Klokka er 17.35, temperaturen ute er + 3 grader, og det er vått og hustrig. Eg er frostig og saknar sola.
I dag hadde eg ikkje mykje på programmet etter, skulle berre vaske kjøkken og bad. det var fort gjort og eg begynte å tenke på andre oppgåver. Så bestemte eg meg for å ikkje gjere så mykje, berre slappe av. Då begynte klokka å gå mistenkeleg fort. Eg fyrte i omnen og las avisa eg det eine med det andre. Sette på ein klesvask, laga meg litt mat osb.
Så sette eg meg til å høyre lydbok-og sovna. Eg har jo høyrt lydbok i åresvis og det har gått bra, no dett eg fort ut og sovnar. Det er kanskje sjølve boka det er noko i vegen med. Margrete har råda meg til å legge kabal på PC mens eg høyrer, men det toler ikkje arma mi så godt. Men snart skal eg sette på TV-en og hente fram strikketøy. Eg bestemte meg til å gå på butikken i morgon og ikkje i dag, så eg har ikkje noko godt å snope på fredagskvelden. Får ta det att i morgon. Ikkje mykje å berette i dag altså, men eg har det bra.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 4.mars
Klokka er no 17.00, temperaturen ute er+7 grader, det har vore overskya i dag, men sola kom fram litt no på ettermiddagen; som de ser på bi...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
1 kommentar:
As stated by Stanford Medical, It's in fact the one and ONLY reason this country's women get to live 10 years more and weigh on average 19 KG lighter than we do.
(And by the way, it has totally NOTHING to do with genetics or some secret exercise and EVERYTHING to do with "HOW" they eat.)
P.S, I said "HOW", not "WHAT"...
CLICK on this link to uncover if this little test can help you release your real weight loss potential
Legg inn en kommentar