lørdag, januar 31, 2026

Dagbok 2026: 31.januar


To av dei nye plantane mine

Klokka er no 18.48, temperaturen ute er minus 2 grader, så det er mindre kaldt enn før. Men kaldt nok for meg , og eg sakna sola i dag. Håper ho kjem att snart.

Eg er framleis låk i høre handa, så eg får ikkje strikke eller gjere så mykje anna heller.

Eg vart glad då eg fekk melding frå Solveig om at ho og Øystein kom innover ein tur, og Øystein ville sjå på lekkasjen min -i kjøkkenbenken. Han fann fort feilen og reparerte -så då sparte han meg for rørlegger denne gongen. Og det er eg veldig glad for.

Solveig og Øystein skal ha seg ny bil snart, slik den bilden dei har er no, køyrer ikkje Solveig ålene med den- hit,for eksempel-. Solveig påstod at det var morsdag neste helg og då var det ikkje sikkert ho kunne komme innover, derfor hadde ho kjøpt 4 fine plantar til meg, ikkje blomstrande , men med fine blad. Ho veit at eg likar det også.

Etter at dei var reiste ut att, var eg ein tur opp til Marit, så vi fekk ei god pratestund. Då eg kom ned att laga eg meg eit måltid som eg kalla middag. Og etterpå såg eg A-ha på TV. Eg synest det er litt trist å ikkje få strikke når eg ser TV, men armen min er ikkje blitt betre, så då må eg finne på noko, etter helga.

Eg får meldingar frå Eid nokså ofte, frå Bodil. No skreiv ho om gravferda til Hilde si svigermor, der hadde Sigrid Myklebust, dottera til Tor sunge så fint i kyrkja. Dei er visst flinke å synge alle jentene til Tor.

Eg håper at eg snart får ein sjanse til å besøke heimbygda mi- men sant å seie kjenner eg meg meir som ørsting enn  eidar, eg har trass allt budd mykje lenger her-60 år er det sidan vi kom hit med alt vi åtte og busette oss på Melle-eg forstår nesten ikkje kvar alle åra vart av.

Viss eg er like låi handa/armen etter helga må eg snakke med legen og høyre om det er noko som kan gjerast, eller om eg må gå til det blir bra av seg sjølv. Eg greier heldigvis å skrive på tastaturet.


fredag, januar 30, 2026

Dagbok 20 26 30.januar

 


                                              Her går det i Sodoku

Klokka er no 16.47, det er opphaldsver i dag, ikkje så mykje sol,men litt har vi no sett til henne. Eg har hatt ein  rotete dag i dag, lite har eg fått gjort også. Dagen min begynte med ein grytidleg frokost før eg la meg igjen og sov vidare heilt til eg vakna av den vonde handa mi, då stod eg opp. 

Eg hadde mykje eg hadde tenkt å gjere i dag, men alt gjekk berre opp i tull, Det første var at eg måtte ta att alle sudokuane som eg begynte med på i går kveld, men ikkje fekk fullført. Dei er enno ikkje i boks. Og så var det lekkasjen inne på kjøkkenet, eg har funne ut kvar den er , trur eg, men eg har ikkje gjort noko med det anna enn å legge ut diverse tekstilar til å fange opp vatnet. Men no veit eg kvar lekkasjen er, så då kan ein passe på å ikkje slå så mykje vatn nedi akkurat der-viss ein hugsar det. Eg tenkte på å ringe rørlegger i dag, men eg har no meir og mindre telefonskrekk på mine gamle dagar, så eg tenkte eg kunne stikke innom butikken til "Vinjevoll rør" og snakke med dei der. Og så fann eg ikkje butikken. Eg var no sikker på at eg visste kvar den var-men der var i alle fall ikkje skilt. Men det er ikkje så farleg om eg ikkje få reparert før mandag, for eg er no heime heile tida og passar på lite grann. 

Det vart til at eg køyrde opp att på Vallabøen og handla på Kiwi. Så sette eg meg til med sudokuane igjen utan at det vart stor framgang.Då eg skulle sette meg til å skrive på maskin, kom eg brått på den vonde handa, den hadde eg gløymt opp i alt det andre-men den  ER der. Eg har fått opp i hovudet mitt at det er laurdag i dag, heldigvis er det berre fredag, og no har eg fyrt opp i omnen og skal kose meg med ein kaffikopp og TV. 


torsdag, januar 29, 2026

Dagbok 2026:28.januar


 Denne rosa fekk eg av Einar til fødselsdagen min i fjor-det var i mars.  Eg hadde tenkt å flytte den ut i beddet, men det vart aldri gjort, så den har overvintra inne, og no blømer den. Den får no vere inne til våren kjem for fullt..Der er nokre mørke blad på den, men det er nye blad -ikkje visne.

Klokka er no16.20, Temperaturen ute er minus 3 graderC, og det er klårt og fint. Lenge hadde vi sola her, men no er det slutt for i dag. Eg sit her og ergrer meg over at eg ikkje var ute og gjekk tur i sola i dag også, men eg var så trøtt fordi eg vakna så tidleg i dag. Eg var på trening frå 10-11, og då eg kom heim att var eg så trøtt at eg orka ingen ting. No angrar eg på alt eg ikkje har gjort i dag.

Det er for seint å gå tur no, men så får eg gjere litt husarbeid i dag, slik at eg er fri i morgon, Kanskje.

Eg hadde nok att frå middagen i går , så eg hadde mat i dag også. Eg hadde sjølvsagt ikkje  handla i dag heller ,men det kjem vel ein dag i morgon også. Eg burde ha støvsuga teppegolva for det har vore vanskeleg no når eg har vore låk i høgrehanda, men no skal eg prøve å ta handa i bruk igjen sjølv om det er litt vondt.

Ei eg går i lag med på trening skulle ete ballj på Bakk-Ola i dag, Nils og eg åt av og til middag der, men no må ein visst bestille på førehand. No er eg ikkje så veldig glad i ball, men det er ikkje ein rett som ein lagar  når ein er åleine. Eg gjer det i alle fall ikkje. Det er no ikkje alltid like godt heller, og alle vil helst ha det på sin måte- og det vil eg også. No skal eg prøve om eg får til å støvsuge på stova, slik at eg slepp det i morgon.

onsdag, januar 28, 2026

Dagbok 2026: 28.januar

 

Klokka er no 17.52, temperaturen ute er   minus 7 graderC, og det har vore ein findag, med sol frå nesten klår himmel . Eg vakna veldig seint i dag, eg brukar å vakne tidleg, Så føremiddagen vart ikkje så lang, men eg rakk no å gå ein runde her på Vallabøen  , og etterpå ta ein tur til Marit, før eg laga middag. Og i dag hadde eg litt av eit måltid, for naboen kom med heimelaga fiskekaker til meg. Det smakte godt og eg har nok til i morgon også.

Etter at eg hadde ete og rydda opp att, og kveikt i omnen, sette eg på TV. Men eg ville lage kaffi då eg gjekk ut på kjøkkenet. Der fekk eg ein mistanke om at der var ein vannlekkasje i kjøkkenbenken, der alle rør og leidningar går til vaskane og til oppvaskmaskina. Eg har undersøkt kvar lekkasjen kan vere men har ikkje funne det ut enno, eg må kanskje stenge av  vatnet viss det er mykje som lek ut. Skal tru om eg må ha rørlegger igjen eller om det er noko eg kan gjere sjølv.(Det er vel lite sannsynleg) men eg leiter med lys og lykter for å finne ut kvar det lek. Veldig kjekt - og slikt skjer vel helst om kvelden  når rørleggerane ikkje er på jobb. Eg syntest eg hadde hatt ein kjekk dag, heilt til dette hende.

