tirsdag, januar 28, 2020

Dagbok 2020 : 28. januar.

Kokka er no 16.50, temperaturen er så vidt under 0 - og i dag har vi hatt sol og fint vêr. Vi har ikkje sola så lenge, men det er i alle fall lyst. Det vart veldig avslørande for stoveglasa. Dei har ikkje vore vaska på ei stund-for å seie det forsiktig. Men  kven går ut og pussar vindua i silande regn?
Sist natt hadde eg det ikkje godt. Først fekk eg ikkje til å sove, og då eg sovna ein gong i tretida, vakna eg opp att etter eit par timar og verkte såpass eg ikkje fekk til å sovne igjen. Særleg var det venstre tommelen som var heilt rabiat. Ja, det var sikker ei som strikka litt for mykje i går kveld. Då eg var oppe og kom i sving, slutta tommelen å verke. 
Marit og eg var på trening 10-11, og så handla vi etterpå. Då eg kom heim måtte eg sette meg til med spanskleksa ei stund, til det vart tid å ete. Etter maten sløva eg litt i godstolen. Det ringde på døra, og det var Marit U som ville høyre om vi skulle klippe hekk i lag.  Eg var litt usikker på om eg hadde krefter nok i hendene, men eg kledde no på med og gjekk ut. Vi fekk tatt dei to buskene lengst oppe mot vegen, og det gjorde godt å vere ute i frisk luft og jobbe litt. Eg skal ikkje stikke under stol at Marit var den som jobba mest.
Men ho kunne fortelje at ho hadde hatt slike strikkearmar også, og ho fekk sprøyte med legen - og vart bra. Eg tenkte på det i natt at eg ville gå til legen og høye om det var noko å gjere-for den treninga trur eg vil ta litt tid -om eg skal bli bra av den. I morgon, etter at eg har vore på spanskkurs, skal vi jobbe vidare med hekken. Dessutan har eg mykje meir som eg må gjere ute viss vêret held seg slik som no. Eg lurer på om eg skal sage ned det minste plommetreet-ikkje er det fint og ikkje treng eg plommene. Litt rart å halde på med hagearbeid i januar.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...