomkålsuppe og mykje meir. Der var så fine blomkål på Spar i dag at eg kjøpte meg eitt og laga suppe til middagsmat. Etterpå sette eg meg inn og sløva ei stund, før eg tok fram strikketøyet. Innimellon øver eg på spansken, det er i morgon eg skal fortelje om "Mi familia" på spansk. Og det er kjempevanskeleg å hugse alle orda. Men dei andre i gruppa er ikkje mykje flinkare.

No er det bekmørkt ute igjen-men i dag har vi no sett lyset.



mandag, februar 07, 2022

Dagbok 2022: 7.februar


 Klokka er no16.30, temperaturen ute er + 2 grader og det har vore opplett i heile dag, måtte det berre vare! Eg vakna grytidleg i dag også , men stod ikkje opp med det samme. Litt seinare begynte eg å moke tunet. I dag var det tungt, for snøen hadde delvis smelta og blitt til vatn, men eg fekk no gjort det på den måten som var. Det går ikkje an å bruke fresar her på grunn av singelen.

Etter at eg var ferdig med mokinga, shina eg meg opp og tok ein tur til Vik med bil. Hadde litt problem med å rygge opp på gata, spann litt i singel og snø.Vegane ned til Vik var berre så der var det ikkje problem. Eg køyrde ned til ALTI og kjøpte  eit lite tørkestativ på Clas som eg må bruke no før eg får kjøpt meg ny trommel. Stativet var ikkje dyrt og eg fekk det inn i baksetet på bilen. Kjøpte litt garn på -nille for eg hadde strikka to lestebrot i går som eg ikkje hadde noko å skøyte på med. Eg er medlem på -nille så der blir det ikkje dyrt.Tenkte eg kunne kjøpe mat på Bunnpris så eg slapp å gå inn på andre butikkar. Der var det tilbud på Fjordland, så eg kjøpte ein porsjon til meg sjølv til middag. Det er første gong eg har kjøpt Fjordland og det blir kanskje den siste også. Kjøtt såg eg lite av, men resten var no heilt greitt

Men eg hadde god dessert, nemleg riskrem, av ein fløteskvett eg hadde+ noko av grauten som var att frå sist eg laga.

Eg vart så mett at eg måtte sitte og sløve ei stund før eg tok  fram strikketøyet. 

Ei lita stund i dag hadde eg sol inn i stova, men det var ikkje så klårt at eg såg sjølve sola, men det har i alle fall vore lyst. No håper eg berre på at det ikkje kjem meir nedbør, for i morgon er det trening,
I dag fekk eg brev om at eg har fått time på røntgen kl.13 komande fredag. Det går aldri lang tid for å få time der. Eg har vore på røntgen på sjukehuset i Volda veldig mange gonger, med hofta og føtene mine, så der er eg godt kjent.No er spørsmålet korleis eg skal kome meg dit, men eg får høyre med bussen. Så då har eg noko alle dagane resten av veka. Eg får slappe godt av i dag. I dag vaskar eg litt klede, kan ikkje vaske så mykje om gongen når eg skal tørke på stativet mitt-



søndag, februar 06, 2022

Dagbok 2022: 6.februar

 

Klokka er no 16.50, temperaturen er + 1 grad og det snør. Utan stopp. Det var litt fint på føremiddagen og det såg ut som vi kunne få litt sol i dag. Eg lurte på kva eg  skulle bruke dagen til, sidan eg ikkje kan gå tur. Til vanleg tek eg ein lengre tur om sundagane viss eg ikkje har noko anna å gjere. 

I dag var det smått med brød til frokosten. Eg hadde sikkert funne både det eine og det andre i fryserane mine, men eg bestemte meg for å bake nye brød. Har slikt å gjere. Eg sette brøddeigen og mens den heva, rakk eg godt å moke heile tunet, dvs. Helge Lid fresa vekk det som plogen hadde lagt opp. Då eg var nesten ferdig kom sola fram. Men det varte ikkje lenge før det lava ned igjen. Eg tenkte at eg kunne moke ein gong til, men slo det frå meg då det berre kom meir og meir snø. Eg kan ikkje hugse at det har snødd så mykje før. Men her ligg ikkje så mykje snø på markane, sida det har vor grønt mellom snø-ridene. Ja,ja, det er vel ikkje berre eg som er lei no.

