tirsdag, september 06, 2011

Ålesund 6.09.2011






Vermelding 6.september 2011

Klokka er snart 16.00, og det er ei lita stund sidan vi kom heim. Ute er det overskya, opplett og + 19 grader C.
I dag vakna vi tidlig til sol og fint ver. Det passa bra sidan vi endelig skulle på bytur og hente Misubishien heim. Vi rakk 9.50-ferja frå Festøya, og reiste beine vegen til Spjelkavika og henta bilen. Så gikk turen til Moa, der vi trakka litt rundt i kjøpesenteret. Vi kjøpte berre ein ting og det var ei par låge støvlettar til meg, som har ein hovudmisjon, nemlig å legge ein alen til min vekst; tjukke sålar og høg hæl, med andre ord.
Sidan det var nærmare eit år sidan vi hadde vore der, måtte vi ein tur ut i bya også, men å gå inne på kjøpesentra var ikkje fristande i det fine veret, det var strålande sol, frisk vind og mild luft. Vi trakka litt rundt så lenge eg orka, men så vart vi svoltne og reiste inn att på Moa og åt pizza på Dolly Dimple og drakk kaffi på Valakers konditori.
Det var i grunnen litt for fint ver å fare på bytur, men så er det kjekt også å få sjå ut over øyane og havet når sola skin.Ålesund er ein utrulig vakker by, med eit stort omland og fin natur.

mandag, september 05, 2011

Vermelding 5.september 2011

                                                            Morgon
                                               ....og kveld

Klokka er snart halv åtte, temperaturen er+ 17 grader C, men før i dag var det godt over 20 grader. Frå morgonen av var det sol og fint ver, men etter middag kom det voldsomme regnbyger, no held det på å skine opp att.
I dag venta vi Margrete og ungane til middag, og eg skulle på styremøte i pensjonistlaget klokka 13. Det vart til at vi laga ein stor porsjon med brennsnut som stod klar før eg for på møtet.
Å starte opp att møteverksemda var som å begynne på jobb igjen etter ein lang ferie, for vi har mange jern i elden framover. Komande onsdag er det møte med eldrerådet, den 14.sept. er det møte på Bakk-Ola og den 21.sept. skal eg, mellom andre, vere utsending til eit møte i Ulsteinvik. I oktober skal vi visitere operaen på Nordfjordeid osb.
I morgon blir det tur til bya. Dei ringde i dag og fortalde at bilen vår var ferdig reparert og gikk "som ei kule"- så no må vi seie farvel til Suzukien. Torsdag skal Nils møte som vara i kommunestyret, det er vel lite von om å komme inn etter valet..........
Nils er veldig oppteken med snikkering, han driv som sagt og lagar hems på garasjen, så no blir det orden på sakene.
Det var kjekt å ha besøk av Margrete og ungane i dag, det er ei stund sidan vi såg dei no, men annankvar mandag har vi fast avtale.
No skal eg skrive referat frå møtet i dag, før eg gløymer kva som vart bestemt og mens eg enno forstår den kryptiske kladden.
Elles angrar eg på at eg la inn den nye bloggvarianten. Har litt problem med å finne ut av systemet.

søndag, september 04, 2011

Vermelding 4.september 2011

 Klokka er halv sju. Og sidan det er "kom deg ut"-dagen, kom eg meg ut på altanen og tok eit verbilde av Melshornet innhylla i skodde og regn, eit motiv som er heller kjent her på bloggen. Det har altså vore regn i dag også, litt lettare no enn tidlegare på dag. Temperaturen er + 16 grader.
Sidan det meste av veka har gått opp i venting og surr, fann eg ut at eg måtte gjere noko "nyttig" i dag, derfor sette eg i gang med kakebakst, noko som er omtrent det siste eg grip til. To kaker hamna i frysaren i dag -"much ado about nothing", som Shakespeare ville ha sagt. Haugen av rot og oppvask var monaleg større i volum enn dei stakkars kakene. Men er det tomt i frysaren, så er det tomt, og noko må vi ha på lur til haustferien.
Etterpå steikte eg sei til søndagsmiddag, sidan vi skal ha kjøttsuppe i morgon.Og vi vik sjeldan unna regelen om 5 fiskemiddagar i veka.
Nils jobba i garasjen i dag. Surprise, surprise! Men i dag var det ikkje fiskesaker som skulle ettersjåast, i dag bar han opp materialen frå det gamle rekkverket og laga "hems" i garasjen, såpass vi får enda meir plass til å samle diverse rot.
I morgon er det styremøte i pensjonistlaget, og besøk av Margrete og ungane. Sommaren er definitivt over

lørdag, september 03, 2011

Vermelding 3.september -2011.

