Klokka er 17.35, temperaturen ute er + 3 grader, og det er vått og hustrig. Eg er frostig og saknar sola.
I dag hadde eg ikkje mykje på programmet etter, skulle berre vaske kjøkken og bad. det var fort gjort og eg begynte å tenke på andre oppgåver. Så bestemte eg meg for å ikkje gjere så mykje, berre slappe av. Då begynte klokka å gå mistenkeleg fort. Eg fyrte i omnen og las avisa eg det eine med det andre. Sette på ein klesvask, laga meg litt mat osb.
Så sette eg meg til å høyre lydbok-og sovna. Eg har jo høyrt lydbok i åresvis og det har gått bra, no dett eg fort ut og sovnar. Det er kanskje sjølve boka det er noko i vegen med. Margrete har råda meg til å legge kabal på PC mens eg høyrer, men det toler ikkje arma mi så godt. Men snart skal eg sette på TV-en og hente fram strikketøy. Eg bestemte meg til å gå på butikken i morgon og ikkje i dag, så eg har ikkje noko godt å snope på fredagskvelden. Får ta det att i morgon. Ikkje mykje å berette i dag altså, men eg har det bra.
fredag, mars 06, 2020
torsdag, mars 05, 2020
Dagbok 2020: 5. mars
Klokka er 17.00, temperaturen ute er + 5-6 grader, det er opplett men skya. Tidlegare i dag hadde vi litt sol. Eg vakna grytidleg i dag, men prøvde å sove vidare. Det gjekk ikkje så bra, så då klokka nærma seg 7 stod eg opp. Etter frokost shina eg kjøkkenet, lurte på om eg skulle vaske golv også, men slo det i frå meg, og tok fram spanskleksa i staden. Eg fekk gjort ein heil del, men det er slikt som tek tid. Eg tok også og festa trådane på lestene eg strikka ferdig i går kveld.
Og så dusja eg og kledde på meg treningskleda. Å ha time kl.12.30 er litt dumt -ein "øydelegg" både føremiddagen og litt av ettermiddagen også. I dag hadde både Marit og eg ærend på apoteket blant anna, så det vart ein tur på ALTI. Så fann Marit på at ho ville spandere kake og kaffi på oss, så då vart det kafé-besøk til slutt. Vo ville ha samme kaka begge to, den med bringebær og gelé på toppen -og vi åt seint for å nyte den fullt ut.
I dag fekk eg ultralydbehandling på eine skuldra, og så fekk eg beskjed om å gjere minst mulig som involverer armane, ergo kan eg gå tur og ikkje mykje anna. Eg skal ikkje bry meg om alt som skal gjerast, seier ho. (Ho veit at eg gjer det likevel.) Marit og eg var samde om at kafébesøket var ein "højdare" på dagen. Og neste gong skal eg spandere. Det er kjekkare å spandere kvar sin gong i staden for å kjøpe sjølv.
Då eg kom heim, la eg i vatn eit golvteppe som hadde ramla ned frå altanrekkverket og ned i blomsterbedet. Så fyrte eg litt i omnen, før eg sette meg til med meir spansk-lekse. Eg har ikkje hatt på Tv-en i dag, men Marit hadde sett Frokost-TV så ho hadde høyrt siste Corona-nytt. Apropos så var dei lens for Anti-bac på apoteket. Ikkje at eg hadde tenkt å kjøpe.
Eg skulle i grunnen pussa vindu-men fysioterapeuten seier NEI. Eg får sette på TV-en så sovnar eg sikkert ei stund.
onsdag, mars 04, 2020
Dagbok 2020: 4.mars
Klokka er 17.50, temperaturen ute er + 3 grader. Vi har hatt ein fin dag med klår himmel og sol.
For meg vart dagen litt rotete-har liksom ikkje fått "gjort" noko.
Første post på programmet etter frokost etc. var Spansk-kurset. Eg hadde Marit med nedover , ho var på kino mens eg ar på kurs, og så for vi i lag heim.
På kurset i dag fekk vi nokre vanskelege oppgåver, som eg gjorde ferdig her heime, så det tok si tid.
Så skulle eg sende nokre skriv til Eli på e-post, det vart litt trøbbel, som ordna seg
Det vart tid for mat og ei stund etter det igjen gjekk eg tur rundt på Vallabøen, tok motsett runde av det eg brukar, det var godt å vere ute litt.
Då eg kom heim att vart eg sittande å styre med diverse på data. Då kom Eli. Det viste seg at ho ikkje kunne bruke skriva mine i den formaten eg hadde sendt. Og her vart eit styr. Midt i opplæringa forsvann heile teksten. Men DET hadde eg råd for. Eg henta teksten frå e-posten og så inn att på Word . Då kunne vi skrive den ut og sende det som vanleg brev. Men no har Eli tatt på seg å lære meg å bruke e-post med vedlegg. Eg brukar nesten aldri e-post, så eg treng vel eit kurs.
