Ein av naboane har ei fin skråning ned mot vegen. No er det haustfargane som har tatt over.
Klokka er 18.30, temperaturen ute er + 17 grader, så no er det nesten sommar igjen. Det er lettskya og fint ute no, men i dag tidlig var det vått på gata-og i graset.
Nils var tidlig på farten, ut for å fiske sei. Han var ikkje ute på sjøen i meir enn ein time, då hadde han nok. Dei som brukar å ta imot rund småsei er ikkje heime, så no lyt han filetere all fisken. Med unntak av den vi hadde til middag.Han likar i grunnen å filetere fisk når det ikkje blir for mykje, for det er noko han kan!
Eg vakna sjølvsagt med låke føter etter trakkinga i går, men ikkje så gale at eg var arbeidsudyktig. Etter det vanlige morgonstellet, sette eg i gang med å vaske taka på kontoret, kjøkkenet og vindfanget. Vaska med nokre ekstra gode moppar som eg har. Det finst jo ikkje skite. Då eg kom til vindfanget vaska eg også vegger, hyller etc. Så no er der reint og ryddig. No står det berre att å vaske vegger på kontoret og kjøkkenet, så er eg ferdig med "vårreingjeringa"-vart litt forseinka på grunn av alt finevêret i år. Så det blir snart å starte på han igjen.
Hadde eit par ærend nedover i dag også, blant anna var det eit par brev vi ikkje fekk levert i går, fann rett og slett ikkje fram. Det er dårlig skilta med gatenamn og nummer fleire stader, det merkar ein når ein går i ukjent terreng. No er alt i (post)boks.
Eg blei litt irritert i dag. Fekk brosjyre frå ei sportsforretning, der eg fann eit par litt høge joggeskor, som eg trudde kunne vere bra til vinteren. Då vi endelig fekk tak i ein ekspeditør, så hadde dei ikkje skorne. Ikkje skulle dei få dei inn heller.
Så var det Amfi.Der hadde eg sett meg ut ei termokanne eg ville kjøpe. Var inn på butikken ein gong-ingen som ekspederte. Andre gongen kom ho etter kvart fram frå eit bakrom. Eg spurde kva kannene kosta, for eg hadde lagt merke til at prislappen var vekk. Då var dei 100,- kr dyrare enn sist eg såg dei. Eg kjøpte IKKJE.(Fekk beskjed om ein måtte kjøpe mens tilbodet varde.)
Det var Nils som kokte middag i dag, og så vart det pause på sofaen.Kunne hatt lyst å gå ut og stelle i hagen, men det blir vel snart mørkt. Får tømme eit par maskiner etc.etc.I morgon skal eg visst lage blandaballj-må bruke fisken til noko nyttig, og småseien passar ikkje til fiskekaker. Synest av og til at eg gjer meir husarbeid no enn den tida vi var mange i familien. Er visst tilbake til -50 åra ?