PS: eg finn ikkje lekkasje på røra, så det kjem an på om det har med oppvaskmaskina å gjere, det kan eg sjekke i morgon.


tirsdag, januar 27, 2026

Dagbok 2026; 27.januar


 Klokka er no 18.33, temperaturen ute er minus 8 grader. På vermeldinga i går kveld såg det ut til at det skulle bli mildare, men det vart det ikkje. Is og snø som ligg på tunet blir visst liggande, og eg må halde fram med å gå med piggsko. Eg likar ikkje kulde, men eg likar heller ikkje at snøen laver ned.

I dag vakna eg tidleg, men låg ei stund før eg stod opp, armen min var heilt bra så det var ikkje noko å tenkje på. Eg skal ikkje vere på treninga før klokka 10, så eg har god tid om morgonen. Sidan eg var så bra i handleddet var det ikkje naudsynt at fysioterapeuten såg på den, og eg passa på å ikkje gjere øvingar som kunne skade handa. Men då eg kom heim og begynte å gjere noko oppdaga eg fort at handa ikkje var heilt god likevel

Eg handla ikkje på heimvegen i dag, for eg hadde mat nok i hus. Sola skein så fint tidleg på dagen og utover . Feilen eg gjorde var at eg ikkje gjekk tur mens sola skein, for etterpå var det for seint.I staden for å gå ut slappa eg av på datarommet mitt. Eg kom meg ikkje til å gjere så mykje før det var for seint til å gå ut. 

I staden tok eg og rydda opp litt i kleda mine og sette på ei maskin eller to- der er heilt tydeleg at eg treng nokre nye klede, men det er vanskeleg å finne akkurat det EG treng.Eg likar ikkje å kjøpe klede, men av og til MÅ eg.

No har eg hatt på TV -en og sett nyheiter, det er ikkje alltid like kjekt å sjå kva som hender. Men no har dei vel lært litt i USA, så dei ikkje stemmer feil neste gong også. Det er ikkje spesielt gode nyheiter vi får sjå-

Eg har noko å sjå fram til; neste tysdag skal eg til frisør og klippe meg, og den som skal klippe er ho som klipte sist gong og då var eg veldig fornøgd.Eg skulle klippe meg til jul, men då var eg for seint ute.

                                    Jula er ikkje slutt i Starevegen

mandag, januar 26, 2026

Dagbok 2026: 26,januar 2026

 


Klokka er no 16.57, temperaturen ute er ca minus 7 grader, eg meiner at eg såg på TV at det skulle bli mildare, men det er no ikkje så kaldt viss ein berre har noko å fyre med inne. I dag var eg ikkje så tidleg oppe, men det er no ikkje så mykje eg skal gjere heller, eg syntest sola kom seinare i dag, men eg er ikkje sikker, Sola heldt seg litt lenger oppe i bakkane då eg fekk på meg piggsko og gjekk opp Storebakken, og der var det sol Eg tok den vanlege ruta mi, og då eg begynte å gå nedover igjen, miste eg sola. I dag var der bilar og plakat om skoging attmed bommen, det er litt av eit prosjekt dei har der, og eg lurer veldig på kva som skal skje vidare.

Eg gjekk no berre eit lite stykke ned i Fonnavegen  før eg gjekk inn att i ei av gatene, Eg har funne ut at den ruta eg går kan likne på Vernet, den er i alle fall ikkje kortare. Og eg er glad for at eg greier å komme meg ut og gå, no når eg er så plaga med handa, det er ikkje mykje ef får gjort inne.

I morgon er det trening igjen og fysioterapeuten skal sjå på handa mi. Handa er ikkje så verst, berre eg ikkje brukar den noko særleg. Skrive på maskina det greier eg, og eg greier å lage mat. I dag vart det den siste FJORLAND; fiskekaker med poteter og gulrot- pure , ikkje det heilt store, men det gjekk ned, hadde att litt dessert frå i går også.

Eg skulle prøve å støvsuge litt, men eg gav fort opp. Men det beste er at eg ikkje har låkt når eg held handa i ro- eg kan i alle fall ikkje strikke, og det er det eg har lyst til.



søndag, januar 25, 2026

Dagbok 2026: 25.januar


 Klokka er no17.35, temperaturen ute er minus 9 grader, og det er klart og fint ,
eg likar ikkje kulde, men eg har det varmt og godt inne, så eg kan ikkje klage. Eg har varmepumpa på heile døgnet, men må fyre i omnen i tillegg.Og ved har eg også.

I dag har eg vore her åleine heile dagen, men eg gjekk ein liten tur før middag; då gjekk eg opp  Storebakken for å komme opp i sola. Eg hadde sola ei god stund i stova på føremiddagen, og då fekk eg sjå kor vindua såg ut; eg pussa dei før jul ein gong. I dag morgon /føremiddag hadde eg sol i stova ei god stund.

Einar handla til meg då han var her på fredag. Mellom anna hadde han kjøpt ferdig middag frå Fjorland, han og eg åt kjøttkaker den dagen. Det var berre å ha alt på tallerkenen og så inn i mikrobølgeovnen i 6 minutt. Det var sånn passeleg godt, men eg er ikkje så kresen. Så hadde han kjøpt svinesteik som eg skulle ha i dag-og det hadde eg . Kva skal eg seie? Godt etande men ikkje så veldig godt. Eg er glad i brun saus, men eg vil helst lage den sjølv slik at eg får den slik eg likar den. Viss eg ikje har solbærsaft i sausen, så er den ikkje god nok. Men det var artig å prøve Fjorland for det ghar eg aldri gjort før.

Eg hadde dessert også, for i går hadde eg laga risgraut fordi eg skulle bruke opp melka som eg hadde kjøpt før  den gjekk ut på dato. der vart mykje graut att, og det var planlagt for eg hadde fløte også og Piano bringebærsaus, og den er no god. Det vart eit voldsomt måltid for meg i dag, men det er ikkje så ofte eg lagar så mykje mat til meg sjølv.

Eg har ikkje så vondt i handa heile tida, men når eg står opp om morgonen må eg kna fingrane ei lang stund, før handa blir brukande, Fysioterapeuten  ville sjå på handa når eg kjem på trening tysdag. Eg forstår ikkje kva det kan vere, det verker no ikkje så mykje heller. No skal eg ha meg ein kaffikopp, og så skal eg sjå om TV-en virkar som den skal.


lørdag, januar 24, 2026

Dagbok 2026: 24.januar

Eg gjekk bort til bommen der vi går opp på skogsvegane og tok dette bildet, det er tydeleg at mykje skog er borte.

Klokka er no18.06 og temperaturen ute er  minus 10 grader C. Det har vore ein fin, men kald dag. Eg heldt meg inne heile føremiddagen, for i heile dag har eg følt på at det er søndag -sidan eg hadde besøk i går, og besøk plar vere om laudagar ikkje fredagar.

Eg sov godt sist natt på soverommet, men har ein tendens til å vakne tidleg. Det var ikkje så mykje eg kunne finne på, anna enn å fyre i omnen og sjå litt TV,for strikke det kan eg ikkje gjere på grunn av handa.Eg kokte ein porsjon med risgraut sidan eg hadde så mykje melk, så det vart middagen i dag-så får eg kanskje riskrem til dessert i morgon.

Då sola kom att ville eg ut ein tur og nyte synet av vinteren. Eg gjekk fort opp Storebakken og det var i grevens tid, for sola var alt begynt  å forsvinne.

Eg måtte sjå litt på hogstfeltet i dag også, for der som det no er snauhogt var eg godt kjend  har vore der mykje både på hundelufting og elles.

Men då eg kom litt lenger ned i Fonnavegen  møtte eg ei dame som eg kjenner, men ikkje har sett på år og dag. Det var Marianne, dottera til naboane våre, dei som ikkje er her lenger. Det var veldig kjekt å snakke med henne og få høyre korleis ho har det og kvar søskena hennar er osb. 