Og slik gjekk den dagen. No er det snart TV-tid og tid for å strikke ferdig ein lest.
Leigebuarane mine reiste i dag. Dei skal til Svalbard og vere der lenge, kjem ikkje hit att før etter påske.
I dag fyller det yngste barnebarnet mitt, Ingar på Kongsberg, 10 år og farmor vil gratulere både her og der. Håper han har ein fin dag. Veit ikkje om det er selskap i dag.

tirsdag, mars 03, 2020
Dagbok 2020: 3.mars
Klokka er 17.10,temperaturen er + 7 grader C, I dag har det vore klår himmel og sol heile dagen; den første heile soldagen hittil i år. Det var kaldt sist natt, så slapset som låg på vegen i går, hadde frose til is. No har eg nettopp gått ei runde+ ei halv runde på Fonnvernet. Der hadde både snøen og slapset frose til beinhard is, det var vondt å gå på, og ein måtte vere forsiktig så ein ikkje datt. Det gjekk heilt fint for meg, eg tok det med ro og kvilte og sola meg på alle benkane.
Eg sov ikkje så godt sist natt, men då vekkarklokka ringde klokka 8, då sov eg. Eg står opp i god tid når eg skal på trening, så får eg til dømes tid til å dusje og vaske håret. Torsdag skal eg på trening igjen og då vil fysioterapeuten prøve å behandle meg med ultralyd. Viss ikkje det hjelper, må eg på røntgen og ev. CT. Det legen kan gjere er å sette cortison- sprøyte. Eg verker ikkje så mykje om dagen viss eg ikkje gjer noko særleg, men om natta verker eg når eg ligg i ro. Ja, det er no ikkje verdens undergang.
Eg var veldig trøtt då eg kom heim etter at Marit og eg hadde handla på Spar etter treninga. Eg ville sovne attmed PC-en mens eg skulle øve på spansken. Men eg greidde å halde meg nokolunde vaken til eg skulle lage middag. Hadde nok restar frå i går så det var fort gjort. Men då la eg meg på dagsenga etterpå - med Storytel. Låg ikkje så lenge før eg spratt opp og kom meg ut i sola-no har ho akkurat gått ned, men ho har varma huset i heile dag, og det set eg pris på.
No skal eg skrive ein liten epistel for pensjonistlaget, og så blir det litt meir spansk før eg set på TV-en. Spansk-kurset varer ut mars månad.
Høyrde eit vårteikn ute i dag, det var ikkje fuglekvitter-men isbilen.
mandag, mars 02, 2020
Dagbok 2020: 2.mars
Klokka er 18.00, temperaturen ute er +6 grader, det er skya, men opplett. Heller ikkje i dag har vi sett mykje av sola. Eg var oppe i skapleg tid, og fekk lese ferdig boka mi mens eg åt frokost -og litt etterpå.
I dag fann eg ut at eg skulle Shine litt på stova, eg sette eikeborda inn med olje og så støvsuga eg. Det gjekk altfor lett, så eg skjønte at eg måtte sette inn ny pose i støvsugaren, då vart det skikkeleg jobbing. Dei vonde armane mine likar ikkje støvsuging, så eg må ta mage pausar, men eg kom no rundt. Sette meg til med spanskleksa ei stund til det var på tide å lage middag. I dag vart det spagetti taglitelle med bacon og tomatpuré. Det var så godt at eg åt altfor mykje. Eg hadde tenkt å gå tur i dag, men visste ikkje om eg orka når eg var så mett. Men det gjorde eg. Men det var eit anna problem, eg var låk både i ryggen og beina, men eg er stirrig når det er noko eg vil. Eg kom meg nesten heilt fram i Nupen, men snudde før eg kom til bakken. Eg hadde lyst å sjå fram att på gamle tomter og tok bilde heile vegen, slik at dei som vil kan memorere. Ikkje alt er som før der heller.
Eg skal prøve å legge ut bilda i rett rekkefølge, så kan de ta turen i lag med meg.

På marka ovanfor Nils Elling sitt hus var der hestebeite. Første hausten vi var pensjonistar rydda vi heile beitet mot å få veden. Trur vi hadde nærmare hundre sekker med ved.
Her snudde eg, dvs ved huset der Titti og Nils Elling budde+ to brør til.
