lørdag, desember 12, 2020
Dagbok 2020: 12.desember
Klokka er no 15.30, temperaturen er 0 grader og det er framleis fint vêr, ser berre små fine skyer på himmelen. I dag vakna eg tidleg og stod opp relativt tidleg. Det er gjerne slik det er når ein "skal noko". I dag var det at Birte og Håkon skulle viast til ektefolk. Vi kallar det ikkje bryllaup sidan det ikkje var noko samling etter vielsen, det får kome seinare.Det er ei stund sidan dei søkte om det, tida gjekk, men brått vart det full fart.Solveig og Øystein henta meg her klokka 11, vielsen var kl.11.30. Gjestane var foreldre og besteforeldre til brudeparet.Presten som vigde paret er gift med mora til Birte, men er tysk opprinneleg.Han har eg helst på før. Far til Birte hadde med seg kona si, ho hadde eg ikkje helst på før.Det var ei enkel men fin stund i kyrkja.Der var organist og ein som spelte trompet. Vi trudde kanskje at Amund vart skræmd av trompetlyden-men det gjekk bra.Solveig med Amund, Øystein og eg sat på første benk framfor juletreet. Det er sjølvsagt spesielt med slike samlingar i Coronatida, men no har eg vore både i dåp, gravferd og brudevigsle i denne spesielle tida. Presten talte, bestefar til Birte heldt også tale, og Øystein sa nokre ord. Og eg høyrde/forstod ikkje eit kløyva ord. Det var slik i gravferda til Ruth også-forsto ikkje eitt ord.Det er noko med lyden /lydanlegget i Volda-kyrkja som eg ikkje forstår meg på, dei andre både høyrde og forstod.
Det vart mykje fotografeing inne i kyrkja, bilda mine var ikkje av veldig god kvalitet. Amund var relativt roleg , men vart veldig glad når han såg att foreldra. Solveig og Øystein vart med meg heim, som planlagt, og fekk middag og kaffi her. Øystein fekk til å innstallere dørkransen min, såpass eg også kan hjelpe til å lyse opp Starevegen. No skal eg slappe av resten av dagen, trur eg, det er litt seint å gå tur på Vernet, så det får eg utsette til i morgon.
fredag, desember 11, 2020
Dagbok 2020: 11.desember
Klokka er no 16.00 og eg har nettopp tatt bilda som de ser på bloggen i dag. Eit aldeles nydeleg julevêr etter mi meining. Himmelen er nesten klår, det er ikkje nedbør, og temperaturen er +1,5 grader C. Kan ikkje bli betre. Ønsker meg ikkje snø i det heile tatt, særleg sidan leigebuarane mine har reist heim til jul og ikkje kan ta seg av mòkinga her.
I morgon skal eg til Volda og vere med i kyrkja når Birte og Håkon blir vigde. Solveig og Øystein blir med meg heim att. Eg har invitert dei på middag. Skrella grønsaker og poteter etc. før eg begynte på fredagsvasken i dag.Eg gjorde også eit lite framstøt med julepynt og lys, det kjem fram litt etter kvart. Eg fann ut at eg hadde for lite gulrøter, fordi eg hadde laga ei gulrotkake, så eg måtte på butikken ein snartur. Då eg hadde parkert bilen, oppdaga eg at eg ikkje hadde veska med meg- det var berre å snu heim att, heldigvis ikkje så lange turen det. Handla det eg skulle ha og vel så det. I dag vart det speilegg og bacon til middag. No skal eg snart ha meg ein kaffikopp og nogo attåt, og så skal eg slappe av. Tørketrommelen jobbar for meg. Eg skulle gjerne ha gått rundt i butikkane no før jul, sett på varene og snakka med folk. Men eg er litt forsiktig med å mingle for mykje no når folk kjem alle stader frå og skal heim til jul.Det vart ikkje tur på Vernet i dag-den lyse dagen er kort.
Eg vil ønske alle ei god helg. Og så kan vi tenne tre lys.