Det var så kjekt at då eg kom heim sende eg melding til Marit, og ho ville eg skulle komme så snart råd var. Eg fortalde det eg hadde fått høyre, og no har ho og eg prøvd å hugse namna på alle barna som vaks opp i nærleiken. Det er opplest og vedtatt at gamle folk gløymer, og det kan eg skrive under på, og det ein gløymer først er namn. Så no har ho og eg bestemt at vi skal hugse namna på dei som vaks opp her i nærleiken. Vi har ein liten jobb der, men eg trur vi kan få litt hjelp av våre eigne barn. Og det kan vere lurt at dei set seg inn i det, for plutseleg ein dag er det dei som ikkje hugsar. Berre vent og sjå !

No skal eg sjå TV; for det har eg ikkje gjort så mykje i dag, men eg saknar veldig å få strikke, eg trur ikkje det blir så enkelt å få handa mi bra igjen.

Ønsker alle ei god helg!

.


 

fredag, januar 23, 2026

Dagbok 2026: 23.januar

                                       Frå altanen til Skåla i dag i 14-tida


 Klokka er no 18, temperaturen ute er minus 8 grader og det er klarver; med andre ord vakkert , men kaldt. I går kjende eg meg så bra i armen at eg la meg utan forbinding, men vakna på natta med store smerter, ikkje berre i handleddet men heile armen. Eg måtte ta forbindingane på igjen, men det var likevel vondt.

Då morgonen kom sende eg melding til Einar, at det kanskje ikkje var så lurt at han kom i dag, som planlagt, ikkje hadde eg handla inn alt eg skulle ha heller. Eg fekk melding til bake om at han ville komme og skulle handle det eg trong. Og slik blei det.

Eg brukte mykje av føremiddagen til å løyse 2 sudokuar i Møre Nytt.den lettaste brydde eg meg ikkje om. Men no har eg printer så eg få printe ut mine eigne rute-ark, så då er det kjekt, når eg ikkje har mine eigne ark så gidd eg ikkje å halde på med Sudoku.

Eg friskna til litt etter kvart, så eg fekk begynne å rydde litt.Då klokka var 13 kom Einar, så då vart det fart på  det som skulle gjerast. Han hadde kjøpt inn middagsmat til to dagar, mange kaffiposar og diverse anna . Eg veit ingen andre som er så effektive. Eg fekk dekke bordet og så åt vi middag, og kaffi og is etterpå. IS var kanskje ikkje den mest høvelege desserten i dag, men det var det eg hadde.

Eg hadde tatt på meg strikken til handleddet  , så eg hadde ikkje vondt lenger, i alle fall ikkje mykje vondt. 

Einar var her ikkje lenge og etter at han hadde fare så styrte eg med mitt, fyre i omnen t.d. og lese avisa og sjå TV, eg er ikkje så redd lenger etter at  Trump sa at han ikkje ville ta Grønland med makt. Men det er ei uroleg tid i verda og det har det vore lenge, så eg føler meg ikkje heilt trygg.

Det er veldig fint med snø og sol, men eg likar ikkje kulde. Eg har gått rundt i heile dag med kjensle av at det er laurdag, men det er det ikkje. Det er i morgon.

Fint å stå på altanen i dag og sjå utover nabolaget, Det er fint med snø, men eg likar ikkje kulden. Eg har sol på føremiddagen ei stund, så blir ho bort bak fjellet, men kjem att ei lita stund i 14.tida.

Denne støtta går eg med på handleddet, den er veldig god. Kjøpte den på apoteket-

Her er den nye printeren min


torsdag, januar 22, 2026

Dagbok 2026: 22.januar

Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han fekk litt av ein jobb, men no er alt i orden. Det er ikkje dermed sagt at eg kan bruke den heilt åleine, men eg får i alle fall skrive ut ark til sudokuane mine. Det var jammen litt av ein jobb han gjorde, men han gav ikkje opp..
I dag var eg på trening igjen og så handla eg på heimvegen. Etter at eg hadde fått meg litt mat sette eg igang med husarbeid, eg ville prøve kva handa mi tolte så eg sette i gang og fekk vaska skikkeleg på kjøkken og bad. Så sette eg i gang med å støvsuge, men eg tok ein pause og var opp til Marit ei stund. 
Ei lita stund etter at eg var heime, kom Helge. Eg er letta fordi printeren er komen på plass og virkar, eg var litt skeptisk for den såg så invikla ut. Den gamle var så enkel- Men sjølv om eg no har ein brukbar printer treng eg sikkert mykje hjelp for å kunne bruke den, Heldigvis har eg folk eg kan spørje. Men i kveld altså skal eg gå inn på Møre-Nytt og hente ut to sudokuar og kanskje løyse dei. Apropos Møre-Nytt, så har eg fått høyre at der er bilde av meg. På Songstunda i går sat eg tett attmed Janne og instrumentet  hennar, for så sat eg rett fram for Marit. Det er derfor eg er på bildet. Eg har ikkje sett det sjølv og vil helst ikkje sjå det. Eg likar ikkje å sjå bilde av meg sjølv.
No såg eg at temperaturen ute er minus 4 graderC .Det var veldig fint ute i dag,sola var her ikkje så lenge etter at eg kom heim på føremiddagen, men så kom den tilbake seinare ei lita stund i alle fall. Det er fjella som bestemmer kven som skal få sol og kor lenge, så det kan vi ikkje gjere noko med.
 

onsdag, januar 21, 2026

Dagbok ;21.januar 2026

                                                        Bildet er tatt kl 15.30

I dag har det vore ein dag litt ut om det vanlege for meg, det har til dømes vore sol ei lang stund, men då var eg ikkje her heile tida. Det første eg gjorde etter at eg var ferdig med "morgonstellet" var at eg køyrde bort i Furene og henta pakken frå Rasmus.  Den var litt større og tyngre enn eg hadde forventa, men eg greidde fint å bere den ut i bilen sjølv. Det var berre det at eg syntest at ein ung, sterk mann som ekspederte meg kunne tenkt seg å bere ut pakken for meg. Hadde han vore utlending hadde han gjort det. Eg køyrde beine vegen heim, for eg hadde tekt meg på "Allsong for eldre" på Bakk-Ola. Dei har endeleg kome i gang litt på "eldresenteret" etter at det har vore stengt minst 1år.

Det var Janne som skulle vere forsangar og lede møtet, og Marit skulle vere med.Eg kunne ha sete på med dei, men eg valde å køyre sjølv i  tilfelle eg fann ut at det var noko meir eg skulle gjere.

På Bakkola vart eg sittande i lag med Brita og Marit, vi tre var i lag på treninga også. Brita er frå Olden og Marit har kjent henne lenge. Eg lurte på om Marit greidde å vere der så lenge og det gjorde ho. Janne var veldig flink, ho song og spelte sjølv og til allsongen, det varte ca 2 timar eller meir. Der var mykje gammalt folk og mange kjende eg no, men eg kjende vel ikkje att så mange. 

Der var ope i kafeen så vi fekk kjøpt oss mat og kaffi. Eg har liksom kome utanfor alt og alle sidan eg ikkje går så ofte på pensjonistmøte lenger. Eg synest ikkje det er kjekt å fare på Rjåneset på møte. No synest eg at eg er altfor lite i lag med folk, eg har no treninga, men der er vi ikkje så mange.

Etter at eg kom heim att laga eg meg litt mat før eg sette meg inn til TV-en. Der var TRUMP   sjølvsagt, og med mange "gode" planar for alle land, han skal fikse det meste og mykje har han alt gjort. FOR ein type, men no er eg ikkje så redd han lenger.

