Slik såg det ut på altanen vår 31.januar for fire år sidan.
Klokka er no 20.20, temperaturen er + 4 grader og det regnar. Eit par dagar denne veka har det vore sol og lyst, men elles er det framleis mørketid. Men januar månad som brukar å vere litt langdryg har gått veldig fort. Denne siste veka har gåttekstra fort.
I dag har eg halde meg heime. Etter frokost shina eg kjøkkenet og vaska bad og kjøkken. Støvsuginga er sett på vent.
Marit kom ein tur ned på føremiddagen, for vi hadde litt å prate om. Vi drakk litt kaffi og åt opp ein is-rest. Eg er glad for alt som forsvinn frå fryserane. Ho blei ikkje så lenge for ho skulle nedover og handle, så eg trur vi må ha fleire "møte".
Innimellom jobbar eg med spanskleksa, det synest eg er berre kjekt. Særleg no når eg begynner å forstå litt meir. Jobbar med spansken på data i tillegg til leksa.
Klokka 17 fann eg ei melding på data frå Solveig. Ho skulle til Ørsta og handle og ville komme opp hit ca.kl.18. Eg laga ei vaffelrøre, så vart det kaffi og vaflar då ho kom. Ho hadde med seg diverse garnrestar som eg kan bruke opp. Skulle ønske eg var litt betre i armane og hendene såpass eg kunne strikke meir. I fjor vinter sat eg med eit dårleg kne, då strikka eg fem genserar før påske. Og ei kofte litt seinare+ diverse lestar. Det er kanskje derfor eg slit med armane no.
For morgondagen har eg ikkje andre planar enn at eg må handle litt mat.
Ønsker alle blogglesarane ei god helg.