Her er garden til Arve
Olavsgata
Bok nr.12 - 2020: Miss Marie
Første verdenskrig raser i Europa og bakerfamilien Thoresen i Kristiania mangler mel. En dag kommer en invitasjon fra de to tantene i Amerika til eldstedatteren Thea. Hun kan hjelpe familien økonomisk om hun drar i tjeneste for den velstående Vanderbilt-familien i Amerika. Takker hun ja, må hun si
farvel til kjæresten Hans, som snakker om forlovelse.
Thea reiser over Atlanterhavet til et liv hun ikke har kunnet forestille seg. Som tjenestepike ved landstedet Idle Hour på Long Island blir de forskjellene hun har sett hjemme små. Her i dette landet hvor det skulle være frihet for alle, er det forskjell på alt. Og Thea er en av de usynlige.
Hun støtter seg til tantene, men de har en hemmelighet som Thea etter hvert må bære sammen med dem, om ikke alt skal rase. Og når urettferdighetene i Vanderbilt-systemet begynner å få konsekvenser også blant tjenerne, må Thea stille spørsmål ikke bare om hva hun mener er rett, men også om hvem hun selv er og hva hun står for.
Miss Marie er første roman i en planlagt trilogi om Thea.
…………………………………………………………………….
Dette er den andre boka eg har lese av Ellen Vahr. Eg syntest den hadde ein litt rar slutt, men så ser eg at det er første bok i ein trilogi. Eg treng ikkje skrive kva den handlar om, for det stpår over her. Eg veit ikkje om det er eg sjølv som er "rotete" i hovudet,eller om det er forfattaren som er litt uklår, for eg syntest det vart litt mykje fram og tilbake.
Boka var grei å lese, men den fenga meg ikkje heilt. Som eg plar seie: Skygg unna bøker som har bilde av ei kvinne bakfrå.
(Nei, da, den er ikkje heilt DER)

søndag, mars 01, 2020
Dagbok 2020: 1.mars
Klokka er 18.10, temperaturen er + 2 grader C, det har vore overskya og opplett i dag, men no trur eg det lagar seg til med nedbør, håper det ikkje kjem meir snø.
Eg hadde ein avtale med Even om at han skulle kjøpe mòkebrett til meg, for eg trur ikkje eg har plass til eit slikt i bilen min. I går hadde han kjøpt brett og sett ned til meg. Det er mindre enn det gamle, slik vi var einige om, så det blir lettare. Det gamle er øydelagt, så det må eg få bort på VØR med tid og stunder. No håper eg ikkje på mykje snø framover, men om den kjem, så greier eg å mòke med brettet. Det er av merket FISKARS som brukar å vere eit bra merke.
I dag har det ikkje kome ny snø, men mykje av den gamle ligg att, også på vegane. Eg gjekk ein tur "Rundt Storebakken" på føremiddagen i dag. Det var både snø og is i vegen, så det var ikkje heilt trygt. Eg hadde med meg ein stav, og eg trur det var ein fordel. Eg datt i alle fall ikkje.
Eg vakna tidleg i dag, som vanleg, men nekta å stå opp, så eg var ingen morgonfugl. Etter frokost strikka eg ferdig ein lest og festa trådar på to. Eg kan ikkje la vere å strikke litt av og til,men eg må ikkje overdrive.
Då eg kom frå tur, sette eg på steikomnen og fann ein kjøpepizza i frysaren. Mens eg steikte øvde eg på spanskleksa. Eg vil ikkje skryte av pizzamåltidet, men det gjekk no ned. Eg tenkte det var bra at eg ikkje hadde servert pizzaen til andre. Eg kjøper både eitt og anna på "tilbod" og lagrar. Det skal eg slutte med.
Men eg vart veldig mett så eg måtte berre slenge meg på sofaen etter måltidet. Eg las i boka mi-men så sovna eg. Eg trudde eg skulle lese ut boka mi fort , men oppdaga at det var nærmare 100 sider att, så det spørs om eg blir ferdig i kveld.
Når klokka blir 19.00 set eg på TV-en, og så blir det vel å sitte og glo resten av kvelden, så eg må finne meg eit nytt strikketøy. Garn har eg. Elles har vel dei fleste fått med seg at bandet til Erlend "Migraine" var med på ungdommens kulturmønstring (UKM) i går, og sannsynlegvis kjem til å gå vidare i konkurransen. Dei lagar mykje lyd til å vere berre tre. Men dei er flinke-sjølv om det ikkje akkurat er min musikk. Ikkje så mykje skjer når eg går her åleine ein heil søndag-men det er OK for meg. Komande veke får eg vanleg program , med trening tysdag ogtorsdag + spansk på onsdag.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026:23.november
Utsikt frå altanen k18-30 Kokka er18.30, temperaturen ute er minus 5 graderC og det er klarver (Det ka...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...