No har eg sett på ein klesvask, men her er rotete og her trengst både vask og støvsuging, eg får sjå kva eg får til i morgon og fredag, i dag har eg sett på ein klesvask. Det er litt husarbeid som må til sjølv om eg bur åleine. Det er den vonde armen som gjer at eg ikkje har halde så god orden, og armen blir visst ikkje så mykje betre etter kvart-ja, kven veit. 

Eg har ikkje pakka ut printeren, tenkte å få med meg Helge eller Erlend eller begge to, så eg ikkje gjer noko gale.



tirsdag, januar 20, 2026

Dagbok 2026: 20.januar

 

                                                 Jula er ikkje heilt slutt her i huset

Klokka er no 16.30, Temperaturen ute er  +2 grader og det regnar litt. Heilt greit så lenge det ikkje kjem snø.. Sist natt sov eg veldig dårleg , trur eg var vaken kvar time heile natta. Eg hadde sete og sett på TV og høyrt på planane til TRUMP, så eg var redd, redd for at det skulle bli krig snart.

Det er visst andre også som har blitt skremde for i dag driv dei og "trøstar" oss på TV, og seier at TRIUMP ikkje kjem til å gå til krig på Grønland t.d. Så no er eg litt mindre redd. Eg hugsar mamma då ho var gammal og hadde fått seg TV. Ho såg aldri "Kveldsnytt" når ho var åleine og ikkje hadde nokon å snakke med om det som hende. Trur eg må slutte å sjå eg også, for eg er no ikkje heilt på topp etter slike netter. Eg var i alle fall veldig trøtt på treninga i dag. 

Men eg hadde fått melding om at printeren som Rasmus hadde kjøpt til meg skulle kome til EL-butikken i Furene i dag, så eg for rett bort dit sjølv om eg tenkte at det kanskje var litt tidleg. Det var det no, men bilen som hadde med printeren var komen, det var berre det at dei ikkje hadde tatt ut varene, så eg måtte kome att seinare. Han som eg snakka med skreiv ned telefonnummeret mitt og skulle ringe. Men eg fekk inga melding frå han, eller kanskje eg ikkje har høyrt telefonen, så eg var ikkje bort igjen i dag. Får sjå i morgon. Pakken min er der, for det har eg papir på.

Eg handla ikkje i dag, men eg fekk endeleg bestilt meg frisør. Eg skulle no klippe meg før jul. men då var der ikkje ein ledig time.NO skal eg klippast 2,februar.

Eg var som sagt veldig trøtt i dag, så eg har ikkje gjort så mykje til nytte, og i morgon skal eg kanskje vere med Marit på Bakk-Ola, Dei har begynt med kafe der igjen og vi håper det skal bli ein treffstad for oss eldre, slik det var, meir og mindre, før. I morgon er det allsong med Janne. Eg får sjå kva det blir til, men eg må i alle fall hente printeren først


mandag, januar 19, 2026

Dagbok 2026:19.januar


Klokka er no17.07, temperaturen ute er +4 graderC , det er overskya og regnar litt-kanskje , det er framleis is og snø på tunet så eg brukar helst piggsko når eg går ut, men eg strør litt småstein etc. innimellom .

I dag før middag kom eg meg endelig på butikken og fekk kjøpt litt matvarer etc. Eg er framleis låk i handa så det er ikkje så mykje eg får gjort eigentleg, men no er eg så å seie ferdig meg å ta bort julepynten, men plutseleg kan eg få auge på ei attegløyme i form av stearin etc.

Eg får ikkje gjort alt eg vil, på grunn av handa, men i morgon skal eg på trening og etterpå skal eg i Furene og hente pakken med den nye printeren. Eg er litt irritert over at det ikkje kan vere fleire butikkar her i sentrum, men kanskje det kjem seg når dei no byggjer ut på ALTI?

Marit er komen heim att frå sjukehuset, og i dag var eg oppe hos henne ei stund så vi fekk prate litt om diverse, slik vi plar. 

Då eg kom heim att sette eg på TV-en for første gong i dag. Eg vegrar meg for å høyre nyheitene, men eg må no det. Skal seie dei får prøve seg no alle som styrer landa og rika. TRUMP er no eit stort problem for nesten alle. Endå han har fått fredspris ! Eg har ei løysing på problema, men den er dessverre ikkje lovleg.)

Eg skulle gjerne hatt nokre fineversdagar no, for då hadde vi fått sett sola.





                              Bilda tek eg frå trappa, så eg slepp å gå ut.


søndag, januar 18, 2026

Dagbok 2026: 18.januar

                                                           Øvst i Fonnavegen
 

Klokka er no 17.44, temperaturen ute er +3graderC , det er overskya , og kanskje regnar det litt.

Eg sov godt sist natt når eg endeleg sovna, eg søv så mykje betre no når eg ligg på datarommet, for her får eg vere heilt åleine. Eg sat ei stund og såg TV på føremiddagen , før eg tok på meg piggsko og gjekk ut ein tur. Det er kanskje litt tungt å gå med piggane ute, men ein gå så mykje tryggare. Eg gjekk opp Storebakken, som vanle, men då eg skulle gå ned Fonnavegen såg eg noko som eg ikkje såg sist eg gjekk der.

Nemleg at all skog mellom Fonnavegen og Mosmarka var borte så no vart der ei anna utsikt. Nils og eg snakka ofte om at skogen langs vegen der skulle vore fjerna meir og mindre, men no hadde dei fjerna nesten alt. Det eg lurer på no er om dei legg ut tomter til hus e.l. Men eg meiner der er fonnfare? 

Då eg kom heim laga eg meg litt mat før eg sette på TV. Eg likar ikkje å sjå nyheiter etc, for eg blir så sint og lei av TRUMP.

I dag kom eg til å tenkje på eit dikt om Napoleon, som også ville herske over alle andre. Bjørnson sit dikt slutta slik: "Med seier frå Moskva til Cartagena, han dør dog ensom på St.Helena " (Då var han berre 52år gammal). Trump er no snart 80, så han skulle ha fått betre vit. Han uttalte no sjølv at Biden var for gammal til å vere president då han var 80. Eg skulle ikkje gå å tenkje så mykje på Trump og Co, men så snart eg set på TV så er dei der. Og eg synest det er berre krig og elende over heile verda.

I dag fyller Håkon 32 år, trur eg det var.  Eg hugsar så godt då han blei fødd, for då hadde eg skule i idrettslaget sitt hus, fordi der var vass-skade på Velle skule. Så eg fekk vite onm fødselen i telefonen på kontoret på idrettshuset. Slike bagatellar kan ein hugse i årevis. Men det var veldig vinter det året med mykje snø og is. Det har vi ikkje hatt i år-ikkje enno i alle fall.

                                                        Frå Fonnavegen til Mosmarka



lørdag, januar 17, 2026

Dagbok 2026: 17.januar

                                                                Bildet er tatt ca17,30 i dag

No er klokka 17.52, temperaturen ute er så vidt under 0, det har vore fint og klårt ver i dag, og eg fekk sjå sola inn på stova ei lita stund, så no er det håp om ein ny vår.

Eg har vore åleine heime i heile dag, eg hadde tenkt meg på butikken, men slo det frpå meg, eg tenkte på å gå ein tur, men det vart ikkje noko av. Eg var i grunnen så trøtt av ein eller annan grunn. Men eg laga meg middag og åt, Etterpå vart eg enda trøttare så eg la meg på dagsenga og sovna. 

Ei lita stund etter at eg hadde stått opp igjen ringde telefonen, og det var Bodil som kunne fortelje at systra hennar stod utanfor døra mi og ville inn. Det var veldig kjekt å få besøk, men ho skulle eigentleg til ei venninne i Olavsgata ei stund etterpå. Men det var no kjekt å treffe henne, ho var her i fjor også, då gjekk vi tur på Fonnvernet i lag..