torsdag, desember 10, 2020
Dagbok 2020: 10.desember
Klokka er no 16.00, temperaturen på trappa er + 3 grader, og det har vore ein fin dag i dag. Berre vi kunne fått ha det slik heilt fram til jul-eller enda lenger! Eg fekk ein noko "flying start" på dagen i dag. Hadde problem med å få sove i går kveld/natt men eg sovna vel sånn i 2 tida som vanleg. Eg har kjøpt meg ei vekkarklokke og den står på vekking klokka 9. Det er ikkje ofte eg vert vekt av den, som regel er eg oppe før den tid-men berre for å vere sikker på at eg ikkje forsøv meg. I dag tidleg vakna eg og vart liggande og vente på at vekkerklokka skulle ramle, men så kom eg på at eg ikkje hadde sett på "på - knappen". Og klokka var 10. Eg kom meg opp i ein viss fart og skunda meg ut på kjøkkenet, drog frå gardinene og sette på lys. Då ser Marit at eg er oppe. Men i dag var ho litt bekymra og lurte på om eg var sjuk-for vi plar som regel vere tidleg oppe dei dagane vi skal på trening. I dag skulle vi ikkje trene før kl.12.30 så det var ingen katastrofe. Eg hadde planlagt å støvsuge teppegolva før trening, men i dag rakk eg berre stova. Etter treninga handla vi på Kiwi i dag; eg kjøper inn både det eine og det andre "til jul"-lageret plar vare om lag til påske. Eg kjøper helst slikt som står seg eller kan frysast. Vi vart sittande å prate i bilen som vanleg, så klokka var nærmare 15 før eg var i hus. Då laga eg meg "middag"-i dag vart det salat med Apetina-ost. No har eg kveikt godt i omnen såpass eg slepp å fryse. Kanskje kjem Marit ned og ser NRK-TV i lag med meg. Fekk melding frå Rasmus i går om at han har sendt ein pakke til meg på 10 kilo. Han sender alle julegåvene til meg, så hentar Solveig og Margrete dei her.Elles fekk eg ei uventa melding i går. Birte og Håkon skal gifte seg på laurdag i Voldakyrkja. Berre foreldre og besteforeldre er invitert til å oververe vigsla. Det blir ikkje "bryllaup" i vanleg forstand, berre vigsle i kyrkja. Solveig og Øystein hentar meg så eg sit på med dei til Volda. Det blir mange feiringar å ta att etter Corona-tida! Leigebuarane mine skal reise i dag/kveld, så då får eg huset for meg sjølv ei stund. Kor lenge veit eg ikkje.-Eg synest det blir så rart når eg ikkje får ha avsnitt i det eg skriv, alt blir sosa i hop, men det er ikkje mi skuld.
onsdag, desember 09, 2020
Dagbok 2020: 9.desember
Klokka er no 19.20, temperaturen på trappa er + 2 grader. I dag-morgon regna det, men utover dagen vart det fint, med sol i fjella, men ikkje nede hos oss. I dag hadde eg planen klar,rett etter frokost begynte eg å lage ei brasiliansk fruktkake, den er verdens enklaste kake å lage, så den var fort sett i omnen. Mens den steikte laga eg deig til julebrød som stod og heva. Det vart to former med julebrød, og sidan eg hadde rota til heile kjøkkenet kunne eg like godt sette ein brøddeig. Dessutan hadde eg meir melk som eg ville bli kvitt. Dermed vart det tre grovbrød også. Eg vaska opp og rydda etter kvart, så då eg hadde tatt ut brøda, kunne eg ta meg ein tur på Vernet i det fine vêret. Eg stod på same plassen og tok bilde i alle retningar. Bilda mot fjorden og Vik vart nesten svarte, men det motivet er vel kjent frå før. Eg trefte ein nabo på veg heim då eg kom på Vernet så eg fekk no prata litt med henne. Eg var heime rett før klokka 15 og då var det tid for middag. I dag vart det restar frå i går, og til dessert vart det kaffi og skalken av eine julebrødet. Marit og eg hadde avtalt at ho skulle komme ned og sjå nokre episodar av ein serie, så i dag har det blitt ein del TV-sjåing innimellom. Elles vaska eg to ullgenserar i maskina, dei ligg på badgolvet til tørk. I morgon er det trening igjen, og kanskje litt handling attpå. Elles prøver eg å få til litt spanskøving innimellom.Eg er sjokkert over Corona-nyheitene, det ser ikkje lyst ut, det er mange land som har store problem no.Slik det ser ut kan eg vere blant dei heldige som får vaksine tidleg, så då gjeld det berre å vere forsiktig nokre veker til.
tirsdag, desember 08, 2020
Dagbok 2020: 8.desember
Det lyser i stille grender.
Klokka er no 15.15, temperaturen ute er 5,5 grader C, og det regnar ikkje sjølv om det ser ut som der er vått på gata. Det var visst litt glatt på vegane, men eg merka ingen ting på bilen.I dag var Marit og eg på trening 11-12. Etterpå var vi ein tur på Alti, der vi hadde æend begge to.
Så var vi på Spar og handla matvarer og det tek si tid. Eg har leita etter sukat på butikkane, og i dag fekk eg tak i, dei hadde ikkje fått pakka den ut før. Både Marit og eg skal bake julebrød med sukat, og ingen av oss forstår korfor folk ikkje vil ha det no lenger. Vi held på vårt. Klokka var 14 før eg var komen i hus. Og då laga eg meg middag av kyllingkjøtt som eg hadde kjøpt på tilbod, saus hadde eg i ein pose frå før, ris kokte eg i mikrobølgeomnen og så opna eg ein lite boks ananas. Det blei med andre ord ikkje så veldig billeg, men eg løyvde nok til i morgon også. Eg har litt av kvart som eg MÅ gjere i dag, men først må eg slappe litt av etter middagsmåltidet. Har ei SPANSK problem også. Fekk eit spørsmål på nettet("Pensjonistspansk i Ørsta" heiter gruppa)- eit grammatikalsk spørsmål- som vi må besvare. Ikkje heilt enkelt, men bra at Eli har litt kustus på oss enda vi ikkje har kurs no.I morgon skal eg ikkje på noko, så då får eg sikkert gjort mykje her heime. Trur eg. Det er no bra at vi har jula på denne årstida, kva skulle vi gjort utan den?