 Eg fekk no baka og steikt brøda mine, men har ikkje smakt dei enno. For eg vart tidleg middgassvolten på grunn av den lette frokosten. I dag hadde eg restar frå kjøtkakemiddagen som Einar og eg hadde på fredag. Eg vart skikkeleg mett, og sette meg inn i godstolen og skulle sjå eitkvart på TV. Det varte ikkje lenge før eg  sovna skikkeleg, heldigvis hadde eg sett frå meg kaffikoppen. No har eg tømt oppvaskmaskina og rydda litt. Men eg går ikkje ut og mokar meir snø i dag; eg håper heile tida at det skal gå over i regn. 

Foten min er akkurat som før, den er ikkje vond når eg sit i ro, men litt vond når eg går. Eg skulle få innkalling til røntgen,  det kan no ta si tid, men som regel må ein ikkje vente så lenge. Eg har vore på røntgen med beina mine fleire gonger, og det er no ikkje noko å kvide mot. Håper berre ikkje dei finn noko som skal oprerast. 

Elles så driv eg og øver på spanskleksa i tide og utide. -Eg fann eit lestepar som eg hadde strikka, men andre lesten var ikkje heilt ferdig for eg fekk ikkje tak i rette garet. I går greidde eg å fullføre lesten når eg brukte små nøste med restegarn. Blei nesten heil fin.Eg har ikkje så mykje spennande å fortelje  for tida. Det ser dokker.Men det er no eit livsteikn.

lørdag, februar 05, 2022

Dagbok 2022: 5.februar


 Klokka er no16.35, temperaturen ute er + 2grader C. Det er overskya, men opplett no, først på dagen var det snøbyer, men eg fekk sjå sola ei lita stund også. I dag vakna eg som vanlig med ei veldig vond venstre-hofte og ein litt mindre vond venstrefot. Så då var det ikkje til å unngå å stå opp med feil fot i dag-.

Men så skjedde det som ofte skjer, hofta og ryggen kjem seg fort, når eg kjem i bevegelse. Etter frokost m.m. fann eg ut at eg sikkert kunne greie å moke tunet i dag. Eg måtte berre presse den låke foten ned i støvletten. Eg fekk moka sånn nokolunde bra, og Even kom og fresa brøytekanten -den var det verste.

Eg var veldig fornøgd med meg sjølv, og gjekk inn og leita etter strikkegarn for å få noko å styre med. Men ute kom der ei voldsom snøbyge som la meir ned enn det eg hadde moka. Men eg trong mosjon, så det var berre å gå ut og ta ein runde til. Det gjekk heilt bra og eg sette meg til med det nye strikketøyet mitt. 

Då ringde telefonen og det var ei frammand dame, trudde eg, men ho let til å kjenne meg og så forstod eg at det var Aud, tremenningen min. Eg har snakka med henne ein gong før, for ein del år sidan. Eg brukte å køyre henne i barnevogn då ho var lita og dei budde i Innvik. Aud er 10 år yngre enn eg, og ho budde med mamma då ho gjekk på haldelsskulen (trur eg det var)på Eid. Aud kunne oppdatere meg på OL, eg har ikkje hatt på verken radio eller TV i dag. Eg bryr meg ikkje om å sjå sport, men må no vere litt oppdatert når det er OL.

Det vart ein lang samtale. Så kom Marit ned ein tur, det var avtalt, og vi har no alltid noko å snakke om. Då ho gjekk opp att var det tid for meg å ete middag, og i dag vart det resten av suppa frå torsdag + dessert. 

Både Marit og eg hadde søndagskjensle i dag. Kvar laurdag, viss eg ikkje har vore på butikk, trur eg det er søndag. I dag hadde eg hatt god lyst til å gå tur, men eg kan ikkje gå så mykje på grunn av den hovne foten-alle sko blir for trange.



Dagbok 2026 : 7.oktober

  Klokka er no 19.27, temperaturen ute er + 8 grader C, Og i dag har det vel stort sett vore opplett. Eg har knapt vore ute for døra, så eg ...