Den vesle middagsblunden gjorde godt for no er eg ikkje trøtt lenger, eg kunne ha gått tur no, men det er ikkje så kjekt når det er mørkt. Her er lite gatelys øvst på Vallabøen. Men eg kan sette på TV-en for den har ikkje vore på i dag.

I dag før middag i 20 tida fekk eg sola inn på stova, eg plar seie at sola kjem på fødselsdagen til Håkon,men han fyller ikkje år før i morgon. NO skulle eg vere såpass vaken at eg held kvelden ut. Eg har ikkje hatt på TV-en i heile dag, så mykje kan ha hendt utan at eg veit det.













fredag, januar 16, 2026

Dagbok 2026: 16.januar


 Klokka er no18.53, temperaturen ute er  +1 grad, det er overskya og litt regn innimellom. Eg stod ikkje opp så veldig tidleg i dag , men eg visste at Margrete skulle komme på besøk. Då ho kom vart det kaffi og rester av julekaker. Erlend kom innom også, men han måtte fare etter ei stund, for han skulle på spelejobb.

Margrete og eg tok ein tur på ALTI, var innom butikkar og Margrete fann noko ho skulle ha. Eg skulle ikkje ha noko, så eg var berre med.  Vi hadde også avtalt at vi skulle ete middag på kafe . Så i dag vart det middag på ALTI, det var ein bra porsjon, men vi klarte å ete opp maten vår i dag også.

Det er kjekt for meg å komme ut blant folk for eg går no mykje her åleine, men eg likar det også. Men no skal dei visst blåse liv i  "Bakk-Ola" -det kan igjen bli møteplass for eldre, det har vi sakna ei tid.

Marit har vore på sjukehuset nokre dagar, men no er ho heim igjen. Eg går enno med handledsbandasje eller kva eg skal kalle det, eg er altså ikkje bra i handleddet enno, er ikkje heilt bra i armen heller, så eg får ikkje strikke. Fredagsvasken tok eg tilegare i veka, så den slapp eg i dag-

Eg vil ønske alle ei fin helg, og er er spent på om det blir opplett på søndag for då kan vi få sjå att sola.





torsdag, januar 15, 2026

Dagbok 2026: 15.januar

 


 

Klokka er no 18.17, temperaturen ute er +6 graderC og i dag har det vore opplett vidt eg veit. Det var trening i dag, så då gjekk føremiddagen med, for etter treninga var eg på apoteket og kjøpte kalktablettar, det tek eg kvar dag, etter legens ordre.

Eg handla litt på butikken også, treng alltid litt mat. Det eg ikkje fann var kattamat til Lollo for no er eg lens; i går gav eg henne litt kvitost i staden, for det er noko av det beste ho veit.

Eg ligg framleis på datarommet om natta og det kjem eg til å halde på med vidare, for no har eg ikkje alle dei ekle draumane , men søv godt, godt og varmt er her også. Men eg angrar på at eg ikkje tok meg ein tur med pigg-skorne mine, for ettermiddagane er no bra lange no. Men eg var litt trøtt etter treninga.

Ut på ettermiddagen fann eg på å leite fram eit slags julebrød som eg laga til jul-og dermed åt eg altfor mykje. Eg hadde gløymt at eg skulle lage middag i dag, men no får det bli i morgon. Då er det fredag , men ikkje fredagsvask, for eg vaska mandag.

Eg har no på TV innimellom , vil helst ikkje sjå nyheiter, men eg gjer det likevel.Er alltid redd for kva Trump har funne på-og det er ikkje så lite. 

Eg har ikkje høyrt frå Marit i dag, så eg veit enno ikkje om ho er heime eller på sjukehuset. Eg er litt spent på det.

Eg fekk to sekker ved med Erlend i går, han hadde fått gratis ved med ein han kjenner, og ville dele godene med meg. Tida går fort fram til helga, og då skal sola vere her om det er klårt. Den mørke vinteren er over. Eg har ikkje rydda jula heilt vekk, men det skal eg gjere i morgon. I dag fall eg for freistinga og kjøpte ein liten potteplante på butikken, St. Paulia mørk blå. Var litt lei av raudt.


onsdag, januar 14, 2026

Dagbok 2026 : 14.januar

 Klokka er no 18.22, temperaturen ute er +2 grader C , og det ere overskya men opplett.

Det har vore ein litt lang dag for meg, sidag eg var så tidleg oppe. Eg såg ikkje på klokka før eg var ferdig med frokosten og då var den5.30. Det var ikkje noko anna å gjere enn å legge seg igjen, og ta frokost nummer to noko seinare.Etter at eg hadde tatt meg ein liten attpå -lur. Alt går an når ein er åleine..Eg hadde ikkje tenkt ut noko å gjere i dag, så då vart ingen ting gjort.

Men etter kvart fann eg ut at eg ville gå tur i det fine veret, så eg tok på meg piggskorne mine og gjekk opp Storebakken. Eg ville ikkje gå opp på Vernet for der er ekkelt å gå når det er snø, så eg heldt meg på vegen, det var glatt somme stader, så det var bra eg hadde piggsko.Eg møtte berre ei einaste dame eg kjenner på heile turen.

                                          Slik såg Storebakken ut i dag, bra med piggsko

                                           Heime i Starevegen

Då eg kom heim var Lollo,katten til Marit komen ned titl meg. Eg brukar på ha mat til henne her, mat som eg får med Marit, men i dag var det tomt. Men eg veit noko som Lollo Likar godt og det er kvitost, så då fekk ho litt av osten min og var fornøgd med det.Marit er ikkje komen heim enno, og det er ikkje sikkert ho kjem heim i dag.


tirsdag, januar 13, 2026

Dagbok 2026: 13.januar

 

                                     Snøen på trappa har smelta

Klokka er no 18.40. og eg likte ikkje det eg såg på termometeret på trappa, for det hadde gått ned på +2, -med andre ord, det har blitt kaldare. Eg syntest det var kaldt nok, for eg likar ikkje kulde. 

I dag var eg på trening , eg trener det eg kan gjere utan å bruke høgre handa, for den er ikkje god, eg går med handledds -strikk eller kva eg skal kalle det og smør meg inn med salve. Kor lenge det skal vare veit eg ikkje. Men eg verker ikkje eller har noko anna plage med det.

Marit er framleis på sjukehuset , men ho kjem heim att i morgon. 

Då eg køyrde heim frå treninga i dag svippa eg bort på gravplassen og såg etter korleis der såg ut- Der var mykje snø, så det var ikkje råd å pynte på noko. Det var nokon, eg hugsar ikkje kven, som sa at om vinteren når der låg snø skulle gravplassane få ligge i ro. Og det trur eg er det beste. Men eg kveikte no eit lite lys og sette att sidan eg hadde det med meg.

Her heime held eg meg mykje på datarommet for her blir det fort varmt og eg ligg her om natta også. Men i dag var det Mørenytt som eg las meir og mindre grundig "frå perm til perm",

Og så er det TV, eg må no følgje litt med kva som skjer i verda, berre dei ikkje snakkar for mykje om Trump. Det er trasig å ikkje få strikke, for eg er så vand med å "ha noko på hendene" som svigermor sa. Det er sikkert mykje nyttig eg kunne ha gjort, men vinteren og kulden gjer at eg ikkje er så aktiv.

Neste tysdag skal eg bort i Furene og hente den nye printeren min, som Rasmus har kjøpt for meg og sendt, då må eg vel invitere dei to hjelparane mine Erlend og Helge, så vi kan feire!!!!  Det er ikkje sikkert eg har så mykje bruk for ein printer, men eg er vand med å ha, og den gamle fekk vi ikkje til å fikse lenger. 

No er temperaturen ute gått ned på +1, så no er eg skeptisk. Men komande helg kan vi få sjå sola her viss det blir klårt, og Håkon har fødselsdag, dei to hendingane held i hop.