I dag er det tre år sidan Nils flytta heimanfrå og ut på Sjukeheimen. Tida går.
mandag, desember 07, 2020
Dagbok 2020: 7.desember
Klokka er no 16.30, temperaturen ute er + 1 grad C og eg trur det har regna i dag. Har ikkje vore så mykje ute i dag heller. Bilda tok eg frå altanen i dag, for å vise at her er grønt og fint enno.Eg har ingen ting imot grøn jul! Apropos jul, så veit eg ikkje korleis eg skal førebu meg i år når alt er så uvisst. Men eg prøver å bake litt og så skal eg no handle inn så eg har litt å by på. I dag var eg også planlaus, men bestemte meg fort for at eg ville lage ei gulrotkake. Og eg var så metodisk at eg leita fram alt eg skulle ha i kaka og sette det på disken. Heilt ulikt meg sjølv-eg plar flakse rundt å leite etter det eine og det andre mens mixaren går. Det er lite arbeid med den kaka, det er i grunnen berre å raspe gulrøtene. Likevel gjorde eg ein liten feil, eg tok ei form som var litt for stor, då blir kaka "tynn"-men med rikeleg glasur-og det er no den som er best.Eg skulle rydde litt i frysarane mine, og der fann eg rips-den tok plass! Så måtte eg berre koke saft av bæra-ein liten skvett på 2-3liter. Det vart ei smaklaus saft, men eg hadde den på flasker som eg skal fryse til ein gong nokon
vil ha den. Fekk kasta diverse som måtte kasserast av bær som har vore frosne og oppatt-tinte nokre gonger. Eg er ikkje flink til å halde i orden storefrysaren; fryseskapet har eg vore nøydd til å ta skikkeleg nokså ofte.Fann litt klede som måtte strykast også, så føremiddagen gjekk fort. det var berre så vidt eg fekk tid til å studere litt spansk før eg skulle lage middag. I dag vart det "pasta carbonara" -ein enkel variant. Kunne tenkt meg ein tur på Vernet, men eg var for mett, så eg måtte vente litt. Eg venta såpass lenge at det vart mørkt ute, og då slapp eg å trimme. Men i morgon skal vi på trening, Marit og eg, og etterpå skal vi på ALTI og handle litt og kanskje på Spar også.Det begynner å mørkne før klokka er 15, så det er ikkje mykje ein får gjort i dagslys, og når det liksom er "kveld" får eg mest lyst til å sjå TV og strikke etc. Men det er no diverse ein kan gjere - viss ein vil.Eg brukar ikkje å ha på TV-en før klokka er 18++ så eg får ikkje vite kor det står til med Corona før den tid. Ein kan ikkje tenke på den heile tida-i alle fall ikkje når ein er heime og ikkje i lag med folk-då kan eg no føle meg trygg for min eigen del. Men eg tenkjer no på alle dei andre i familien også. Dei som jobbar i skulen er no nokså utsette viss der er smitte blant elevar og lærarar. Til denne tid har det gått bra.
søndag, desember 06, 2020
Dagbok 2020: 6. desember. Nilsmesse.
Klokka er no nærmare 16 og det er alt skymt ute.Temperaturen er + 3 grader. Det har ikkje vore heilt lyst i dag. Eg hadde ingen planar for dagen, men så sa eg til meg sjølv:"Viss du lagar krumkaker, skal du sleppe å gjere meir i dag." Då gjorde eg det, steikte 48 krumkaker og la dei i boks. Langsmed det andre eg styrer med, vaskar eg klede i kjellaren. Var ute og fekk trillbåra i hus, den er rusta nok, og så rygga eg bilen ut på tunet så eg fekk kløyvd litt ved til opprtenning. I går kveld strikka eg ferdig nokre lesta som eg har strikka av restegarn. Det var mange trådar å feste, men eg sat attmed datamaskina og hadde på musikk så det var berre kjekt. Etterpå måtte eg berre ha ei lita økt med spansk. Middag i dag? I dag vart det berre dessert og kaffi.Eg hadde litt bær i ein pose og ein svett fløte i kjøleskapet. Då kom eg på at eg hadde ein kartong med melk som gjekk ut på dato, så då tok eg og laga ein brøddeig. Den står no til heving, men eg skal ikkje gå på Vernet i dag. Gjekk i går....... .Eg er litt usikker på kva eg skal "gjere til jul" i år, sidan vi veit lite om kor mykje eller lite vi kan besøke kvarandre. Men eg skal no ha mat i huset, for eg reknar med at eg får besøk av fleire , men ikkje alle på ein gong, kanskje.No skal eg sjå ned til klesvasken min, og så skal eg slappe av- til brøddeigen er ferdigheva. Så må eg spekulere litt meir på kva eg skal lage av restegarnet mitt-eg trur eg treng ei hue-kanskje?
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 26.august
Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...

















