lørdag, februar 05, 2022

Dagbok 2022: 5.februar


 Klokka er no16.35, temperaturen ute er + 2grader C. Det er overskya, men opplett no, først på dagen var det snøbyer, men eg fekk sjå sola ei lita stund også. I dag vakna eg som vanlig med ei veldig vond venstre-hofte og ein litt mindre vond venstrefot. Så då var det ikkje til å unngå å stå opp med feil fot i dag-.

Men så skjedde det som ofte skjer, hofta og ryggen kjem seg fort, når eg kjem i bevegelse. Etter frokost m.m. fann eg ut at eg sikkert kunne greie å moke tunet i dag. Eg måtte berre presse den låke foten ned i støvletten. Eg fekk moka sånn nokolunde bra, og Even kom og fresa brøytekanten -den var det verste.

Eg var veldig fornøgd med meg sjølv, og gjekk inn og leita etter strikkegarn for å få noko å styre med. Men ute kom der ei voldsom snøbyge som la meir ned enn det eg hadde moka. Men eg trong mosjon, så det var berre å gå ut og ta ein runde til. Det gjekk heilt bra og eg sette meg til med det nye strikketøyet mitt. 

Då ringde telefonen og det var ei frammand dame, trudde eg, men ho let til å kjenne meg og så forstod eg at det var Aud, tremenningen min. Eg har snakka med henne ein gong før, for ein del år sidan. Eg brukte å køyre henne i barnevogn då ho var lita og dei budde i Innvik. Aud er 10 år yngre enn eg, og ho budde med mamma då ho gjekk på haldelsskulen (trur eg det var)på Eid. Aud kunne oppdatere meg på OL, eg har ikkje hatt på verken radio eller TV i dag. Eg bryr meg ikkje om å sjå sport, men må no vere litt oppdatert når det er OL.

Det vart ein lang samtale. Så kom Marit ned ein tur, det var avtalt, og vi har no alltid noko å snakke om. Då ho gjekk opp att var det tid for meg å ete middag, og i dag vart det resten av suppa frå torsdag + dessert. 

Både Marit og eg hadde søndagskjensle i dag. Kvar laurdag, viss eg ikkje har vore på butikk, trur eg det er søndag. I dag hadde eg hatt god lyst til å gå tur, men eg kan ikkje gå så mykje på grunn av den hovne foten-alle sko blir for trange.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...