No skal eg ta opp klesvasken min som eg har i tørketrommelen i kjellaren så eg har no litt å gjere.


                                       Varmt og koseleg inne.


mandag, januar 12, 2026

Dagbok 2026: 12.januar


Klokka er no18.16, temperaturen ute på trappa er + 6 grader C, stort meir veit eg ikkje for eg har ikkje vore mykje ute i dag; men eg ser no at is og snø på trappa har smelta meir og mindre. Eg vakna og stod opp klokka halv 8, men så la eg meg igjen og sov til 13,30. Noko liknande har aldri hendt før. At eg ikkje stod opp før, kjem av at høgre handa ikkje er god, så det er lite eg kan gjere.  

Men seinare  etter å ha gjort diverse anna, fann eg ut at eg kunne like godt ta fredagsvasken som eg hadde hoppa over, så no er det gjort, og eg har fri resten av veka. I morgon skal eg på trening og då vil ho også sjå på handa mi. 

Eg går stort sett med lerreim, men no når eg vaska tok eg den av og eg trur ikkje det vart noko verre. Det er vanskeleg å vite kva som er best, men no har eg ikkje vondt , så då er det OK. Det gjeld ikkje berre handleddet, men heilt opp i skuldra er det vondt- eg skuldar på stikkinga.

Strikking har eg lagt vekk for ei stund, så då vil eg prøve å lese litt i staden; eg er nesten heilt slutta å lese bøker. Og det synest eg er veldig dumt.

Eg fekk melding frå Marit i dag, ho er på sjukehuset og der får ho både god hjelp og god mat- kor lenge ho blir der veit eg ikkje.

Eg håper at det ikkje blir kaldt igjen  med det første, for det er enno litt for mykje is og snø her og der. Men det stod noko om regn for ei stund sidan,her på PC-en.





 

søndag, januar 11, 2026

Dagbok 2026: 11,januar

                          Slik er utsikta frå trappa akkurat no
 

Klokka er no 17.10, og til mi store glede har gradestokken klatra opp på +4-5 grader, men så får vi litt regn og vind i staden,

Eg har fyrt i omnen på stova i heile dag, det er rart med det at når ein er åleine treng ein meir oppvarming. Men i dag fann eg att ei kasse med ulltrøyer et cetera som var gått ut på dato, dvs ubrukelege, så dei fyrte eg med på føremiddagen, så fekk dei varme meg for siste gong.

Eg har gått her og tutla mest åleine i dag, men eg har no TV-en og i dag har eg ikkje sett Trump, for det vil eg helst unngå-men han kjem vel att.

Venninna mi som eg brukar å vere mykje i lag med vart innlagt på sjukehuset i går, men det går visst bra med henne. Håper i alle fall det- Eg har i mange år brukt å gå tur på Fonnvernet nesten kvar dag. No er det lenge sidan eg har vore der, for eg fekk ein vond fot, som gjorde at eg ikkje kunne gå så mykje. Håper foten kjem seg slik at eg kan vere meir aktiv, for det treng eg.

Eg har rydda bort nesten all julepynten, syntest jula var så kort i år. I veka som var fekk vi ikkje full trening fordi det var for kaldt, så no håper eg vi få ei meir aktiv veke. Men mest av alt håper eg på mykje sol når den kjem langt nok ned. Eg skal ha sol inn i stova mi ca 18.januar- og då er vi ferdige med den verste vinteren. Eg likar ikkje vinter og snø og kulde, men det går som regel bra.

Dagbok 2026: 10.januar


Dette bildet tok eg i dagmorgon rett etter at eg hadde stått opp, det var nesten sol i aust.

Klokka er no 19.31og på trappa har vi 8 minusgrader, det har vore ein fin, men kald dag, synd vi ikkje har fått sola enno, for no kunne vi trenge den.Men heldigvis har vi ikkje fått meir snø.
Eg låg på datarommet sist natt også, her er det ikkje så kaldt som på soverommet, så eg kjem til å halde meg her så lenge det er så kaldt-.
Men då det leid på dag kveikte eg i omnen på stova attåt at varmepumpa står på, så no er der godt og varmt. Eg har nett sete og sett eit preogram som eg hadde sett før-om Bjørn Eidsvåg. Elles er eg redd for å sette på TV-en -redd for at
 TRUMP skal vere der.
Eg hadde tenkt at viss eg fekk ut bilen skulle eg ta ein tur på butikken, for å kjøpe meir mat -og for å sjå folk. Spørsmålet var om eg kunne få bilen opp på vegen utan å moke, for det har kome ein del snø sidan sist og den ligg no der.
Eg rygga ut av garasjen og kom nesten opp på vegen ved første prøve, og då eg prøvde for andre gong fekk eg meg fint opp. 
Det var kjekt å komme seg ut litt og på butikken trefte eg fleire eg kjenner, som eg prata med. 
Eg var ikkje så sikker på kva eg skulle ha, men eit kvart til middag i alle fall. Det blei norsk grønsaksuppe med svenske kjøttbollar. Det var ikkje så veldig godt-men godt etande. Eg forstår ikkje at det iikkje går and å lage meir velsmakande  mat på fabrikkar. Men eg blei mett, så då er det greit, litt kaffi og småkaker til dessert og så vart det på med TV-en der var eit program som eg hadde sett før, men eg såg det gjerne om att. Det var om Bjørn Eidsvåg.

Eg har fyrt i omnen heile ettermiddagen, eg var så heldig at eg kom frampå ein sekk med store gode kubbar, så eg har hatt det varmt og godt, Å ha det varmt er det som eg er mest opptatt av når det er vinter. Eg hatar å fryse. Derfor er det bra å ha dette rommet som eg kallar datarommet , her blir det fort varmt fordi eg har ein "laus" elektrisk ovn som varmar opp på ein augneblink. 
Eg tok ikkje fredagsvasken på fredag, og ikkje har eg tatt den i dag, men eg er her no ålene så det er vel ikkje så stort behov.




 

fredag, januar 09, 2026

Dagbok 2026: 9.januar


 Klokka er no17.30,temperaturen ute er + 2 grader C og det er noko heilt anna enn det vi har hatt siste dagane. Det er såpass mildt at ein godt kunne ha vore ute, men eg synest det er litt for glatt, og så er det ikkje så godt moka over alt. Eg kunne godt ha moka litt sjølv om det ikje var for problemhanda mi -den høgre. Eg har aldri vore borti noko liknande før, og det er vanskeleg å forklare. Men så snart som handa har vore i ro ei stund er det som om den sovnar og blir ubrukeleg. Då må eg sette meg til å kna den så lenge at den livnar til att. Særleg gale er det om morgonen, då kan det ta timar før handa er brukbar. Eg går med bind rundt handleddet, og smørjer salve på. Når eg får liv i handa kan eg gjere ganske mykje, og i dag har eg rydda bort heile jula- nesten. Det har vore så mykje betre i dag for det har vore mindre kaldt og eg har ikkje fyrt så mykje, men viss eg skal fyre meir i dag, må eg ut i garasjen og det går bra no,sjølv om det ikkje er moka.

Eg har ikkje så mykje å fortelje, for eg har vore her åleine og då skjer det ikkje så mykje. Men eg har TV og det er både godt og gale. I går trudde eg at Trump var heilt sprø-og det trur eg no framleis. Han meiner at det var han som skulle ha fått Nobelprisen i år, ja, eigenleg skulle ha n ha hatt 8 (eller var der 5?) Nobelprisar fordi han hadde avverga ) krigar; Eigentleg burde han ha fått det, så kanskje han kom ned att på jorda. Eg må seie at den karen øydelegg for mange -også for oss vanlege menneske som ikkje er så mykje råka-enno.

Det var så fint her i dag med sol i fjella, så det var fristande å gå tur ute, men eg er litt forsiktig med kva eg gjer når eg har den vonde handa, men eg har no piggsko, så viss det blir fint i morgon også, så må eg komme meg ut, og kanskje må eg på butikken. 

