søndag, mars 01, 2020

Dagbok 2020: 1.mars

Klokka er 18.10, temperaturen er + 2 grader C, det har vore overskya og opplett i dag, men no trur eg det lagar seg til med nedbør, håper det ikkje kjem meir snø.
Eg hadde ein avtale med Even om at han skulle kjøpe mòkebrett til meg, for eg trur ikkje eg har plass til eit slikt i bilen min. I går hadde han kjøpt brett og sett ned til meg. Det er mindre enn det gamle, slik vi var einige om, så det blir lettare. Det gamle er øydelagt, så det må eg få bort på VØR med tid og stunder. No håper eg ikkje på mykje snø framover, men om den kjem, så greier eg å mòke med brettet. Det er av merket FISKARS som brukar å vere eit bra merke.
I dag har det ikkje kome ny snø, men mykje av den gamle ligg att, også på vegane. Eg gjekk ein tur "Rundt Storebakken" på føremiddagen i dag. Det var både snø og is i vegen, så det var ikkje heilt trygt. Eg hadde med meg ein stav, og eg trur det var ein fordel. Eg datt i alle fall ikkje.
Eg vakna tidleg i dag, som vanleg, men nekta å stå opp, så eg var ingen morgonfugl. Etter frokost strikka eg ferdig ein lest og festa trådar på to. Eg kan ikkje la vere å strikke litt av og til,men eg må ikkje overdrive.
Då eg kom frå tur, sette eg på steikomnen og fann ein kjøpepizza i frysaren. Mens eg steikte øvde eg på spanskleksa. Eg vil ikkje skryte av pizzamåltidet, men det gjekk no ned. Eg tenkte det var bra at eg ikkje hadde servert pizzaen til andre. Eg kjøper både eitt og anna på "tilbod" og lagrar. Det skal eg slutte med.
Men eg vart veldig mett så eg måtte berre slenge meg på sofaen etter måltidet. Eg las i boka mi-men så sovna eg. Eg trudde eg skulle lese ut boka mi fort , men oppdaga at det var nærmare 100 sider att, så det spørs om eg blir ferdig i kveld. 
Når klokka blir 19.00 set eg på TV-en, og så blir det vel å sitte og glo resten av kvelden, så eg må finne meg eit nytt strikketøy. Garn har eg. Elles har vel dei fleste fått med seg at bandet til Erlend "Migraine" var med på ungdommens kulturmønstring (UKM) i går, og sannsynlegvis kjem til å gå vidare i konkurransen. Dei lagar mykje lyd til å vere berre tre. Men dei er flinke-sjølv om det ikkje akkurat er min musikk. Ikkje så mykje skjer når eg går her åleine ein heil søndag-men det er OK for meg. Komande veke får eg vanleg program , med trening tysdag ogtorsdag + spansk på onsdag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...