lørdag, mars 07, 2020

Dagbok 2020: 7.mars

Klokka er 18.20, temperaturen ute er + 5 grader. Det er skya, men opphaldsvêr, sola var her ei lita stund på føremiddagen.
Dagen har gått veldig fort. Var låk i armane då eg stod opp, men det kom seg etter ei stund  -i dag også. Marit og eg var ein tur på nærbutikken og handla på føremiddagen, og eg fekk kvitta tomflaskene mine.
Margrete og Amanda skulle køyre Erlend på bussen, så dei kom oppom her etterpå og hadde Charlie med seg. Etter at vi hadde drukke kaffi og prata ei stund, tok vi turen til Fonnvernet, dei hadde ikkje vore der før, så det vart ei ny oppleving for dei. Eg har no gått der veldig mange gonger, men det er ei passelig trimrunde for meg. Charlie fekk seg ein tur han også. Då vi kom ned att måtte dei fare igjen, men eg sende ei melding til Marit at ho måtte komme nedom, og det gjorde ho. Ho er også så å seie åleine heime. 
Så vart det meir kaffidrikking på meg, men skikkeleg mat har det vore lite av. No er det snart tid for TV og Corona. 
Onsdag er det Eldrefest på kulturhuset i regi av Rotary og Inner Wheel, så då får vi vere gjestar. Håper det ikkje blir avlyst på grunn av coronavirus, ingen her i Ørsta har testa positivt på smitte - enno.
Solveig er på 2-dagars Strikkefestival på Eid i lag med to frå Hareid og så har ho to kusiner på Eid som også skal vere på festivalen, så eg håper dei har det kjekt i lag.
Trur ikkje eg skreiv God Helg i går så får eg gjere det i dag - med tilbakevirkande kraft.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 20.september

 Klokka er no18.41, temperaturen ute er 13 graderC. Eg vart skuffa då eg stod opp i dag, inga sol var å sjå og skodda låg heilt ned på jorda...