I dag er det den 9.januar, og i min barndom var det då jula slutta. For då hadde søskenbarnet mitt  fødselsdag. Dei budde på Eid den tida så då vart det juletrefest hos tante. Eg ser på FB at der ligg gratulasjonar til John Per, men han er død for ei tid sidan. Der er også andre som får gratulasjon etter sin død. Det må ver vere dei "pårørande" som ordnar opp i dette.

                                Det er så fint når sola skin i fjellsidene.
Eg ser no at det står minus 8 på PC-en, så då må det ha kjølna mens eg har sete her.


 

torsdag, januar 08, 2026

Dagbok 2026:8.januar


Klokka er no17.21, temperaturen på trappa er ca minus 9 grader C, og snøen daler ned.Det var ikkje det eg ønska meg, men det er sikkert mange som vil ha rikeleg snø.viss den berre får ligge i ro ei lita stund. Eg likar ikkje snøen av den gode grunn at eg ikkje kan moke tunet mitt ein gong. Eg hadde vondt i høgre handleddet og no har det spredd seg oppover i armen ogs . Eg går med ei støtte på handleddet , men no har det spreidd seg opover i armen-truleg fordi eg har vore så aktiv i dag.

Då eg skulle til å fare på treninga i dag, fekk eg melding om at det ikkje vart trening.så då måtte eg finne på noko anna, Og det var ikkje vanskeleg for eg ville gjerne begynn å ta ut "Jula". Eg jobba på i fleire timar med å ta ned vindus-stjerner og anna pynt. og pakke ned og sette ned att i kjellaren, det var mykje meir arbeid enn eg hadde tenkt. Men no er det gjort. Ikkje alt er vekke enno, det er mykje att, men vi kan no ha litt JUL enno ei stund.

Det eg ikkje hadde følgt så nøye med på var veret så eg fekk eit lite sjokk då eg såg all snøen, men eg kan ikkje gjere noko med den, den få legge seg ned så lenge.

Eg var så dum at eg sette på TV-en etter ei stund og der var det ikkje så mykje kjekt. Kunne dei ikkje berre ha gitt TRUMP fredsprisen , så hadde han kanskje helde fred ei stund. Eglikar ikkje alt dette pratet om krig. For KRIG vil vi ikkje ha.




 

onsdag, januar 07, 2026

Dagbok 2026: 7.januar

 

                                                  Så fint og fredeleg er det her no


Klokka er no16.41,temperaturen ute er minus 12 graderC, eg var nettopp ute og såg etter, og eg tok nokre bilde. Då eg kom inn att såg eg at eg ikkje hadde sendt av garde bloggen i går. Men eg har sendt den no.

Eg har ikkje så mykje å skrive om i dag, det er to ting som set meg litt ut -det er kulden og Trump &Co  Eg er redd for krig, panikk er vel rettare. Eg blir heilt skipla når dei begynner å snakke om krig, eg trudde folk etter kvart ville forstå at det ikkje er med krig ein løyser problem. Og Trump som ville ha  fredsprisen, han er ikkje særleg fredeleg.

Eg prøver å halde meg litt borte frå TV-en, men det er heller ikkje så enkelt. I dag har eg vore heime åleine, stort sett, og konsentrert meg om å halde varmen. Sist natt låg eg her på datarommet mitt, fordi her er varmare enn på soverommet. Det gjekk fint, og eg har vore her mykje av dagen også, men eg har fyrt opp i stova og sett TV og laga middag etc.  MIddagen var restar som eg varma opp. Det er ikkje så mykje eg får gjort når eg går med "bandasjert" høgrehand, Men det er godt å ha der noko- I morgon skal eg på trening igjen,så då skal eg få fysioterapeuten til å sjå på handa mi. Eg har salva den også, så eg har ikkje vondt eigentleg. Men det er ikkje alt eg kan gjere, kan for eksempel ikkje vaske så mykje. Det er no sytalaust når eg ikkje skal på jobb t.d. eg kan no gå her og tusle med ei låk hand utan at det går ut over andre. No kom eg på at eg må sette på ein klesvask, oppvasken er ferdig no og så skal eg fyre i stoveomnen og sjå TV resten av dagen, kanskje- Eg ønsker meg to ting: fred på jord og meir varme.

Dagbok 2026:6.januar


 Klokka er no18.15, temperaturen ute er  minus 12 grader C, og det har den vore i heile dag, trur eg- Kulde er det verste eg veit, men eg må innrømme at det var vakkert ute i dag, og så er sola på veg nedover til oss, om eit par veker kan ho skine inn til oss, men då har det vel skya over-eg er pessimist, som vanleg.

Eg sov ikkje så godt sist natt, det var litt kaldt og så verkte eg i handa. Men eg kom meg no opp og ut, og køyrde ned på "treninga"-ikkje for å trene, men for å høyre med fysioterapeuten kva eg skulle gjere med handa mi. Ho sa akkurat det eg hadde tenkt, at eg måtte på på apoteket og få noko å ha rundt handleddet. Eg hadde ein slik før , av ler, men den eg fekk no var annleis. Men den er god å ha på seg,og den hjelper no litt. Så skal eg smørje handa med salve, og den salven har eg på lager. Problemet er å få til å gjere det-eg har berre ei ledig hand. Men eg får no hjelp om eg treng det.

Eg handla litt på heimvegen, men eg angra litt på at eg ikkje hadde sett bort på grava korleis der såg ut no, eg skulle kanskje ha rydda vekk litt. Men eg skal no ned att på treninga på torsdag, skal trene føtene om ikkje anna. Dei treng faktisk trening dei også no når eg ikkje går ute.

Her heime har det ikkje skjedd mykje i dag; eg laga meg eit måltid med skiver og kjøttpålegg og så fann eg fram resten av sjokoladen eg fekk til jul, så no er der ikkje mykje att.

Eg har hatt varmepumpa på full guffe i dag attåt at eg har fyrt i omnen. Er det noko her i verda så eg det kulde. Eg frys i hel så snart tempen er under 20 grader. Hadde eg vore litt yngre kunne eg ha vore i syden denne tida.

I går begynte eg å sjå ein serie på NRK om eit bryllaup i Sameland, og i dag såg eg resten. Det var ikkje slik dei hadde det i sameland, trudde eg. Eg har forresten vore i Kautokeino , men då var det sommar. Litt interessant var det no å sjå korleis dei feirer btryllaup der oppe.

I morgon veit eg ikkje kva eg skal styre med, men eg kan no halde fram med å leite etter ulltrøyene mine.

             Om to veker kan vi ha sol i Starevegen om det er opplett då


mandag, januar 05, 2026

Dagbok 2026: 5.januar


 

Klokka er no 19.40, temperaturen ute er minus11-12 grader C, og eg som trudde at det var slutt med slike temperaturar her hos oss etter ein svært mild førjulsvinter.

Her eg sit er det altfor varmt, sidan eg hadde gått frå omnen her utan å slå den av, PÅ stova står varmepumpa på, og eg fyrer i omnen. Eg likar ikkje kulde, så eg håper på mildare dagar.

I dag hadde eg tenkt å begynne så smått å kaste ut jula,dvs, rydde vekk julepynt. Men så syntest eg det var litt brutalt, så pynten får stå litt til. 

I staden rydda eg og vaska i kjøleskapet før eg fann nokre restar og laga pannekaker til meg sjølv. Og så var eg ein tur opp til Marit og drakk kaffi.

Då eg kom ned att til meg sjølv begynte eg å leite etter den kassa med ull-trøyer etc. som eg ikkje kan finne att. Eg veit kvar den var, men hugsar at eg rydda den vekk-men KVAR. Eg har leita med lys og lykter utan å finne plast-kassa der dei låg. Vore innom alle skuffer og skap utan å finne også..

