fredag, februar 11, 2022

dagbok 2022: 11.februar


 Klokka er no 18.42. Temperaturen ligg på ca. 0 grader C og det snør framleis, som det har gjort i heile dag. Men snøen er lettare enn det vi har fått før i veka.

I dag skulle eg vere på Volda sjukehus klokka 13. Eg vakna som vanleg i 5-tida og sov ikkje mykje etter den tid. Eg var tidleg ute og moka tunet. Helge Lid kom og  freste det som plogen hadde lagt opp. Resten var ikkje tungt , men alt tek si tid. Det vart ein liten pause, og då hadde det snødd så mykje at eg måtte moke ein gong til. Då rygga eg bilen opp på vegen og køyrde ein runde, og sette den frå meg så den skulle vere lett å ta att. 

Då gjekk eg innog dusja og kledde meg om og, slappa av litt til eg skulle fare. Eg skulle køyre ned til Vik og ta bussen. Men no ville ikkje bilen opp på gata, eg streva ei stund, men så kom Helge Lid og rygga den opp. Jenta som bur i kjellaren skulle også ta buss til Volda, ho skulle heim til Fiskå i helga. 

Eg nåddde henne att nede ved kyrkja så eg sette i frå meg bilen der og så gjekk vi i lag til bussen. Vi måtte alle over i ein annan buss i Furene. Eg var heldig for eg slapp å bytte buss i Volda for den eg var i køyrde til sjukehuset. 

På røntgen kom eg til ganske med det samme, og det var ei ung jente som tok bilda. Då var eg allereie våt på føtene. Eg hadde tatt på meg tynne lestar i staden for ullsokkane mine, og støvlettane var gjennomvåte. Eg kjem ned i berre eitt par av støvlettane fordi foten er hoven, og det var dei samme eg hadde brukt då eg moka snø. 

Eg spurde i resepsjonen kva tid neste buss kom, som eg kunne sitte på med ned i sentrum. Den skulle komme om eit kvarter, men det gjorde den ikkje. Eg vart lei av å vente, så eg gjekk nedover på mine eigne bein. Våt, opphovna fot, regn/snø og vind, og glatte vegar.  Veret var verre i Volda fordi det bles. Men det gjekk bra denne gongen også. Neste problem var: Kva tid går bussen til Ørsta. Eg såg på tavla, og der stod det, men så kom eg i prat med ei ung dame frå Ålesund som skulle ta Kristiansundbussen, så då gjorde eg det også og korta ventetida med 10 minutt- Det var godt å komme inn i den varme tørre bussen, så heimturen var ein nytelse.


Men eg hadde tenkt ut ein plan. Der bilen stod parkert, var det mykje snø, og det var ikkje sikker eg fekk bilen laus. Dermed tok eg en runde inn på Clas og kjøpte ein LETT snøspade, og den fekk eg bruk for. Nok om det, eg kom men vel heim og fyrte i omnen, før eg laga meg ein god middag med steikt ørret etc. Etterpå vart eg sittande å sløve i godstolen. Ikkje så farleg å la vere å gå tur i dag-mosjon har eg fått nok. Eg skal slappe av resten av kvelden og ta fredagsvasken i morgon.

Når ein har slike dagar som dette, forstår ein kor godt det er å ha sin eigen bil-då blir det ikkje ein heil roman av ein Volda-tur. 

No skal eg sette meg inn att i stolen framforTV-en. Og så ønsker eg alle ei god helg.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...