tirsdag, mars 03, 2020

Dagbok 2020: 3.mars



Klokka er 17.10,temperaturen er + 7 grader C, I dag har det vore klår himmel og sol heile dagen; den første heile soldagen hittil i år. Det var kaldt sist natt, så slapset som låg på vegen i går, hadde frose til is. No har eg nettopp gått ei runde+ ei halv runde på Fonnvernet. Der hadde både snøen og slapset frose til beinhard is, det var vondt å gå på, og ein måtte vere forsiktig så ein ikkje datt. Det gjekk heilt fint for meg, eg tok det med ro og kvilte og sola meg på alle benkane.
Eg sov ikkje så godt sist natt, men då vekkarklokka ringde klokka 8, då sov eg. Eg står opp i god tid når eg skal på trening, så får eg til dømes tid til å dusje og vaske håret. Torsdag skal eg på trening igjen og då vil fysioterapeuten prøve å behandle meg med ultralyd. Viss ikkje det hjelper, må eg på røntgen og ev. CT. Det legen kan gjere er å sette cortison- sprøyte. Eg verker ikkje så mykje om dagen viss eg ikkje gjer noko særleg, men om natta verker eg når eg ligg i ro. Ja, det er no ikkje verdens undergang.
Eg var veldig trøtt då eg kom heim etter at Marit og eg hadde handla på Spar etter treninga. Eg ville sovne attmed PC-en mens eg skulle øve på spansken. Men eg greidde å halde meg nokolunde vaken til eg skulle lage middag. Hadde nok restar frå i går så det var fort gjort. Men då la eg meg på dagsenga etterpå - med Storytel. Låg ikkje så lenge før eg spratt opp og kom meg ut i sola-no har ho akkurat gått ned, men ho har varma huset i heile dag, og det set eg pris på.
No skal eg skrive ein liten epistel for pensjonistlaget, og så blir det litt meir spansk før eg set på TV-en. Spansk-kurset varer ut mars månad.
Høyrde eit vårteikn ute i dag, det var ikkje fuglekvitter-men isbilen.

1 kommentar:

Unknown sa...

Did you realize there is a 12 word phrase you can tell your partner... that will trigger deep feelings of love and impulsive appeal for you deep inside his heart?

Because hidden in these 12 words is a "secret signal" that triggers a man's impulse to love, look after and look after you with his entire heart...

12 Words Who Fuel A Man's Love Response

This impulse is so hardwired into a man's genetics that it will drive him to work better than ever before to build your relationship stronger.

As a matter of fact, triggering this all-powerful impulse is so binding to having the best ever relationship with your man that as soon as you send your man a "Secret Signal"...

...You will soon notice him expose his heart and mind for you in such a way he haven't experienced before and he'll recognize you as the one and only woman in the universe who has ever truly fascinated him.

Dagbok 2024: 20.september

 Klokka er no18.41, temperaturen ute er 13 graderC. Eg vart skuffa då eg stod opp i dag, inga sol var å sjå og skodda låg heilt ned på jorda...