mandag, mars 02, 2020

Dagbok 2020: 2.mars

Klokka er 18.00, temperaturen ute er +6 grader, det er skya, men opplett. Heller ikkje i dag har vi sett mykje av sola. Eg var oppe i skapleg tid, og fekk lese ferdig boka mi mens eg åt frokost -og litt etterpå.
I dag fann eg ut at eg skulle Shine litt på stova, eg sette eikeborda inn med olje og så støvsuga eg. Det gjekk altfor lett, så eg skjønte at eg måtte sette inn ny pose i støvsugaren, då vart det skikkeleg jobbing. Dei vonde armane mine likar ikkje støvsuging, så eg må ta mage pausar, men eg kom no rundt. Sette meg til med spanskleksa ei stund til det var på tide å lage middag. I dag vart det spagetti taglitelle med bacon og tomatpuré. Det var så godt at eg åt altfor mykje. Eg hadde tenkt å gå tur i dag, men visste ikkje om eg orka når eg var så mett. Men det gjorde eg. Men det var eit anna problem, eg var låk både i ryggen og beina, men eg er stirrig  når det er noko eg vil. Eg kom meg nesten heilt fram i Nupen, men snudde før eg kom til bakken. Eg hadde lyst å sjå fram att på gamle tomter og tok bilde heile vegen, slik at dei som vil kan memorere. Ikkje alt er som før der heller.
Eg skal prøve å legge ut bilda i rett rekkefølge, så kan de ta turen i lag med meg.








På marka ovanfor Nils Elling sitt hus var der hestebeite. Første hausten vi var pensjonistar rydda vi heile beitet mot å få veden. Trur vi hadde nærmare hundre sekker med ved.

Her snudde eg, dvs ved huset der Titti og Nils Elling budde+ to brør til.



Her er garden til Arve



Olavsgata

1 kommentar:

Unknown sa...

Do this hack to drop 2 lbs of fat in 8 hours

Over 160,000 women and men are using a easy and SECRET "liquids hack" to burn 2lbs each night while they sleep.

It's painless and works with anybody.

Here are the easy steps for this hack:

1) Go grab a clear glass and fill it with water half full

2) Proceed to follow this amazing HACK

and you'll become 2lbs lighter in the morning!

Dagbok 2024: 22.november

Klokka er no 16.18 og bildet over er tatt for eit par minutt sidan. No sit eg her inne i huset mitt og er så å seie innesnødd. Ser de godt e...