Klokka er blitt snart halv to utan at det har hendt så mykje. Ute er det overskya, litt regn og + 15 grader C.
Vi var ein tur nedover, for eg måtte ha ei reservebok til helga. Fann ei heilt ny bok av Arnaldur Indridason som heiter Anger. Den Jan Mehlum -boka eg held på med, er lettlesen og går fort unna; fekk lese mykje i går under fotballkampen. No tenkte eg å rippe boka mens Nils var ute for å fikse noko på båten, men så får eg ikkje i gang maskina. Må som regel slå den av og på ørten gonger før den virkar. Somme tider virkar den med ein gong. Trudde den var i orden etter at den blei blåst rein for støv, men nei!
Skulle lage Taco til middag, tenkte eg, og tok fram den ferdigkrydra tacodeigen som eg kjøpte på tilbod. Så viser det seg at det er svin! Eg plar bruke karbonade e.l. til taco, så dette lovar ikkje bra. Kjøttbollane som eg kjøpte på tilbod var heller ikkje noko å skryte av. Heretter skal eg ikkje vere så snar å bite på tilboda. Det er i alle fall lurt å sjekke litt meir nøye  kva som er i pakkane. Hallo! Vi er to menneske her i huset, og vi har råd til å kjøpe noko vi likar. Dessutan et vi "gratis" fisk ca 5 dagar i veka.
Har ingen særskilde planar for helga, men mandag startar arbeidsåret opp att, med styremøte i pensjonistlaget.
I dag kan vi gratulere Kristine på Eid med 11-årsdagen!

fredag, september 02, 2011

Vermelding 2.september - 2011

Klokka er ca 15.30. Temperaturen +17-18 grader C, det er ganske overskya, men opplett. Nokre få regndropar tidlegare i dag, men det ser ut til å bli finare etter kvart.
Sidan det ikkje vart bya-tur i dag heller, tok vi ein tur på Amfi, der vi alltid treffer kjentfolk. Eg hadde ikkje vondt i beina i dag, men ryggen var ikkje god, så eg bestilte ein tur til Volda med oppvarma bilsete. Det gjorde godt. Var innom Møre Konfeksjon eller kva det no heiter (More Woman?) og prøvde i søkk og kav.Enda opp med å kjøpe ein tunika fordi ekspeditrisa syntest den var fin til meg. Eg likar ikkje meg sjølv så godt, så eg blir aldri fornøgd.
Vi hadde tatt opp fiskekaker frå frysaren, så det var fort gjort å få middagen på bordet då vi kom heim.
No skal eg ligge strak ut og lese lydbok og kvile ryggen min. God helg til alle, enten de skal på tur eller vere heime. Eg likar så godt leigebilen at eg lengtar ikkje etter Mitsubishien. Suzukien er ein dyrare bil, med 4-hjulstrekk etc.Og så sit vi høgare og har betre oversyn, så eg trur vi beheld den!

torsdag, september 01, 2011

Vermelding 1.september - 2011

Klokka har passert 12 på føremiddagen. Det er lettskya og sol. Temperaturen er + 16 grader C.
Så langt i dag har det ikkje skjedd så mykje. Eg har rydda og støvsuga litt, det er sort sett alt. Var ein tur ut i hagen og åt plomer. Der er ein del på det eine Opal-treet. Elles nyt eg å sjå rosene som no står på sitt finaste, kjekt å få dei oppom huset; då dei stod nede på plenen var det ikkje så mykje vi (og naboane) såg til dei.
Så er det tydelig at hausten er komen. I dag måtte eg finne fram "vinterklede" og pakke skikkelig på meg, så håper eg å halde gikta i sjakk, sånn nokonlunde.Vi har gått litt på vent heile veka, venta på å få hente heim bilen.No ringde Nils utover for å spørje, men dei hadde akkurat matpause, så han må ringe igjen litt seinare. Kan liksom ikkje ta oss til noko spesielt før vi veit litt meir.
PS ( kl.17.30): Vi får ikkje att bilen på denne sida av helga, så det er berre å slappe av.I dag laga eg tomatsuppe m/ egg til middag etter inspirasjon frå Solveig sin blogg. Mi oppskrift er enkel: Ein tek det ein har, og godt blir det.
Etter middag har eg lagt i sola på altanen og slya meg, ikledd ull og fleece så det held, i håp om å få bukt med gikta.Er ikkje vant til å vere så rørslehemma no!  Det blir vel betre etter kvart.Kanskje.

Dagbok 202: .26 okrtober

  Klokka er no 17.52, temperaturen ute er +8 graderC, og det regnar...og regnar. Men eg har det varmt og tørt innomhus, så eg lid inga naud....