Sist natt låg eg i ro på soverommet, eg hadde sett på varmeteppet i god tid, og sett ein liten omn inn for å få opp tempen i rommet i rommet før eg la meg. Det gjekk fint og eg sov godt. NB: Eg hadde ikkje omnen på om natta, berre før eg la meg.

No har eg sete og sett nyheiter, det burde eg ikkje ha gjort, for det er ikkje gode nyheiter vi får, ikkje så lenge Trump styrer på slik han gjer. Han blandar no seg opp i alt muleg også. Han har kanskje gode intensjonar men handlar heilt på eiga hand ser det ut til. Eg trur eg må slutte å sjå nyheiter.

Eg er ikkje sikker men eg trur eg skal på trening i morgon. Då må eg i alle fall kle godt på meg, for der er ikkje varmt. Handa mi har vore betre i dag, men så har eg ikkje brukt den så mykje heller.

Eg hadde så smått tenkt å begynne å fjerne julepynten,som sagt, men så fekk eg lyst å ha den litt til. Vi brukar å få att sola rundt den 18.januar-eg hugsar datoen fordi det er fødselsdagen til Håkon og då skal jula vere ute.

Håper at alle som er innom bloggen har det bra. Og at det nye året blir godt .

søndag, januar 04, 2026

Dagbok 2026: 4.januar

Klokka er 20.35, temperaturen ute på trappa er minus 8 graderC og månen lyser.

Sist natt var det så kaldt at eg ikkje orka å ligge på soverommet, men la meg her på datarommet der eg også har ei seng. Eg sov ikkje så godt og eg var låk i handa då eg vakna, så det var lite og ingenting eg fekk gjort, anna enn å fyre godt i omnen attåt at varmepumpa står på heile døgnet. Eg likar ikkje kulde, det er det verste eg veit-sjølv om det ser fint ut ute når ein  er inne i varmen. Sambuarane mine har eg sett lite til i dag, dei er vel ikkje så mange heller. Marit ville eg skulle komme opp til henne, men der er ikkje varmt nok for meg. Eg må ha temperaturar over 20 grader+ elles frys eg i hel. Eg hadde låkt i høgre handa heile føremiddagen, men då eg begynte å jobbe med noko, kom det seg litt. Eg har stort sett vore åleine i dag, men eg har no TV og datamaskin å sjå på.

Eg vurderer å begynne å ta ort julepynten i morgon, men det er nno kjekt å ha den litt til. Når ein begynner å pynte først i desember så blir det no lenge nok med julepynt. Eg hugsar før , då pynta vi juletreet julaftan før middag-og ein gong hadde vi juletreet heilt til februar. Og i min barndom var det juletrefestar langt ut i januar.

Eg reknar med å begynne på treninga kommande veke, kanskje alt tysdag, då får eg snakke med fysioterapeuten om kva eg skal gjere med handa mi; den er veldig ubrukeleg slik den er no, men det er ikkje så vondt berre eg har den litt i bruk.

lørdag, januar 03, 2026

Dagbok 2026; 3.januar


 Klokka er no19.08, temperaturen ute er minus 12 grader C, det har vore opplett og delvis skya i dag, Så veret har vore nokså fredeleg-ingen nyttårs-storm enno i alle fall.

Det var ein god og fredeleg dag heilt til eg sette på TV-en.At ikkje alt var som det skulle i Venezuela det visste vi no. Men at Trump ville gå så drastisk til verks det forventa eg ikkje. Ja, det skal bli interessant å sjå korleis dette går. EG ønsker berre ein ting:FRED på jord. Når ein sit åleine og ser på TV, så er det ikkje kjekt når slikt skjer. Ein kan ikkjel ate vere å tenkje på det heller. Og ingen ting kan ein gjere frå eller til. 

Elles har eg hatt ein heilt grei dag, var ein tur på butikken med bil i dag, det var kaldt og ikkje glatt. Då eg kom heim fekk eg melding frå Solveig om at ho og Øystein kom ein tur til Ørsta og då kom dei til meg også, og det var no kjekt. 

Solveig hadde tenkt seg på butikkar, men eg veit ikkje korleis det gjekk; Øystein kunne ikkje la vere å moke litt til meg. Eg sjølv greier ikkje å moke for eg har fått noko stryr i høgre handleddet, eg veit ikkje om det kjem av for mykje strikking eller for mykje datamaskin. Eg skal sjå om eg får tak i noko å ha på handleddet er har no hatt slike ler-reimar før. Eg har no brote begge hendene mine så dei har fått sitt. Men det er no bra lenge sidan ,då. Høgre handa braut eg i 1964, den venstre for to år sidan.

Etter at Solveig og Øystein hadde fare fekk eg ein ide om at eg skulle lage middag i dag, for eg fekk så lyst på brun saus, slik saus som eg lagar sjølv. Eg sette i gang med å brune osb. Det er ein ingrediens eg må ha i sausen min og det er solbærsaft, så det har eg alltid i kjøleskapet. EG har diverse mat i frysarane mine, men i dag tok eg like godt berre nokre pølser som eg hadde i kjøleskapet, poteter hadde eg også og frosne grønsaker. Det er ikkje ofte eg lagar så skikkeleg mat når eg er her åleine. Eg hadde til og med dessert : hermetiske ananas med krem.

Så var det å slå på TV-en igjen. Eg fyrer litt i omnen sjølv om eg har varmepumpa på. Eg likar varme når eg sit så mykje i ro, Men no blir det vel å begynne på trening igjen komande tysdag. Juleferien er slutt, den var så kort i år synest eg.

Håper det vert litt mildare etter kvart, og når vi kjem til slutten av januar kan vi få att sola.

fredag, januar 02, 2026

Dagbok 2026:2.januar


 Klokka er no 17.20, temperaturen ute er minus 8 grader, så no vart det vinter,ja. Det hadde snødd i natt, oe eg har ikkje moka trappa ein gong, men det er ein kvan som har tatt brøytekanten så eg kjem meg ut med bilen om eg vil. Men i dag ville eg vere heime og ta fredagsvasken slik at eg kjem inn i den gamle rutinen. Men det var kjemdumt å ikkje moke trappa. Til min unnskyldning kan eg seie at høgre handa mi ikkje er god. 

Jula for to år sidan gjekk eg med brota venstrehand, så då var det det .Det er handleddet på høgra handa som er vondt, og viss eg er i ro blir er det verre å komme i gang igjen, eg skuldar på strikkinga, men det er vel heller ikkje så bra å sitte og skrive på tastaturet slik eg gjer no. Akkurat no er eg ikkje så låk, men viss eg sit i ro ei stud, då er det vondt å komme i gang igjen. Ja, det er no ein bagatell i den store samanhengen. 

I dag har eg altså vore heime åleine heile dagen, eg har vaska, men julepynten skal eg ikkje ta bort enno. Eg har tatt fram nokså mykje julegreier og det må no få vere der ei stund til. Men i morgon må eg komme meg på butikk, for no minkar det på godene. Eg har snopa mykje i jula ,men det må eg slutte med no. Neste veke blir det vel å begynne på treninga igjen. Det blir sikkert bra, for eg kjem meg ikkje ut og gå så mykje.

I morgon må eg på butikken, men eg har ingen ting å bytte, for eg fekk berre fine, gode ting til jul. Men eg håper Solveig kjem ein tur snart, for der er ymse ting eg ikkje har fått til å ta i bruk, så eg treng litt hjelp av ekspertar.

Håper at dei som er innom bloggen min her har det bra i det nye året-

Dagbok 2026: 10.februar

 Klokka er no16.00, og sola skin som aldri før. Eg var ikkje budd på slikt ver i dag, trudde det var slutt på fineveret for ei stund. I dag ...